Hopp til innhold

Opptil halv pris på flyrutene i distrikta

Regjeringa varslar at dei vil redusere billettprisane og styrkje rutetilbodet på FOT-rutene.

Widerøe på Tromsø lufthavn

FOT-RUTENE: Regjeringa vil styrke flyrutetilbodet i distrikta. I FOT-utlysingane, som kjem seinare i vår, vil ein gjennomføre fleire tiltak.

Foto: Jan Harald Tomassen / NRK

Billettprisen på dei såkalla FOT-rutene går ned med opptil 50 prosent frå 1. april neste år.

Endringa vart annonsert på ein pressekonferanse på Gardermoen onsdag morgon.

Dei regionale flyrutene er ein viktig del av samferdselstilbodet i distrikta. Derfor har Regjeringa vedteke å styrkje rutetilbodet og redusere billettprisane i dei komande FOT-utlysingane med avtaleoppstart i 2024, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Ei FOT-rute er ein avtale der staten betalar eit vederlag for at flyoperatørar skal ta på seg ruter som blir elles ville gått i minus.

Målet med ordninga til sjuande og sist å gjere det mogleg å bu i heile landet, utan for mykje «rekkeviddeangst».

TwEl-Dgwcqc

– Lågare prisar vil betre kvardagen for mange på Vestlandet og i Nord-Noreg. Det er mange som er avhengige av kortbanenettet, anten det er bedrifter, pendlarar eller folk som skal besøkje familie, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Eit gryande flyopprør

FOT-rutene har brei politisk forankring på Stortinget, men ordninga er kritisert for å vere underfinansiert og rigid.

Det er mellom anna ingen familierabatt på strekningane, og passasjerane må betale flypassasjeravgift, moms og ei CO2-avgift som få andre land har på innanriks fly.

Dei nye FOT-rutene kjem mot eit bakteppe av «eit gryande flyopprør» i distrikts-Noreg, som har vore til politisk sjenanse for Støre-regjeringa.

I Hurdalsplattforma varslar regjeringa at dei vil halvere prisane på fleire av avgangane på kortbanenettet, etter eit initiativ frå Senterpartiet.

NRK har tidlegare skrive at prisane i staden har gått opp, og at talet på sete kjøpt av staten på FOT-rutene til og frå Helgeland er redusert med 7 prosent.

Samtidig er talet på tilgjengelege flysete på kommersielle ruter mellom Bodø og Tromsø for alle flyselskap redusert med 33 prosent samanlikna med februar 2019.

Morten Stordalen (Frp) seier at regjeringa «tek med den eine handa, og gir med den andre». Han viser til «Vedum-kvoten» i Luftfartsmeldingen, der taxfree-ordninga blir innskrenka.

– Det er positivt at dei halverer prisane, men det er eit stort men er.

Les også Senterpartiet skulle halvere flyprisane – i staden blir dei høgare

Widerøe, Hovden

Ein stor seier for folk og næringsliv i distrikta

Ein stor seier for folk og næringsliv i distrikta, seier Erling Sande (Sp), som er leiar i Transport og kommunikasjonskomiteen på Stortinget og stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane.

Blant tiltak som tidlegare er varsla er elektriske fly på kortbanenettet.

Hovudmålet er å starte innfasinga på FOT-rutene seinast i 2028/2029. Men regjeringa ønskjer å leggje til rette for dette allereie til neste år.

Erling Sande

– Skal vi få til busetting og aktivitet i heile landet, så må også områda utanfor dei største byane satsast på. Lågare pris på flybillettane vil treffe folk og næringsliv og bidar til å styrke verdiskaping og bulyst, seier Erling Sande (Sp).

Foto: NRK

Det norske kortbanenettet dannar eit godt utgangspunkt for å ta i bruk ny teknologi, sa samferdselsministeren under ein pressekonferanse i januar.

Les også Regjeringen vil åpne for elektriske fly på kortbanenettet allerede fra 2024

I tillegg ønskjer regjeringa at Avinor skal arbeide for å oppnå fossilfri lufthamndrift innan 2030

I dag står den norske luftfarten for i overkant av 2 prosent av dei nasjonale klimagassutsleppa.

NRK forklarer

Hva er egentlig FOT-ruter?

Hva er egentlig FOT-ruter?

I Norge er de fleste flyrutene kommersielle. Det vil si at flyselskapene selv avgjør hvor og når de vil fly. Dermed settes det ikke opp flyruter hvor flyselskapene ikke tror de kommer til å tjene penger.

Hva er egentlig FOT-ruter?

For å sikre et godt flytilbud over hele landet, kjøper staten transport på flyruter hvor det ikke lønner seg å fly kommersielt. I all hovedsak finner man disse flyrutene på Vestlandet og i Nord-Norge.

Hva er egentlig FOT-ruter?

Disse flyrutene kjøper Samferdselsdepartementet etter en konkurranse mellom flyselskapene. I forbindelse med kjøpet pålegges såkalte forpliktelser til offentlig tjenesteytelse (FOT) på rutene. Her blir det stilt krav til billettpris, kapasitet, hvor ofte man skal fly og hvordan rutene skal flys.

Hva er egentlig FOT-ruter?

Normalt er det flyselskapet som tilbyr den laveste prisen for å fly, som får oppdraget. Og i perioden avtalen gjelder, får flyselskapet enerett på å fly rutetrafikk på flyruten.