Hopp til innhold

Opplevde angst av pre-workout: – Ubehageleg og skummelt

Richard Solar (20) hadde problem med å sove og kjende på angst, uro og svimmelheit. Problema forsvann då han kutta ut trenings-kosttilskotet.

Richard Solar

ANGSTEN FORSVANN: Richard Solar (20) byrja å ta pre-workout etter at fleire av kompisane gjorde det same.

Foto: Fride Audunsdotter Westvik

Richard Solar (20) gjorde som mange unge gutar på hans alder. Han byrja å trene på treningssenter med kompisar.

Fire gonger i veka drog han på trening. Saman med fleire kompisar tok han også pre-workout (PWO), kosttilskotet som gir ein koffein-boost.

Før kvar trening tok han anbefalt dose med kosttilskotet. Men etter kvart byrja han å kjenne på ubehag, uro, svimmelheit og angst.

I tilegg byrja han å slite med søvnen.

– Det var ubehageleg og litt skummelt. Det var ikkje nokon god kjensle, fortel Solar.

Redd for å svime av

NRK fortalde tidlegare i februar om Oliver Kvebek som vart dårleg i magen og kasta opp av under trening då han brukte PWO.

Les også Oliver (21) kasta opp av treningstrenden pre-workout

PWO

Antidoping Noreg åtvarar mot produktet, og undersøking viser at over halvparten opplever biverknader.

Ein av dei største distributørane av PWO i Noreg, Proteinfabrikken seier folk må vere forsiktige og følgje anbefalte brukardoser (sjå tilsvar lengre ned).

For Solar tok det tid før han forstod at ubehaget hadde samanheng med trenings-kosttilskotet.

– Det stod ikkje spesifikt på boksen kva biverknadar den kunne gje, fortel 20-åringen som til dagleg jobbar med IT ved Førde vgs.

Han kjøpte kosttilskotet på ein butikk i Førde.

Han fortel at han kunne bli så svimmel at han vart redd for å svime av.

– Herregud, tenk om eg svimar av, tenkte eg.

Solar bestemte seg for å slutte med å ta pre-workout. Då forsvann angsten og uroa. I dag er han fri frå plagene.

Les også Advarer mot «Ronaldo-effekten»: – Overopptatt av sunnhet

fUZ9VKMzS4M

Psykolog: Eit utbreidd problem

Psykolog Bård Hafseng Børresen arbeider for Oslo Psykologen. Han har hatt fleire klientar hos seg som har opplevd angst og ubehag etter bruk av PWO.

– Dei har lurt på kva som er gale og ikkje forstått kor symptoma kjem frå. Ein av klientane mine var veldig nervøs før trening, og det var ikkje før vi gjekk detaljert gjennom kva han gjorde før trening at vi såg ein samanheng.

Bård Hafseng Børresen

Bård Hafseng Børresen har 17 år med erfaring frå privat psykologpraksis og har sett fleire tilfelle, der PWO har utløyst angst hos klientar.

Foto: Oslo Psykologen

– Eg er berre ein av mange psykologar og har sett fleire tilfelle, dette er nok kanskje meir utbreidd enn ein skulle tru.

Etter klientane hans slutta med PWO vart symptoma kraftig redusert.

– Det er ikkje gale å bruke pre-workout, men ein må vere bevisst på reaksjonar. Også kanskje sjå på alternativ til andre ting ein kan gjere for å betre presentasjonen på trening.

Trur mange tek for mykje

Men det er ikkje alle som kjenner på biverknadar av å bruke kosttilskotet.

Jesper Hammersvik (23) har brukt PWO i fleire år utan å kjenne noko.

No brukar han det dagleg før trening.

Jesper Hammersvik

Hammersvik frå Førde brukar kosttilskotet kvar dag, men har aldri kjent på biverknadar.

Foto: Kent Roger Engdal

Hammersvik har sjølv utvikla eit eige produkt, peveo.

– Folk reagerer ulikt på pre-workout. Nokon er til dømes allergiske mot beta-alanin, som kan føre til kvalme, kløing og prikking i huda. Det er det same som at nokon er allergisk mot nøtter og andre ikkje, seier Hammersvik.

Han meiner også at fleire som har dårlege opplevingar ofte startar med for høg dosering.

– Mykje av PWO har for høg dosering av koffein, då eg sjølv byrja med det visste eg ikkje heilt kva eg kjøpte. Eg tok to skeier og fekk nok i meg altfor mykje, seier Hammersvik.

Hans råd til dei som vil starte med produktet er å unngå produkt frå utlandet og starte med små doseringar og auke gradvis.

Les også Unge velger treningssenter fremfor organisert idrett: – Større muskler er en stor motivasjon

Treningsgutter Arendal

Tviler sterkt

Kosttilskotet PWO finst i mange variantar frå ulike produsentar. Proteinfabrikken er ein av dei største distributørane i Skandinavia.

Produktansvarleg Egil Berli-Johnsen i Proteinfabrikken seier han ikkje vil tale i mot nokon si oppleving, men stiller seg tvilande til at koffein kan gi angst, og meiner det heller er snakk om angstliknande symptom.

Egil Berli-Johnsen
Foto: Fredrik Bye / Privat

– Folk har ulik toleranse for koffein, ein må tenke sjølv og regulere eige inntak, seier han.

Bergli-Johnsen er ikkje kjent med angstsymptom knytt til PWO, men er ikkje overraska over at kosttilskotet blant anna kan føre til dårleg søvn.

Doseringa frå leverandørane deira er anbefalingar for ein gjennomsnittleg person.

– At nokon kan vere sensitive og ha ein kraftig respons, er fullt mogleg. Om ein veg mindre eller er meir sensitiv, må ein bruke stimulerande middel varsamt.

Hei

Har du tips eller innspel til denne saka eller andre saker eg burde sjå på? Send meg gjerne ein e-post!

Les også Thor-Harald dusjar i iskaldt vatn for å få energi

Thor-Harald Lindblom (17)