På oppdrag frå Olje- og energidepartementet har NVE lagt fram ei oversikt over kva område som kan eigne seg for havvind.
Om du studerer kartet over, ser du at områda overlappar med det norske trålfisket.
Det politiske spørsmålet er kven som skal ha forrang.
Ifølgje eit nytt forslag frå SV bør havvind prioriterast i alle tilfelle der dei to kjem i konflikt.
Nestleiar i partiet, Torgeir Fylkesnes seier til NRK at den politiske kulturen i Noreg er «unnvikande» av natur, og at det er på tide å snakke sant og inntrengjande om realitetane.
I dette tilfellet at mantraet om «sameksistens» tilslører faktiske og uunngåelege interessemotsetningar.
– Vi skyr konfliktar og håpar i det lengste at alle skal bli glade. Her er ikkje det eit alternativ, seier han.
– Berekraftig fiske må vere øvst i makthierarkiet, og innanfor ein slik ramme kan vi legge til rette for havvind, seier Torgeir Fylkesnes (SV).
Foto: Terje Bendiksby / NTBI 1971 vart Dei ti oljebod formulerte av industrikomiteen på Stortinget for å etablere nokon rammar for den nye petroleumsverksemda.
Fylkesnes etterlyser politisk vilje og mot til å lage tilsvarande køyrereglar i møte med havvind-alderen, og lanserer første og andre «bod»:
- Havvind skal alltid prioriterast over botntråling
- Havvind skal alltid vike for det tradisjonelle kystfisket innanfor 20 nautiske mil frå kysten
– Det tradisjonelle fisket er heilagt, seier Fylkesnes.



Tampen Hywind-turbinar vert montert i Sløvåg i Gulen.
Foto: Arne Stubhaug, NRKRegjeringa «gløymte» fisken
Ingrid Liland, nestleiar i MDG, er positiv til boda og kallar det «ein no-brainer at vi bør prioritere havvind framfor botntrål».
– Det burde vore forbod mot botntråling i heile Noreg, seier ho.
Ho legg til at havvind er ein «heilt nødvendig del av klimaløysinga», men at havvind likevel må vike for «gytefelt, korallar, fugletrekk og andre viktige naturinteresser».
Då regjeringa presenterte sine havvind-planar i februar i fjor, vart ikkje «fisk» eller «fiskeriinteresser» nemnt med eitt einaste ord.
«Alarmen bør gå i fiskebåtane», konkluderte Fiskeribladet.
Sidan har regjeringa ved gjentekne høve presisert at utbygginga må vere «skånsam» og «i samspel med fiskeri og andre viktige interesser».
Om «boda» til SV og MDG blir ståande, må trålinga i «Vestavind E» utanfor Vestland vike. Det same må trålinga i Sørvest E og Nordavind D og C.
Foto: NVE– Noreg har mykje å takke trålflåten for
Regjeringa gav i fjor 10 millionar ekstra til Havforskingsinstituttet for å styrkje kunnskapen om spenninga mellom havvind og fiske.
– Vi ønskjer god sameksistens. Difor må vite meir om korleis nye og eksisterande næringar påverkar kvarandre og økosystema, forklarte fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap).
Audun Maråk er direktør i Fiskebåt, som er arbeidsgivar- og interesseorganisasjon for den havgåande fiskeflåten.
Han seier til NRK at havvind-entusiastane «bommar totalt» i forslaget til nye køyrereglar.
– Vi registrerer at dei ikkje vil vareta ei viktig næring som sysselset 20 prosent av heiltidsfiskarane, alle busette langs kysten, seier han.
Han legg til at «Noreg har mykje å takke trålflåten for» og at trålfisket «har gitt legitimitet til Noregs råderett over store havområde».
Audun Maråk og Kåre Heggebø, i høvesvis Fiskebåt og Fiskarlaget, deltok på Den store Havvindkvelden som opna Arendalsuka.
Foto: Arne Vatnøy– Det blir feil med heilt generelle køyrereglar
På oppdrag frå Nærings- og fiskeridepartementet publiserte Havforskingsinstituttet (HI) i februar ein rapport om klimaeffekten av botntråling.
Rapporten konkluderte med at botntråling kan skade dyrelivet og frigi karbon frå havbotnen.
Ifølgje ein studie publisert i Nature svarer utsleppa frå botntråling til utsleppa frå den globale luftfarten.
NRK har vore i kontakt med Noregs kystfiskarlag, Fornybar Noreg og Norwegian Offshore Wind.
Alle svarer at dei føreslåtte boda vert for «kategoriske» og «skjematiske».
- Jon Evang, Fornybar Noreg: – Det blir for rigid på noverande tidspunkt å låse utviklinga av sameksistens mellom havvind, fisk og miljø til denne måten å dele inn områda. Det meiner eg ingen av interessene er tente med.
- Arvid Nesse, Norwegian Offshore Wind: – Det blir feil med generelle køyrereglar her. Konfliktane må haldast på eit lågast mogleg nivå, og i dei tilfella der det er kryssande interesser, må styresmaktene vurdere korleis vi løyser det enkelte tilfellet.
- Hanna Arctander, Noregs kystfiskarlag: – Det er positivt at SV ønskjer å skjerme kystflåten, men det er inga farbar løysing å beslagleggje havområda til trålflåten til fordel for havvind.
– Det tradisjonelle fisket er heilagt, seier Torgeir Fylkesnes (SV).
Foto: Håkon Jacobsen / NRK