Hopp til innhold

Truleg skadar for over 100 millionar: – Dette kjem til å prege oss framover

Skademeldingane tikkar framleis inn etter flaumen på Voss. Kommunen fryktar skadar for over 100 millionar.

Kulturhuset Vpss

Dette er inne på Voss kulturhus som vart hardt råka av flaumen. Kulturhuset vil vere stengt i minst ei veke framover.

Foto: Sjur Mikal Dolve

– Dette er ei veldig stor hending som kjem til å prege oss framover. Det vil slite på mannskap og alt.

Det seier Sigbjørn Hauge, varaordførar i Voss herad.

Kommunen hans blei aller hardast råka av flaumen som herja Vestlandet denne helga.

– Kor store beløp er det snakk om, både for det private og offentlege?

– Vi trur det er snakk om skadar for eit tresifra millionbeløp, seier Hauge.

Under flaumen i 2014 enda totalsummen på om lag ein halv milliard, men varaordføraren trur ikkje det blir like ille denne gongen.

Flaumskadar Voss og Evanger

Her er det lett å sjå kor høgt vatnet har stått.

Foto: Åge Algerøy / NRK
Flaum på Voss

Ein ser tydeleg kor høgt vatnet har stått.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK
Flaumskadar Voss del 2

Både private bygg og næringsbygg er råka.

Foto: Åge Algerøy / NRK
Flaumskadar Voss del 2

Her er tørkinga i gang.

Foto: Åge Algerøy / NRK
Voss-ordførar Hans-Erik Ringkjøb(til venstre) og Hallgeir Finbråten, dagleg leiar FBK Voss, ser at det er store skader fleire stader, mellom anna på desse fotballbanene.

Ordførar Hans-Erik Ringkjøb og dagleg leiar på FBK Voss, Hallgeir Finbråten framfor fotballbanen.

Foto: Sjur Mikal Dolve

Store skadar

Fleire offentlege bygg har fått skadar etter flaumen, som var verre enn ein 50-årsflaum.

Dette gjeld kulturhuset, som blir stengt i heile neste veke.

Les også Sjå bileta frå lufta – sånn ser Voss ut etter flaumen

Voss etter flaum

Idrettshallen er også skadd, og det same er ungdomsskulen i sentrum av Voss.

Men truleg er ikkje skadane verre enn at bygga kan nyttast.

Då står det verre til med to kunstgrasbaner nær idrettshallen. Dersom dei må byggast på ny, kan det koste oppimot tolv millionar.

Rådhuset fekk også merke det våte element, men truleg er det beskjedne skadar her, fortel varaordføraren.

Fotballbanen og campingplassen på Voss

Slik ser det ut på Voss etter flaumen. Her er vi fotballbana og campingplassen.

Foto: Kenneth Kleppe / UAS Voss

Søndag er alle offentlege bygg tømde for vatn. No ventar kommunen på at takstmenn går gjennom skadane.

– Vi ser det har vore ein del vatn i bygga, og det kan nok gjere at ein del må rivast i og ordnast opp i, seier varaordføraren.

Ei rekkje privathus har fått vasskadar, og dei største forsikringsselskapa melder at dei har fått inn over 100 skademeldingar søndag føremiddag.

Og framleis kjem det fleire.

Flaumskadar Voss del 2

Her ligg golvet til Park hotell. Det var så øydelagt at det måtte rivast opp.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Hardt råka på Evanger

Voss blei også hardt råka av flaum i 2014. Denne gongen stod vatnet 30- 40 cm lågare enn i 2014-flaumen.

Men på Evanger, to mil lenger vekke, var helgas flaum den verste i moderne tid.

Der stod vatnet 20 cm høgare enn i 2014.

Vaskeriet på Evanger er hardt råka av flaumen, og det same er butikken.

Flaumskadar Voss og Evanger

Monica Bjørsvik sin butikk på Evanger fekk store skadar i flaumen. Ho har tårer i augo når ho viser fram skadane i butikken.

Foto: Åge Algerøy / NRK
Flaumskadar Voss og Evanger

Kjølediskane fungerer ikkje lenger.

Foto: Åge Algerøy / NRK
Flaumskadar Voss og Evanger

Mange frivillige stilte opp for å hjelpa til. Varer er stabla høgare enn dei pleier, for å redda så mykje som mogleg. Likevel er mykje øydelagt.

Foto: Åge Algerøy / NRK

– Det er også store skadar i mange private bustadhus, fortel varaordføraren.

– Kunne de gjort noko annleis i forkant av flaumen som råka dykk no?

– Så langt har vi ikkje kome enno. No har vi fokus på situasjonen og korleis vi skal ta hand om han, men det blir nok evaluering utover.

Over 100 skademeldingar

– Det totale skadeomfanget er mindre enn frykta, men for mange av dei som er råka er skadane omfattande, seier Line Marcelius, kommunikasjonssjef i Gjensidige.

Ho viser til at det har kome skademeldingar frå større delar av Vestlandet, men at skadetrykket har vore størst på Voss og i Evanger.

Flaumskadar Voss og Evanger

Det er mykje som må ryddast etter flaumen.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Det er også der ein finn dei mest omfattande skadane. Dei fleste skadane kjem frå vatn som har trengt seg inn i kjellarar i hus og næringslokale.

Marcelius seier det er for tidleg å seia noko sikkert om det totale omfanget.

– Det er framleis vatn som trekkjer seg tilbake, vegar som er stengde og fare for ras.

Ikkje vent med å ta kontakt

Det er vanskeleg å anslå allereie no kva økonomiske kostnader skadane har, men hjå til dømes Gjensidige er snittet frå liknande hendingar på mellom 50 000 og 100 000 kroner per skade.

Hjå If held det fram med å koma inn skademeldingar.

– Erfaring tilseier at det tek ganske lang tid før ein får fullstendig oversikt, seier Sigmund Clementz, kommunikasjonssjef i If.

Både han og Marcelius i Gjensidige ber folk om å ta kontakt med forsikringsselskapet sitt så raskt som råd.

– Jo tidlegare, jo betre. Vi har folk som kan rykke ut, sjå omfanget og gjere det tryggare for den enkelte, seier Marcelius.