Hopp til innhold

Senterpartiet skulle halvere flyprisane – i staden blir dei høgare

– Vi skal halvere flyprisane, sa Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum i juni. Denne veka la han fram eit statsbudsjett der flypassasjeravgifta er inne att.

Widerøe, Hovden

HOVDEN: Måndag la finansminister Vedum fram det justerte budsjettet til den nye regjeringa. Det inneheldt ingenting om billigare flybillettar.

Foto: Arne Flatin / NRK

I juni presenterte Senterpartiet ein plan for å senke billettprisane på norske flyruter.

– Målet er å halvere flyprisane, sa Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum til NRK.

Han kalla planen «ein kjempestor distriktssatsing som bind Noreg saman» og la til at kostnaden på 400–450 millionar kroner var «ein liten investering» målt mot for eksempel byvekstavtalene (80 milliardar kroner, journ.anm.).

Måndag la finansminister Vedum fram det justerte budsjettet til den nye regjeringa.

Det inneheldt ingen overføringar til billigare flybillettar.

I staden dukka flypassasjeravgifta opp att, etter å ha vore «sett i arrest» under koronapandemien.

Administrerende direktør i Widerøe, Stein Nilsen, og Senterpartiets leder Trygve Slagsvold Vedum i Bodø.

MANN MED PLAN: – Målet er å halvere flyprisane, sa Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum i juni. Måndag la han fram eit justert budsjett for 2022 der flypassasjeravgifta er inne att.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

– Avgifta ein hån mot Distrikts-Noreg

Flypassasjeravgifta på 84 kroner vart innført i 2016, til protestar frå mellom anna Arbeidarpartiet og Senterpartiet.

Arbeidarpartiet skriv på nettsidene sine at «flyseteavgifta har gjort det vanskelegare å halde oppe flyruter i distrikta».

Medan Sandra Borch (Sp) har omtala avgifta som «ein hån» mot Distrikts-Noreg.

I rapporten til Distriktsdemografiutvalet skriv Victor D. Norman, som leia utvalet, at «det er behov for å vurdere fleire verkemiddel for å betre flytilbodet i distrikta, inkludert auka statleg subsidiering av flyreiser».

Torbjørn Lothe, administrerande direktør i NHO luftfart, seier budsjettframlegget til den nye regjeringa peikar mot eit dårlegare flytilbod – «spesielt langs kysten og i Nord-Norge».

– I fleire år har Senterpartiet harselert med at flypassasjeravgifta er distriktsfiendtleg. No gjer dei det stikk motsette, seier han.

FOT-ruter er flystrekningar som ikkje er lønsame, og som difor vert sponsa av staten for å sikre eit godt flytilbod. Disse flyrutene er stort sett på Vestlandet og i Nord-Norge.

– Å halvere flyprisane i distrikta er god distriktspolitikk, men vil krevje mykje større bidrag gjennom FOT-regimet, seier Christian Kamhaug, som er tidlegare SAS-analytikar og i dag leiar podkasten Flypodden.

Torbjørn Lothe, administrerende direktør NHO Luftfart

DÅRLEGE SIGNAL: Torbjørn Lothe i NHO luftfart seier budsjettframlegget til den nye regjeringa peikar mot eit dårlege flytilbod – «spesielt langs kysten og i Nord-Norge».

Foto: NHO Luftfart

– Dei kom til dekka bord

I budsjettframlegget foreslår Støre-regjeringa å løyve 826,6 millionar kroner til FOT-rutene.

Det er det same som Solberg-regjeringa foreslo i sitt budsjett for 2022.

Stortingskandidat for Høyre, Bård Ludvig Thorheim, meiner han likevel er i posisjon til å kritisere regjeringa.

Han viser til at den nye regjeringa «kom til dekka bord» etter at Solberg-regjeringa i oktober mjuka opp konkurransereglane slik at prisen på FOT-rutene kan forhandlast på ny.

Han legg til:

– Vi brukte 1,3 milliardar kroner på å halde kortbanenettet i gang under koronaen. Om Senterpartiet ikkje har råd til å betale 400 millionar for å halvere maksprisen på FOT-rutene, så er det eit soleklart løftebrot.

Stein Nilsen, adm dir Widerøe

JA TAKK: – Lågare prisar er ein kjempegod nyheit for alle kundane som er avhengig av å fly ute i distrikta, sa administrerande direktør i Widerøe, Stein Nilsen, i april.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

– Rapport drukna i kraftigare tiltak

Solberg-regjeringa reduserte reiselivsmomsen til 6 prosent som eit mellombels krisetiltak i 2020, men sette sidan momsen opp att til 12 prosent.

Morten Stordalen representerer Frp i transportkomiteen på Stortinget. Han seier til NRK at det er viktig å ha med seg «at vi framleis står i ein pandemi».

– Trygve har vore flink til å møte selskapa i opposisjon. No viser han dei ryggen ved å innføre flypassasjeravgifta på ny. Dette rammer folk over hele landet.

SV, på si side, meiner flypassasjeravgifta er eit godt miljøpolitisk instrument.

– Vi er glade for at ho vert innført att, seier Lars Haltbrekken, stortingsrepresentant for SV.

Widerøe på Tromsø lufthavn

LØFTEBROT: Om Senterpartiet ikkje har råd til å betale 400 millionar for å halvere maksprisen på FOT-rutene, så er det eit soleklart løftebrot, seier Bård Ludvig Thorheim (H).

Foto: Jan Harald Tomassen / NRK

Må leve med kritikk

– At våre politiske motstandarar vil kritisere oss for ikkje å rekke alt på tre veker, får vi berre leve med, seier Geir Pollestad (Sp), i finanskomiteen på Stortinget.

Han presiserer at målet om halverte billettprisar står fast, men at «ting tar tid».

– Så vil eg gå i rette med dei som seier at vi innfører ei flyseteavgift. Vi innfører ikkje ei avgift, men vi greidde ikkje å ta ho ut.

Muntlig spørretime på Stortinget

SÅNN ER LIVET: – At våre politiske motstandarar vil kritisere oss for ikkje å rekke alt på tre veker, får vi berre leve med, seier Geir Pollestad (Sp), i finanskomiteen på Stortinget.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB