Olje- og energidepartementet ber NVE om å sjå på ein «fast track» for nettbygging for prosjekt som har «lite eller ingen konflikt i seg».
– Det er fleire tiltak som kan og bør gjennomførast for å få til raskare nettutbygging, seier olje- og energiminister Terje Aasland (Ap).
Bak initiativet ligg utgreiinga «Nett i tide», som Straumnettutvalet (også kjend som Nakstad-utvalet og tempoutvalet) publiserte i juni.
Ifølgje utvalet er ventetida på nye regionale og nasjonale kraftlinjer på mellom 7 og 14 år.
Tidsbruk som ifylgje utvalet er til hinder for å etablere batterifabrikkar, oppdrettsanlegg, datasenter, infrastruktur for ammoniakk- og hydrogenproduksjon, CO₂-lagring, ladeanlegg for ferjer og bussar og hurtigladarar til elbilar.
På Vestlandet har næringsparkar på Mongstad, i Skipavik, Kollsnes og Ågotnes i lengre tid «skrike» etter kraft og linjer til å føre ho fram.
Eit tiltak som kan bidra til å forenkle er å gå litt lenger i å skilje ut mindre og enklare saker for å behandle dei i eit eige hurtigløp, seier energiminister Terje Aasland.
Foto: Oddgeir Øystese / NRK– Radikale grep er heilt nødvendige
– Det er på høg tid at statsråden tek skeia i ei anna hand. Her på Vestlandet er det kraftutbyggingar som allereie har konsesjon, men der nettkapasiteten ikkje kjem før om 5 år, seier stortingsrepresentant for Høgre, Ove Trellevik.
Rapporten frå nettutvalet er ute på høyring, med frist 30. september.
I høyringsinnspelet til Industri Energi heiter det at «industribedrifter over heile landet vert heldt tilbake av mangel på kraft og nett», og at «Stortinget og regjeringa ikkje i tilstrekkeleg grad tek inn over seg alvoret i situasjonen».
Dagleg leiar i Nordhordland Næringslag, Baste Tveito, seier radikale grep og raskare nettutbygging er «heilt nødvendig for å nå klimamåla og vidareutvikle industrien».
– Same kor mykje vi «pussar» på dagens system, så vil det ikkje kunne møte behova raskt nok, seier han.
– Krevjande konfliktar med naturverdiar
– Eg vil rose statsråden for å ha lytta til våre ynskje, seier ordførar i Vestland fylke, Jon Askeland (Sp).
Tidlegare i år tok han til orde for at NVE må lære seg å handsame kraftkonsesjonar på «maks ti veker».
Eit forslag som fekk lunken mottaking:
– Det er heilt nødvendig å få opp tempoet, men vi må ta på alvor at det kan vere krevjande konfliktar mellom naturverdiar og ønsket om å få utbygd og framført meir kraft, sa Alfred Bjørlo (V).
Småkraftforeininga har tidlegare kritisert NVE for å bruke «ufatteleg lang tid» på å handsame konsesjonssaker.
– Oppmodingar er vel og bra. Men statsråden må gjere meir. Han må instruere direktorat sitt (NVE, jou. anm.), seier Knut Olav Tveit, som er leiar i Småkraftforeningen til NRK.
Det same seier næringspolitisk sjef i Bergen Næringsråd, Tom-Christer Nilsen:
– Det er gledeleg med oppmodingar, men statsråden må instruere NVE om det skal bli noko fart i det, seier han.
På Vestlandet har næringsparkar på Mongstad (bilete), i Skipavik, Kollsnes og Ågotnes i lengre tid «skrike» etter kraft og linjer til å føre ho fram.
Foto: Marit Hommedal / NTBStatnett vil bidra til å få opp tempoet
I fjor fekk Statnett 172 søknader om nettilkopling. Til samanlikning fekk selskapet 5 søknader om tilkopling i 2016.
Konserndirektør i Statnett, Elisabeth Vike Vardheim, seier til NRK at selskapet jobbar med å etablere «ti områdeplanar der vi ser på samla behov og nødvendige tiltak i nettet for større geografiske regionar».
– Dette vil bidra til auka føreseielegheit som igjen er nødvendig for å kunne planleggje og realisere nytt nett både raskare og meir effektivt. Vi ser også på andre tiltak som vil bidra til å få opp tempoet.