Hopp til innhold

Finnane bygger ny atomreaktor – nordmenn er spalta i to

Finland starta denne veka opp sin første nye atomreaktor på 40 år. – Sjå til naboen, seier norske kjernekraft-entusiastar.

Olkiluoto 3

PÅ EIN ØY: Kjernekraftverket ligg på øya Olkiluoto 25 km nord for byen Raumo i sørvestlege Finland.

Foto: Hannu Huovila / TVO

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Olkiluoto 3 kjem i full drift neste år, og vil auke den finske elektrisitetsproduksjonen med 14 prosent.

Frå før har Finland to atomkraftverk.

Dette er positivt for den nordiske kraftbalansen, seier Nils Morten Huseby.

Han er administrerande direktør ved Institutt for energiteknikk (IFE), som tidlegare dreiv atomreaktoren i Halden, som berre vart nytta til forsking.

Tanken om straum frå kjernekraft vart skrinlagt av Stortinget tilbake i 1975, og har sidan vore eit ikkje-tema i norsk politikk.

Iallfall fram til no.

For dei siste åra har fleire tatt til orde for å sjå på kjernekraft-alternativet på ny, godt hjelpt av striden om vindkraft og framskrivingar for straumbruk.

I Sogn og Fjordane har Frp-politikar Frank Willy Djuvik sagt at Florø eller Gulen ytst i Sognefjorden kan eigne seg som stad for produksjon og lagring av atomavfall.

Klimavenner for kjernekraft

2020: I fjor vart Klimavenner for kjernekraft oppretta. Foreininga ynskjer å «bidra til folkeopplysning og oppklaringar rundt kjernekraft-mytane».

Foto: Åse Igland Berg

Belgia snur

I desember varsla belgiske politikarar at landet kan hende ikkje vil leggje ned kjernekraftverka likevel, og frå Helsingfors heiter det no at dei vil fase ut kolkraft innan 2024, fem år tidlegare enn planlagt.

Kjernekraft er ein viktig del av løysinga på klimakrisa, seier Ane Breivik, leiar i Unge Venstre.

Kristin Linnerud er professor i fornybar energi ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU). Ho trur «dagens energikrise kan føre til ein renessanse for atomkraft».

Eg synest det er positivt at Finland aukar bruken av atomkraft. Det er ein nødvendig del av framtidas karbonnøytrale kraftmiks, seier ho.

I ein spørjeundersøking gjort av Norstat svarer nær halvparten av nordmenn under 40 år at dei ønsker kjernekraft velkommen.

Ei oppteljing blant ungdomspartia viser enda større begeistring (sjå faktaboks).

Leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen, er ikkje begeistra.

Den finske reaktoren er 13 år forsinka og har gått fleire milliardar over budsjett. Han er slik eit godt eksempel på at kjernekraft ikkje er nokon kvikkfiks, seier han.

Straumnettet skrik etter kjernekraft

Førsteamanuensis ved NTNU, Jan Emblemsvåg, seier det nordiske straumnettet «skrik etter kjernekraft» og at det lange «puppestadiet» i Finland skuldast at dei som byggjer reaktorar er ute av trening.

Nå fleire satsar på kjernekraft, vil byggetida gå nedover, seier han.

Det same seier Ole Christen Reistad, avdelingsleiar ved Institutt for energiteknikk (IFE).

Dei årelange forseinkingane for Olkiluoto 3 er fordi den europeisk industrien ikkje lenger har erfaring med denne typen konstruksjonar, seier han.

Han kallar den finske kjernekraft-strategien «eit sjeldan tilfelle» som ikkje utan vidare kan overførast til andre land.

Dei har hatt ein konsistent energipolitikk der kjernekraft er og blir ein hjørnestein, og er slik eit unntak blant mindre land i verda.

Nils Morten Huseby, direktør IFE

IKKJE SERIØST: – Diskusjonen om kjernekraft globalt er interessant og relevant, men for Noreg er ikkje atomkraft noko seriøst alternativ, seier Nils Morten Huseby.

Foto: Cicilie Sigrid Andersen / NRK

Noreg må sjå til Finland

I juni la Erna Solberg og Tina Bru fram stortingsmeldinga «Energi til arbeid», om korleis energinasjonen Noreg skal vidareutviklast.

Teknologiar som vert nemnt er karbonfangst- og lagring, havvind og hydrogenproduksjon.

Kjernekraft vart ikkje nemnt.

Ikkje offensivt nok, meiner KrF-politikar Truls Olufsen-Mehus. I haust tok han til orde for å byggje to kjernekraftverk i Finnmark, der han sjølv bur.

Det er gledeleg å sjå kva Finland får til, og eg forventar at våre politikarar viser interesse og innhentar kunnskap frå våre gode naboar, seier han.

Han legg til:

Eg trur straumprisane berre er starten på den globale energikrisen som kjem, og då må vi å ta i bruk kjernekraft. Det er det einaste ansvarlege og langsiktige å gjere.

Atomkraft er trygt og reint

I mars 2011 vart atomkraftverket Fukushima øydelagt. Same år vedtok Tyskland å avvikle all atomkraft innan 2022.

Deira «mest idiotiske avgjerd» sidan krigen, skrev Nettavisen-spaltist Kjell-Magne Rystad.

Han gler seg over at finnane resonnerer annleis.

Dette er svært positivt, spesielt i den stramme kraftmarknaden vi ser no. Atomkraft er trygg, rein og klimavennleg energi som ikkje bandlegg store areal, slik vind- og solkraftverk gjer.

Hei!

Har du tanker om saken du har lest, eller innspill til noe jeg bør vite om? Send meg en e-post!

SLUTT: Innan 2022 skal alle atomreaktorane i Tyskland vere fjerna.