Hopp til innhold

Frp vil justere ned norsk klimamål

SV varslar omkamp om den omstridde oljeskattepakka, men berre Frp vil gå tilbake på kravet om at oljenæringa skal halvere utsleppa.

Utsira

HÅRETE: Frp meiner at «ei realitetsorientering» krev at 50-målet i oljeskattepakka vert justert ned til 40 prosent.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Sommaren 2020 vart Stortinget samde om at olje- og gassindustrien skal redusere utsleppa med 50 prosent innan 2030.

Målet var ein del av oljeskattepakken, som vart vedteken etter ein kortvarig prosess med «intens lobbyisme» og «dramatiske forhandlingar» på Stortinget.

Kort tid i førevegen (febuar 2020) lanserte olje- og gassindustrien si eiga målsetting om å redusere utsleppa med 40 prosent innanfor det same tidsrommet.

No seier Frp, som var med på å vedta oljeskattepakken, at 50 prosent-målet er «forhasta» og «hårete», og at «ei realitetsorientering» krev at målet vert justert ned att til 40 prosent.

Også frå anna hold vert det mumla om «grønvasking» og at 50-målet oppmuntrar til lettkjøpte «quick fiks-løysingar» med kort levetid og låg samfunnsnytte, medrekna elektrifisering av sokkelen med landstraum.

I tillegg kjem spørsmålet om kostnader.

Anslaget frå næringa er at ein utsleppsreduksjon på 40 prosent vil koste rundt 50 milliardar. På spørsmål om kva som er meirkostnaden ved å heve målet med 10 prosent, svarer Olje- og energidepartementet at det veit dei ikkje.

Det er ikkje greia ut. Departementet har difor ikkje eit faktagrunnlag for nærmare å kunne anslå dei samla kostnadene ved et 50 prosent utsleppskutt innan 2030, seier olje- og energiminister Terje Aasland (Ap).

Terje Lien Aasland

VEIT IKKJE: – Vi har ikkje faktagrunnlag for anslå samla kostnader ved et 50 prosent utsleppskutt innan 2030, seier olje- og energiminister Terje Aasland (Ap).

Foto: Lise Åserud

Best å justere målet ned

Presset i kraftsystemet kombinert med at det «ikkje eingong er rekna på kostnaden», talar for ein retrett, meiner Terje Halleland, som er energipolitisk talsperson i Frp.

Slik stoda er, er det best å justere ned målet, seier han.

Han legg til at Noreg i staden kan ty til kvotekjøp for å innfri internasjonale klimaforpliktingar.

Vi kan ikkje gje opp berre fordi det er vanskeleg, seier Ola Elvestuen, som er energipolitisk talsperson i Venstre.

Han deler vurderinga om at oljeskattepakken vart unnfanga «under press og på altfor kort tid», men står inne for målet om 50 prosent utsleppskutt, som han kallar «ein absolutt føresetnad for å nå våre internasjonale forpliktingar».

Energipolitisk talsperson i SV, Lars Haltbrekken, er forferda over signala frå Frp.

Sist veke fekk vi nok ein rapport frå FN sitt klimapanel om kor alvorleg situasjonen er. Frp sitt svar på dette er å svekke norske klimamål og la dei som forureinar mest sleppe unna med svakare klimakrav. Helt utruleg, seier han.

Statssekretær Terje Halleland (Frp) møter Norges Bondelag og Agder Bær og Grønt AS i Landbruks- og matdepartementets lokaler i Oslo mandag ettermiddag.

HÅRETE: Terje Halleland meiner 50 prosent-målet er «forhasta» og «hårete», og at «ei realitetsorientering» krev at målet vert justert ned att til 40 prosent.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Dette er eit elendig forslag

Dette er eit elendig forslag frå Frp, seier partileiar i MDG, Une Bastholm (sjå heile svaret i faktaboks).

Ole André Myhrvold (Sp) er medlem i Energi- og miljøkomiteen. Han nøyer seg med å skulde Frp for ei altfor defensiv haldning:

Her er Frp defensive på vegner av ei næring som har kompetanse, teknologi og infrastruktur i verdsklasse. Vi skal utvikle olje- og gassnæringa. Ein del av den utviklinga er å stille høge klimakrav, seier han.

I Det internasjonale energibyrået (IEA) sitt vegkart for nullutslepp heiter det at produsentar som kan dokumentere lågare utslepp enn andre kan argumentere for at deira gass bør ha forrang.

Leiar i energikomiteen på Stortinget, Ove Trellevik (H), meiner løysinga med å kjøpe opp klimakvotar ikkje kan reknast heim.

Forslaget til Frp er inga god løysing. Éin ting er korleis kvoteprisen er i dag, men han blir ikkje billigare med åra seier han.

Une Bastholm

KJEM IKKJE PÅ TALE: – Dette er eit elendig forslag frå Frp, seier partileiar i MDG, Une Bastholm.

Foto: Naina Helén Jåma / NTB

– Skattesystemet er skapt av geni

Oljeskattepakken har vore omstridd sidan ho vart vedteken i 2020, og i Politisk kvarter denne veka varsla finanspolitisk talsperson i SV, Kari Elisabeth Kaski, at ho vil presse budsjettpartnarar i regjeringa til å gjere oljeskattepakken mindre lukrativ.

Aker-eigar Kjell Inge Røkke har uttalt at skattesystemet er «skapt av geni», medan Kaski har omtala skattepakka som «det mest uansvarlege som er gjort i norsk politikk».

Olje- og energiminister Terje Aasland kvitterte på Politisk kvarter med at føreseielegheit er eit politisk prinsipp han held høgt, og at han ikkje forhandlar for ope scene.

SVs Kari Elisabeth Kaski

IKKJE GENIAL PAKKE: Kari Elisabeth Kaski (SV) vil presse budsjettpartnarane Ap og Sp til å gjere oljeskattepakka mindre lukrativ.

Foto: Javad Parsa / NTB

Benedicte Solaas er direktør for Klima og miljø hos Norsk olje og gass, som organiserer fleire selskap på norsk sokkel.

Vi jobbar systematisk for å innfri regjeringas og stortingets vedtak om at olje- og gassbransjen skal redusere utsleppa med 50 prosent innan 2030.

Ho legg til:

Det er ikkje slik at hele sokkelen skal elektrifiserast, men også med ein reduksjon på 40 prosent innan 2030 vil elektrifisering vere hovedvirkemiddelet.

Samsending med P2.