Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) annonserte i dag at dei første «tomtene» for havvind på norsk sokkel er for «opna» å rekne.
Ei rekkje selskap har alt meldt interesse for å ta på seg oppdraga, og «vinnarane» skal kårast innan utgangen av året.
Det eine området («Sørlige Nordsjø 2») ligg ved havgrensa til Danmark; det andre området («Utsira nord») ligg utanfor Haugesund.
Botnen ned mot Danmark er berre 60 meter djup og legg til rette for botnfaste vindturbinar. Utsira nord skal ha flytande vindmøller.
Dei to områda skal etter planen levere 3 gigawatt. Om vi reknar 4000 timar driftstid i året (eit år er 8760 timar), blir dette 12 terawattimar (TWh) i året og svarer til kraftforbruket til i underkant 1 million norske husstandar.
– Noreg har store moglegheiter innan havvind. Dei norske havområda er fem gonger større enn landsareala våre, og det er mykje vind langs kysten vår. I tillegg har vi dyktige fagfolk og bedrifter som bidreg til å utvikle denne teknologien, seier Jonas Gahr Støre.
Ordførar: – Det betyr så mykje for oss
Utsira er den minste kommunen i landet, med omtrent 200 innbyggjarar, og dei 140 vindmøllene vil vere godt synlege frå øya.
Under pressekonferansen onsdag sa olje- og energiminister Terje Aasland at lokalsamfunnet skal bli vareteke.
På Utsira sat varaordførar Tove Grimsby og følgde pressekonferansen, med tårer i auga.
– Det er heilt fantastisk. Det betyr så mykje for oss. Dette handlar om framtida vår. 75 prosent av feltet ligg i kommunen vår, og vi kjem til å sjå det kvar dag.
Ho håpar utlysinga er startskotet for ei ny tid der innbyggartalet i kommunen skal stige.
Ein rundspørjing på øya viser at fleire er positive til utbygginga, så lenge dei får noko att for det.
– Eg synest planane er spenstige. Eg trur vi må svelgje nokre kamelar om vi får noko igjen for det. Ulemper blir det jo, det er til dømes ikkje det vakraste synet i verda i horisonten, seier Vidar Aas.
– Det er heilt greitt at det kjem møller her. Det er flott å vere ein del av den store rekneskapen på straum, seier Knut Ese.
Foto: Gisle Jørgensen / NRKHavvind skal ta igjen vasskraft
Innan 2040 er målet å lyse ut areal til å produsere ti gonger så mykje vindkraft i Nordsjøen.
Om alt går etter planen, skal havvind «ta igjen» vassturbinar som Noregs primære straumprodusent.
Det har vore politisk strid om straumen frå vindturbinane ved danskegrensa skal inn i «hybridkablar» (som går «begge vegar») eller berre gå direkte til det norske fastlandet (via «radialkabler»).
Enn så lenge er avgjerda til regjeringa at kablane berre skal gå til Noreg.



Tampen Hywind-turbinar vert montert i Sløvåg i Gulen.
Foto: Arne Stubhaug, NRK– Dette er ein milepæl
Utlysinga markerer starten for storskala utbygging av havvind i Noreg, og blir motteken som ein «merkedag» for havvindutbygginga i Noreg.
– Dette er ein milepæl, seier Jon Evang, som er fagsjef for havvind i Fornybar Noreg.
Han rosar regjeringa for å ha halde si eiga tidslinje, men oppmodar samtidig til å setje opp farten ytterlegare.
– Eg ønskjer meg nye utlysingar så raskt som mogleg, helst innan utgangen av året, seier han.
I fjor uttrykte ei rekkje aktørar i og rundt vindbransjen at dei var skuffa over at regjeringa ikkje skjerpa måla for norsk havvind i tilleggsmeldinga om energi.
På same tid fekk Dagens Næringsliv tak i eit internt UD-notat som åtvara om at det er «stor risiko for at Noreg hamnar bakpå på havvind».
Bakgrunnen var eit havvindtoppmøte med regjeringsleiarar frå Tyskland, Nederland, Belgia og Danmark der Noreg ikkje var invitert.
«Når det vert snakka om Nordsjøen som Europa grøne kraftverk utan at Noreg er med, inneber det at Danmark er i ferd med å ta ein leiarposisjon som kan vere vanskeleg å innhente», åtvara UD-notatet.
Det internasjonale energibyrået (IEA) har anslått at den globale havvindmarknaden vil vekse med 13 prosent kvart år, og at det vil ha ein samla installert kapasitet på 560 GW i 2040.
På «sameksistens-konferansen» i april uttalte Giles Dickson, som er leiar i Wind Europe, at «EUs mål for offshore vindkraft vil leggje beslag på 7 prosent av sjøarealet til EU».
