Hopp til innhold

Ny rapport: Norske elvar må få meir plass

Ein ny rapport frå NVE ber norske kommunar om å setje av meir plass til elvane fordi «flaumane i framtida treng meir plass».

Supphelledalen

KREV PLASS: «20-årsflaumar» kan bli regelen meir enn unntaket. På bilete: Supphelledalen i Sogndal.

Foto: Torje Bjellaas

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Utgangspunktet for den nye NVE-rapporten er meir ekstremvêr i form av meir styrtregn, høgare havnivå, og fleire jord-, flaum- og sørpeskred. Meir om rapporten her.

NVE-leiar Siss-May Edvardsen seier at det alt i dag er eit misforhold mellom vassmengdene og evna til å absorbere dei, og dette blir «meir utfordrande med auka vassmengder i eit klima i endring».

Ved større flaumhendingar i dag opplever vi at elveløpa ikkje er tilpassa vassmengdene. Elveløpa bør derfor utvidast, seier ho.

Så snart elvar fløymer over, blir det ropt på kraftutbygging, kanalisering og flaumtunnelar, seier Norce-forskar Ulrich Pulg, som har leidd prosjektet.

Han legg til:

Men det viktigaste verktøyet er ikkje sikringstiltak, sjølv om det også hjelper. Det viktigaste verktøyet er god arealplanlegging.

Siss-May Edvardsen i NVE

Ved å utvide elveløpa kan vi handtere auka flaumrisiko og auke naturverdiane, seier NVE-leiar Siss-May Edvardsen.

Foto: Catchlight/NVE

Breiare elveløp kjem med ein miljøgevinst

Rapporten har brodd mot «tradisjonelle metodar for flaumsikring, som kan ha negativ miljøpåverknad», og seier vidare at breiare elveløp kjem med ein miljøgevinst.

Gjentakande graving i elvebotnen er ikkje gunstig for flora og fauna. Ved å utvide elveløpa kan vi handtere auka flaumrisiko og auke naturverdiane, seier Edvardsen.

Forholdet mellom flaumvern og naturvern var sist på dagsorden då det tikka inn skademeldingar for meir enn 100 millionar kroner i Voss herad.

Les også Meir ekstremvêr aukar presset på å demme opp verna vassdrag

Supphelledalen

I etterkant argumenterte Høgre og Frp for at meir kraftutbygging i elvane vil gjere det mogleg å «porsjonere» vatnet og sleppe det ut i handterlege mengder under vårløysinga eller hauststormane.

Ifølgje ein rapport frå Forbybar Noreg sparer norske kraftmagasin landet for meir enn 100 millionar kroner i flaumskadar kvart år.

Den nye NVE-rapporten representerer slik ein tredje veg, der naturvern og flaumsikring går hand i hand.

Det er eksempel der steinlegging av elvesider har forverra problemet med å sette fart på vatnet i staden for å bremse det. I tillegg har det øydelagt for fisken. At restaurering og meir naturleg elveløp syner seg å vere god flaumførebygging er godt nytt for alle som er opptekne av livet i og langs elva, seier Birgit Oline Kjerstad (SV).

Flom på Voss, dronebilde etter

Forholdet mellom flaumvern og naturvern var sist på dagsorden då det tikka inn skademeldingar for meir enn 100 millionar kroner i Voss herad sist haust.

Foto: KENNETH KLEPPE / UAS VOSS

Vi støttar bruk av naturbaserte løysingar

– Vasskraftreguleringar kan vere ein effektiv dempar av flaumar. Vi er opptekne av at dette ikkje blir avgrensa ved innføring av nye vilkår, seier Vegard Pettersen, som er næringspolitisk rådgivar i Fornybar Noreg.

Leiar i Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar (LVK), Jon Rolf Næss, seier at den eine løysinga ikkje kjem i vegen for den andre: Det finst elveløp som kan utvidast; og det finst uregulerte vassdrag som bør regulerast.

Flaumutfordringar vil komme oftare, det er derfor forståeleg at kommunar ønskjer å førebyggje dette, seier han.

Les også Bygden har opplevd fem 20-årsflommer på bare åtte år

Viktig at kommunane set av tilstrekkeleg plass

Leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen, seier at råda i rapportane er i tråd med Naturavtalen som vart underteikna før jul.

Avtalen vektlegg betydninga av å restaurere elvar, bekkeløp, våtmarker og flaummarkskogar.

På grunn av den viktige økologiske funksjonen til desse områda og tidlegare tiders uvitige nedbygging, seier Gulowsen.

Flom på Voss

I mai tok programkomiteen i Vestland Høgre til orde for å gå gjennom fredinga av alle vestlandske elvar, mellom anna av omsyn til flaumdemping.

Foto: Tim Tønnessen / NRK

NVE-leiaren kjem også med ei politisk oppmoding:

Ofte vil det ikkje vere plass til å utvide elveløpa tilstrekkeleg på grunn av eksisterande busetnad. Det er derfor viktig at kommunane set av tilstrekkeleg plass langs elvar og bekker i arealplanarbeidet sitt.

Stortingsrepresentant for Venstre, Ola Elvestuen, kallar rapporten «endå ein grunn til at det må stillast krav om at alle kommunar må rydde opp i gamle planar».

Dette viser at det er avgjerande at kommunar, men også statlege styresmakter, følgjer opp med tiltak for å utvide og restaurere område rundt elvar og bekker for å få betre flaumsikring. Samtidig må øydelagde våtmarksområde og andre viktige naturområde som avgrensar flaumfare blir restaurerte der det er mogleg.

Les også Desse ti elvane vil Høgre slutte å verne

Solnedgang over Verdalselva ved Bjartnes