Hopp til innhold

Tre personar sikta etter angrepet på Sian-leiaren

Den islamfiendtlege gruppa Sian si markering i Bergen enda med vald frå motdemonstrantar, ein blødande Sian-leiar og omringing av politihuset.

SIAN aksjon

SKADA: Sian-leiar Lars Thorsen blei slått ned under markeringa i Bergen laurdag.

Foto: Eivind Senneset / NTB scanpix

SISTE: Politiet har sikta tre personar etter angrepet på Sian-leiar Lars Thorsen. Dette er tre menn i 20-åra.

Dei sikta vil ikkje bli framstilt for varetektsfengsling.

– Slik planen er no vil dei bli lauslatne i kveld etter at dei er avhøyrd, seier vakthavande jurist Arne Fjeldstad i Vest politidistrikt til NRK.

Politiet vil mellom anna gå gjennom bildemateriale og vitneutsegn. Dei ønskjer også å avhøyre Sian-leiaren for å avklare hans tilstand, men dette kjem ikkje til å skje i kveld.

Omringa politihuset

I alt 15 personar vart tekne for ordensforstyrring. Dei er i alderen 15-25 år.

Politiet omringa ein periode politihuset etter at kring 200 personar samla seg der, men har no trekt seg tilbake. Politiet møtte pressa kl. 17 etter SIAN-demonstrasjonen

Her kom det fram at 15 personar er tekne for ordensforstyrring.

– Dei er tekne av ulike årsaker. Nokre vil bli dimmiterte, nokre vil bli sittande lenger, fortel innsatsleiar Jon Endre Skeie i Vest politidistrikt under pressekonferansen til politiet.

At politiet brukte tåregass under demonstrasjonen, kommentere Skeie slik:

– Det skal eg ikkje kommentere no. Politiet har brukt verkemiddel av omsyn til både eigen og andre sin tryggleik, seier han.

Innsatsleiaren seier politiet etter kvart vil ta ein gjennomgang på om dei var godt nok budde, og av maktbruken under demonstrasjonen

Ekstra beredskap

Samlinga utanfor politihuset var ei forlenging av demonstrasjonane på Festplassen tidlegare i dag. Det er ikkje meldt om skadar på politifolk, opplyser Skeie.

– Situasjonen er at der er mykje ungdom samla utanfor politihuset, og politiet har ekstra beredskap. Det er etterverknader etter markeringa på Festplassen, sa operasjonsleiar Per Algrøy til NRK litt etter kl. 16.

– Det er roleg utanfor no. Vi har ressursar nok til å ta oss av det, legg han til.

SIAN aksjon

Ein blødande Sian-leiar Lars Thorsen blei hjelpt ut av politiet etter demonstrasjonen.

Foto: Eivind Senneset / NTB scanpix

Tidlegare i dag blei Sian-leiar Lars Thorsen slått ned under markeringa på Festplassen. Det var fullstendig kaos på plassen.

– Etter det vi kjenner til har kring 150 motdemonstrantar møtt fram, og dei braut etter kvart gjennom sperringane, fortalde Algerøy.

Sian-leiaren har sjølv lagt ut ein video på facebooksida si, som viser at han blør frå eit sår i hovudet etter demonstrasjonen.

NRK var ved 16.15-tida i kontakt med Lars Thorsen. Han var då i ferd med å forlate Bergen etter alt bråket.

– Det går etter forholda bra med meg, seier Thorsen.

Her blir SIAN-leiaren angrepet av motdemonstrantar. Foto: Alrik Vestvik/NRK.

Politiet brukte tåregass: – Ikkje greitt

Politiet tok i bruk tåregass og fleire blei arresterte. Fleire av motdemonstrantane skuldar politiet for å gå unødvendig hardt til verks.

– Dette er noko eg ikkje kan kommentere no, og må kome attende til, seier Algerøy til NRK.

Tåregass

TÅREGASS: Ein motdemonstrant sprayar vann i auga på ein gut etter at politiet brukte tåregass for å få kontroll på situasjonen.

Foto: NRK

Det skal ikkje ha vore organiserte motdemonstrantar som gjekk til angrep. Det var nokre ungdommar som kom springande frå sida og slo ned Thorsen. Han verka omtåka og låg nede på bakken i nokre minutt før han reiste seg.

– Det eskalerte veldig brått, og det var dumt. Men eg synest ikkje det er ok at politiet brukar tåregass, eg tenkjer det var enkeltpersonar som gjekk for langt og ikkje alle som fekk tåregass på seg, seier Liv Kathrine Gutal til NRK som var med på motdemonstrasjonen på Festplassen i Bergen.

Motdemonstranter

IKKJE OK: Motdemonstrantar meiner politiet overreagerte.

– SIAN ønsker å provosere, så klarte dei å provosere nokre unge, frustrerte og sinte menn. Det har ingenting med kva vi motdemonstrantane vil seie til SIAN, og det klarte ikkje politiet å handtere. Det er ikkje greitt å masse-spraye masse barn og unge, seier Stein Olav Paulsen.

Motdemonstrantane skal ha kasta egg, stein og stokkar mot politiet.

Sian har no valt å avslutte markeringa, og har pakka ned utstyret sitt, ifølgje politiet.

SIAN demonstrasjon i Bergen
Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK
Den islamfiendtlige gruppen Sian sin markering i Bergen endte med vold fra motdemonstranter og en blødende Sian-leder.

Skaper bråk

Det er ikkje første gong ein Sian-demonstrasjon skaper bråk. I slutten av juni hagla det med tomatar, egg, kasserollar og flasker mot Sian-leiar Lars Thorsen då han skulle tale på ei markering på Mortensrud i Oslo.

SIAN aksjon

OPPTØYAR: Fleire ungdom brat ned sperringane til politiet i Bergen laurdag.

Foto: Eivind Senneset / NTB scanpix

– Markeringa på Mortensrud er no avslutta. Politiet måtte gripe inn for å halde oppe ro og orden på staden. Ingen personar er melde skadde, ei heller arresterte, melde politiet då.

15. august måtte politiet avslutte ein Sian-demonstrasjon på Furuset i Oslo etter at inntil 50 motdemonstrantar hadde skapt oppstyr. Éin person vart arrestert.

Demo i Bergen

Politiet måtte gripe inn då motdemonstrantar aksjonerte mot Sian-markering.

Foto: Roy Hilmar Svendesen / NRK