NVE: Ulemper med enveiskablar
Måndag la Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) fram ein analyse for neste fase i utbygginga av Sørlige Nordsjø 2. Dei gir ingen politiske føringar, men gjorde eit poeng av at det er ulemper ved å føre all straumen frå vindmøllene direkte inn i eit «underdimensjonert norsk straumnett».
I april skal NVE leggje fram forslag til ytterlegare felt som kan eigne seg for havvind langs norskekysten. NVE fekk det nye oppdraget samtidig med at regjeringa presenterte den nye havvindsatsinga si i fjor.
I Havvindplanen frå 2012 foreslo NVE å greie ut 15 område dedikert til havvind.
Ei kartlegging gjort av NRK viser at det er enorme sprik i anslaga for kor mykje havvind det er realistisk å rekne med i 2030.
I ein analyse frå ingeniørselskapet Sweco heiter det at «havvind innan 2030 heng i ein tynn tråd».
Dei konkluderer: «Utviklinga av det første utbyggingstrinnet vil neppe bli ferdig før våren 2032».
En felles skala for å sammenligne ulike klimagasser. Utslipp av gasser som metan og nitrogenoksid regnes om til den mengden CO₂ som ville gitt samme klimaeffekt.
Innen 2030 skal Norge kutte minst 55 prosent av klimagassutslippene i forhold til 1990-nivå. Målet skal nås i samarbeid med EU. Innen 2050 skal 90-95 prosent av norske utslipp kuttes.
Dette betyr at vi må kutte utslipp i rekordfart. De siste ti årene har vi klart å kutte rundt 5 millioner tonn, de neste ti skal vi kutte rundt 25 millioner tonn.
Norge skal kutte utslipp på to måter, fordi utslippskildene kan deles i to:
Kvotepliktige utslipp: Dette er særlig utslipp fra industri og olje/gassplattformene. Utslippene er omfattet av EUs kvotesystem: For å slippe ut klimagasser må industrien kjøpe tillatelser (kvoter) i EU til den prisen kvotemarkedet bestemmer. Stadig høyere pris og færre kvoter skal tvinge frem utslippskutt der det er enklest å gjennomføre.
Ikke-kvotepliktige utslipp: Dette er klimagassutslipp fra blant annet transport, landbruk, avfall og oppvarming i bygg. Dette kalles ikke-kvotepliktig sektor fordi man ikke trenger kvoter for å slippe ut klimagasser. Hvordan Norge kan kutte utslippene i denne sektoren er beskrevet i fagrapporten «Klimakur 2030». Politikerne bestemmer hvilke av tiltakene fra rapporten som skal iverksettes.
Norge kan også kutte ikke-kvotepliktige utslipp ved å betale for utslippskutt i andre europeiske land. Regjeringen sier at de planlegger å klare målene uten å bruke denne muligheten, men den kan brukes hvis det blir «strengt nødvendig».
For Norge er utslippene i de to sektorene omtrent like store: I 2019 slapp de ut rundt 25 mill. tonn klimagasser hver.
Det kan bli politisk pinlig. En sannsynlig løsning er at Norge velger å betale for utslippskutt i andre land. Norge kan også bli ilagt sanksjoner dersom vi ikke når målene vi har avtalt med EU.
Norge skal jevnlig rapportere kutt til FN, i tråd med målene satt i Parisavtalen. Her er det ikke fastsatt noen sanksjoner for dem som ikke oppfyller forpliktelsene sine.
NRK forklarer
Hva er regjeringas satsing på havvind?
Hva er regjeringas satsing på havvind?
I februar ble det bestemt at Regjeringen åpner for utbygging av havvind i Nordsjøen.
Olje- og energidepartementet har sendt et forslag på høring til inndeling i utlysningsområde for både Utsira nord og Sørlige Nordsjø II.
Ved Utsira nord er det snakk om flytende havvind, mens vindturbiner i Sørlige Norsjø II vil være bunnfaste.
Hvor skal vindturbinene til havs stå?
Selv om området ved Sørlige Nordsjø II ligger helt på grensen mot Danmark så skal kraften bare kobles til Norge.
– Det handler om å sikre tilgang på ren og rimelig kraft. Det er situasjonen vi står i nå en påminnelse om, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap), da han la frem satsingen.
Når skal dette stå klart?
Støre anslår at de første vindmøllene til havs vil komme på siste halvdel av 2020-tallet.
Feltene vil kunne lyses ut høsten 2022. Auksjon skal være hovedmetoden.
Er alle enige i at dette er en god idé?
Satsingen har møtt motbør. Opposisjonen frykter at det ikke vil være lønnsomt og at skattebetalerne må ta risikoen. Dette fordi kraften ikke kobles på et europeisk marked.
Regjeringen er dermed blitt kritisert for at satsingen er avhengig av subsidier.