Hopp til innhold

Her opnar kronprinsen verdas største flytande havvindanlegg

Verdas største – og Noregs første – flytande havvind-anlegg skal fjerna nesten ein halv prosent av landets klimagassutslepp. Prislapp: 7,4 milliardar kroner.

vy83fAgKOVY

OFFISIELL OPNING: Kronprins Haakon og statsminister Jonas Gahr Støre opna i dag Hywind Tampen i Nordsjøen.

Foto: NTB

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Hywind Tampen er Noreg si første satsing på vindkraft til havs – 140 kilometer frå norskekysten.

Anlegget utanfor Florø består av 11 flytande vindturbinar som skal sørga for 35 prosent av kraftforsyninga til dei fem Snorre- og Gullfaks-plattformene i Nordsjøen.

– I dag skriv vi historie, sa statsminister Jonas Gahr Støre under opninga på Gullfaks C-plattforma.

Vi skal inn i ein ny energialder. Vi er i ei omstilling der olje og gass kjem til å gå ned, mens hav, vind og sol vil gå opp. Noreg er i front på det, basert på kompetansen frå fagfolk som har jobba i denne sektoren sidan 70-talet. Det er dette som er vegen å gå.

Han la til:

– Det er eit lite bidrag, men i det store spelet er det eit veldig viktig bidrag.

Ifølgje Equinor vil utsleppa bli kutta med 200.000 tonn CO₂ og 1000 tonn NOx årleg. Dette svarer til forureininga frå 100.000 bilar med fossilt drivstoff.

Sagt annleis:

  • Hywind Tampen tar vekk 4 promille av Noregs totale CO₂-utslepp på 50 millionar tonn.
  • Det er 7,5 promille av dei 27 millionar tonn CO₂-utslepp som Noreg har lova å kutta innan 2030.
Norges klimagassutslipp og klimamål målt i millioner tonn CO₂-ekvivalenter
Kilde:
Gå til NRKs Klimastatus

– Lite og dyrt klimakutt

Thina Saltvedt, sjefanalytikar for berekraftig finans i Nordea, seier Hywind Tampen for «eit viktig signalprosjekt for Equinor», men legg til:

– Det har veldig liten verknad på dei totale utsleppa, både for Equinor og for Noreg samla sett.

– Det kan likevel bli ei viktig teknologi og energikjelde som har potensial til å bli internasjonalt konkurransedyktig i det grøne skiftet, og eit godt bidrag til å kutta CO₂-utslepp.

Åpning av Hywind verdas største flytande havvindanlegg

Det var smil og flagg då verdas største havvindkraftverk opna onsdag.

Foto: Leif Rune Løland

Føresetnaden er at dei klarer å skalera opp og få ned kostnadane.

Den første straumproduksjonen ved Hywind Tampen kom i gang i november 2022.

Heile anlegget er no i full drift, men det har vore skjer i sjøen:

Pandemien bidrog til auka kostnadar, og Ukraina-krigen har bidratt til forseinka leveransar og kvalitetsfeil på stål. Også svak kronekurs har gjort utbygginga dyrare.

I fjor auka prislappen frå 5 milliardar kroner til om lag 6,5 milliardar kroner. No i august melde Equinor at Hywind Tampen har kosta 7,4 milliardar kroner.

Viss alle klimakutta Noreg har forplikta seg til skulle bli like dyre per tonn CO₂, ville det totalt kosta over 1000 milliardar kroner.

– Det er jo veldig dyrt slik det er i dag. For dyrt å fortsetta med, både for å produsera straum i konkurranse med andre energikjelder, og som eit tiltak for å kutta CO₂-utslepp, meiner Saltvedt.

Kronprins Haakon og statsminister Jonas Gahr Støre på Gullfaks C-plattformen i forbindelse med åpningen av Hywind Tampen.

Hywind Tampen er det største flytande havvindanlegget i verda; det første havvindanlegget i Noreg; og den første flytande vindparken i verda som leverer straum til olje- og gassplattformer.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Gir 3 promille av havvind-ambisjonen

Også i energiproduksjon er Hywind Tampen liten i høve til dei politiske ambisjonane for norsk havvindsatsing.

Prosjektet har ein totalkapasitet på 88 megawatt. Til samanlikning er regjeringa sitt mål å tildela areal tilsvarande 30.000 megawatt havvind innan 2040. Hywind Tampen leverer altså knappe 3 promille av dette.

Mange har tidlegare uttrykt skepsis til om ambisjonane er realistiske.

Equinor nøyer seg med å seia at Hywind Tampen «demonstrerer moglegheitene for fornybar kraftproduksjon på norsk kontinentalsokkel».

Hywind Tampen flytande vindpark

Hywind Tampen er Noreg si første satsing på vindkraft til havs – 140 kilometer frå norskekysten.

Foto: Karoline Rivero Bernacki / Equinor ASA

Motstand mot havvindkraft

I debatten om havvind har fleire motførestellingar vore reist:

  • Elektrifisering av olje- og gassplattformer vil krevja straum som heller kan brukast av grøn industriutvikling på fastlandet.
  • Vindturbin-anlegg til havs kan gi ulemper for fiskerinæringa, og skada fugletrekk.
  • Dei som er kritiske til at petroleumsverksemda held fram meiner at det å bytta ut gassturbinar med vindkraft som straumkjelde på plattformene er «grønvasking» av forureinande industri.

    Les også Noreg klarer ikkje halvere CO₂-utsleppa innan 2030

    North Sea Giant

Saltvedt meiner derimot det er viktig å få ned klimagassutsleppa frå norsk olje- og gassproduksjon, som slepper ut mest CO₂ i Noreg.

– Havvindkraft er eit betre alternativ enn å senda vasskraft i kablar ut til plattformene, fordi det vil tappa fastlandet for kraft som trengst til ny grøn industri, og bidra til auka kraftprisar, seier ho.

Åpning av Hywind Tampen på Gullfaks C

Den første straumproduksjonen ved Hywind Tampen kom i gang i november 2022. Heile anlegget er no i full drift, men det har vore skjer i sjøen.

Foto: NTB

Statsstøtta satsing

Det er norske skattebetalarar som dekker mykje av totalkostnaden for Hywind Tampen.

Det statlege fondet Enova og Næringslivets NOx-fond har gitt høvesvis 2,3 milliardar og 566 millionar kroner for å stimulera til teknologiutvikling innan havvind og utsleppsreduksjonar.

I tillegg gjer petroleumsskattesystemet at utbyggarane kan trekka frå 78 prosent av eigne kostnadar i prosjektet.

Dermed får Equinor og partnarane refundert nesten 4 milliardar kroner frå staten. Heile utbygginga av Hywind Tampen har dermed «berre» kosta oljeselskapa rundt 1,1 milliardar kroner.

Les også Havvind kan koste deg og meg «fleire titals milliardar»

Havvind til besvær