Hopp til innhold

Oliver (21) kasta opp av treningstrenden pre-workout

Fleire tek store dosar med koffein for å prestere betre på trening. Over halvparten av dei som har prøvd pre-workout har kjent på biverknadar.

PWO

Oliver Kvebek (21) trenar fleire gongar i veka. Etter han hadde høyrt frå andre at pre-workout ville gje betre effekt på trening, ville han også prøve seg på den høge dosen med koffein.

Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRK

– Du blir meir våken og får kribling i kroppen. Men eg vart dårleg i magen og kasta opp under treningsøkta, seier 21 år gamle Oliver Kvebek som trener fem dagar i veka.

Kosttilskotet pre-workout/PWO er full av koffein for å gje meir energi på trening. Fenomenet har vakse på sosiale medium der unge vert påverka av treningsinfluensarar.

Men Antidoping Noreg åtvarar mot bruken.

Ifølgje stiftinga har 54 prosent av dei som har prøvd PWO opplevd biverknadar.

Kløing og prikking i huda, hjartebank, kvalme eller svimmelheit er det vanlegaste. Det viser ei undersøking frå 2019.

Biverknadene kan komme av ingrediensane, men kan også ha noko med korleis produktet brukast.

– Eg klarar meg heilt fint utan. Du får ikkje noko meir effekt synest eg, ein kan berre drikke energidrikke, seier Kvebek.

PWO

Oliver Kvebek (21) og Leo Alexander Gilje (20) studerer saman og er ofte på treningssenteret.

Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRK

Bekymra for konsekvensane

Forskingssjef for Antidoping Noreg, Fredrik Lauritzen seier at pre-workout er eit produkt unge ikkje bør bruke.

– PWO er eit blandingsprodukt der det er vanskeleg å vite kva du får i deg av ulike stoff, seier han.

Reglane i Noreg er strenge, men det er mogleg å bestille kosttilskot på nett frå utlandet.

Fredrik Lauritzen

– Det har mykje å seie kor ein kjøper kosttilskot frå. Kosttilskot kjøpt i utlandet, eller på nett har høgare risiko for innhald av dopingmiddel enn produkt som er kjøpt i Noreg, seier Fredrik Lauritzen i Antidoping Noreg.

Foto: Thomas Bjørnflaten / Antidoping Norge

Antidoping Noreg har ein eiga gratis chatteteneste der alle kan sende inn spørsmål anonymt.

– Vi får ofte tilvisingar frå unge som vurderer å starte med kosttilskot som PWO og lurer på om det er trygt, seier Lauritzen i Antidoping Noreg.

Andre populære kosttilskot er kreatin og proteinpulver. Men berre PWO har høgt innhald av koffein. Det finst mange ulike typar og merker på marknaden.

Lauritzen seier det er lett å ta mykje av koffeinpulveret.

– Kosttilskotet har eit høgt innhald av koffein og det er enkelt å ta ei ekstra skei. Ein har derfor ikkje same kontrollen på kor store mengder koffein ein får i seg.

– Koffein vil gje ein oppkvikkande effekt i starten, men over tid vil ein utvikle toleransen, som gjer at ein må auke doseringa.

Det er i dag ingen lovpålagt aldersgrense for kjøp av energidrikke i Noreg.

Stortinget har bestemt at det skal bli 16 år aldersgrense for kjøp av energidrikk. Men det er ikkje bestemt når aldersgrense vert innført.

Forbrukarrådet har på si side uttalt at grensa bør vere 18 år.

I mellomtida kan butikkane setje eigen aldersgrense på sal av energidrikk.

– Det er mange som tar det

Kristine Mjåseth (22) jobbar som sjukepleiar og trenar fleire dagar i veka. Det har ho gjort i seks år.

Ho har også prøvd koffeinpulveret, men held seg for det meste til energidrikke på trening.

PWO

Kristine Mjåseth (22) trur fleire unge lett kan bli påverka til å ta PWO før trening.

Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRK

– Det er mange som tar det og eg trur mange kan bli påverka av sosiale medium, seier Myrseth.

Om ein søker opp emneknaggen #preworkout på TikTok har den åleine over 400 tusen innlegg.

På Instagram har den same taggen 5,4 millionar innlegg.

#preworkout
#preworkout

– Sjølv har eg sett treningsinfuenserar på TikTok og tenkt på å kanskje starte med det igjen, seier 22-åringen.

– Vi følger sjølvsagt krava

På proteinfabrikken.no er anbefalt døgndose 6,25 g med koffeinpulveret.

– Desse produkta appellerer mest til store gymbros, seier Egil Berli-Johnsen, som er produktansvarleg for Proteinfabrikken AS.

– Doseringa som står på boksen er dosering rekna etter ein normalvektig. Om ein ung og litt lettare person tek dette, så kan ein ta for mykje. Det er viktig å vere obs på, det er berre ein doseringsanbefaling som står på boksen, seier han.

Han seier at det er betre å ta tran enn PWO.

– Kvifor sel dykk det då?

– Det kjem berre frå marknaden, pre- workout har etterspurnad. Men reglane for dette kosttilskotet i Noreg er strenge og vi følger sjølvsagt krava.

Egil Berli-Johnsen

– Desse produkta appellerer mest til store gymbros, seier Egil Berli-Johnsen, som er produktansvarleg for Proteinfabrikken AS.

Foto: Fredrik Bye / Proteinfabrikken AS