Hopp til innhold

EU-kommisjonen foreslår pristak på russisk gass: – Vil vere ein utruleg dum avgjerd

EU-kommisjonen foreslår ein makspris på russisk gass som importerast til unionens medlemsland. – Då bryt vi alle olje- og gasskontraktar, svarer Russland.

EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen

PRESIDENT: Ursula von der Leyen tilrår eit pristak på russisk gass.

Foto: JOHN THYS / AFP

Ursula von der Leyen, som er president i EU-kommisjonen, møtte pressa onsdag ettermiddag.

Der varsla ho at EU vil tilrå eit pristak på russisk gass saman med andre tiltak, mellom anna eit obligatorisk kutt i straumforbruket i rushtida.

– Vi må kutte inntektene som Putin bruker til å finansiere denne forferdelege krigen, sa ho.

EU har lenge varsla ei innblanding i straummarknaden, ei nødreform, for å dempe prisstiginga på kraft.

Signala vil likevel vekke reaksjonar i Moskva.

President Vladimir Putin sitte ved skrivebord

President Vladimir Putin trugar med å bryte alle avtaler.

Foto: Mikhail Klimentyev / AP

Moskva reagerer

Onsdag føremiddag gjorde president Vladimir Putin det klart at Russland kjem til å ignorere inngåtte olje- og gasskontraktar om Vesten innfører eit pristak på gass. Det melder Reuters.

– Å avgrense prisane vil vere ein utruleg dum avgjerd. Vi vil ikkje levere noko i det heile tatt viss det er i strid med våre interesser, i dette tilfellet våre økonomiske interesser. Det betyr ingen gass, ingen olje, ikkje noko kull, ingen fyringsolje, ingenting, sa den russiske presidenten.

Måndag stoppa Gazprom all gasstilførselen til Europa på ubestemd tid.

Selskapet melde først om tekniske problem, men i går uttalte Dmitrij Peskov, Putins talsperson, at det er dei vestlege sanksjonane mot Russland som er den reelle årsaka.

Energiministrane til EU-landa samlast til hastemøte om energikrisa på fredag.

Der vil dei venteleg diskutere prisgrenser på gass, ifølgje nettstaden Politico.

16p8HnilPrU

– Det er i Noregs interesse at vi reduserer uroa til våre allierte og partnarar, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Det er i Noregs interesse at vi reduserer uroa

Straummarknaden fungerer slik at det er den dyraste produksjonsforma som set prisen for heile marknaden, og den dyraste produksjonsforma er gass.

Lågare gasspris er difor ein nøkkel til å få bukt med den enorme prisveksten på straum.

– Det er i Noregs interesse at vi reduserer uroa til våre allierte og partnarar. Så Noreg stengjer ikkje døra for nokon slike diskusjonar, sa Jonas Gahr Støre til Financial Times denne veka.

Uttalen vart tolka som at han opna for å diskutere fastpris på gass.

Det er ein justering av bodskapen frå august då olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) sa til NRK at regjeringa ikkje har vurdert å innføre eit pristak på gassen.

Sjølv om det skal mykje til for at EU grip direkte inn i energimarknaden, står Equinor og andre som sel gass fritt til å inngå langsiktige avtalar til prisar dei sjølv definerer.

Og det er til Equinor at statsministeren sender ein helsing:

Det er Equinor og liknande aktørar som må vere ansvarleg for å lage kortsiktige og langsiktige avtalar med kundane sine i Europa.

Equinor: – Vi er alltid opne for å diskutere

Talsperson i Equinor, Magnus Frantzen Eidsvold, sa i august at deira prioritet var «velfungerande marknader og fri prisdanning», og at eit pristak «kan forsterke ubalansane i energimarknaden».

Til Financial Times uttrykkjer Equinor-sjef Anders Opedal seg litt mindre avvisande:

– Vi er alltid opne for å diskutere ulike ordningar for gassforsyning, dette inkluderer også langsiktige gassforsyningskontraktar, seier han.

Ein ringerunde til Stortinget viser at støtta til makspris er størst hos MDG og Raudt (sjå under).

Tal frå august viser den norske staten tente 634 milliardar kroner i andre kvartal. Det er meir enn nokosinne.

Og nyleg melde Dagens Næringsliv at Noregs Bank aukar kronesalet til 3,5 milliardar kroner om dagen, som følgje av dei høge olje- og gassinntektene.

Samsending med P2.

Statssekretær Andreas Bjelland Eriksen (Ap) i Olje- og energidepartementet, sa i Politisk Kvarter at dei norske gassinntektene i 2022 kan bli 1500 milliardar.

Appell til «demokratiske, vennlege og pålitelege Noreg»

Desse «krigsinntektene» (som tidsskriftet Time skriv) har i sin tur skapt press om at Noreg må innføre meir «solidariske gassprisar».

I ein mykje omtala appell til «demokratiske, vennlege og pålitelege Noreg» har den britiske avisa Financial Times hevda at norske styresmakter no har strategiske så vel som moralske grunnar til å kome Europa til unnsetning.