Hopp til innhold

«Urimelig at en slik brannutvikling skal anses som akseptabel i Norge»

Storbrannen i den kommunale blokka forbløffa brannfolk og ekspertar. No ber landets fremste brannfagmiljø om innskjerpingar i norske byggereglar etter stor gransking.

«Det er urimelig at en slik brannutvikling skal anses som akseptabel i Norge».

Slik startar rapporten som Noregs fremste fagmiljø på brannar har jobba med i halvtanna år etter storbrannen i Bergen i 2021.

Ei varm sommarnatt i august tok det fyr i ei kommunal leilegheitsblokk for sårbare og rusavhengige.

Brannen starta truleg på utsida, og 24 leilegheiter blei fullstendig overtente i rekordfart.

Frå brannvesenet først blei varsla, til brannen hadde spreidd seg til alle balkongar, tok det berre 13 minutt.

Brannen på Lone tok ingen liv, men den eksplosive utviklinga sjokkerte både brannvesen og ekspertar.

No er granskinga av den alvorlege brannen klar.

Og den omfattande analysen kan føra til endringar i norske byggereglar.

I mellomtida åtvarar granskarane mot å bygga blokker slik som den på Lone.

– Her var det gjort mange vurderingar som kvar for seg var OK, men når bitane blir sette saman blir sluttproduktet absolutt ikkje bra, seier Anne Steen-Hansen, sjefforskar ved Rise Fire Research og professor i brannteknikk ved NTNU.

Fleire har stilt spørsmål ved at eit moderne bygg frå 2012 kunne brenna så raskt.

– I Noreg burde ein gjennomføra slike granskingar oftare. Målet er at det skal gi oss svar som kan bidra til å forhindra at liknande brannar får skje, seier prosjektleiar Edvard Aamodt i forskingssenteret Fire Research and Innovation Centre (FRIC), som står bak rapporten.

Politiet trudde mange kom til å døy

I analysen har granskarane mellom anna henta inn rapportar frå politiet. Der står det at politiet frykta mange ville brenna inne.

– Då politiet kom til brannstaden, var dei sikre på at dette ville vera ei ulukke med mange omkomne. Rømmingstida var uvanleg kort med tanke på at brannen oppstod midt på natta, står det i rapporten.

Politiet trur nokon tente på og mistenkte tidleg tre personar. Saka blei lagt bort i fjor haust.

– Litt av grunnen til at me valde oss denne brannen er at det enda godt, sjølv om utgangspunktet var dramatisk, seier Aamodt.

Kais Kadhim tar halsbånd på katten Turbo

MISTA ALT: Kais Kadhim var ein av dei 30 bebuarane som kom seg ut natta det brann. Han rakk å ta med seg katten før flammane velta inn frå balkongen. Fleire bebuarar NRK har snakka med fortalde at naboar som var vakne sprang rundt og hamra på dører for å vekka kvarandre.

Foto: Christine Fagerbakke / NRK

– Brot på byggereglane og uheldige bygningsval

NRK har i fleire saker sett fokus på korleis utbyggarane måtte gå fleire rundar for å få bygget godkjent.

Til slutt hamna saka på bordet til byråden, som overprøvde eigne fagfolk og godkjente prosjektet med eit pennestrøk.

Ekspertar har peikt på fleire svakheiter ved bygget – som blei oppført i strid med godkjente planar.

Det fekk heller aldri ferdigattest.

Balkongfasaden på den knapt ti år gamle blokka blei slukt av flammar og totalskadd – eit scenario som brannprospektet karakteriserte som «ikke sannsynlig».

Montasje bustadbygget som brann på Lone i Arna

STOR SKILNAD: Illustrasjonen til venstre viser korleis fasaden opphavleg var planlagt. Biletet til høgre viser korleis bygget såg ut då fagetaten i kommunen kom på synfaring i juni 2014.

Foto: Link arkitektur/Bergen kommune

Rapporten slår fast at selskapet som har hatt ansvaret for branntryggleiken har gjort ein for dårleg jobb.

Materialbruken på bygget er innanfor regelverket, men løysinga som blei bygd blir omtalt som «svært uheldig».

– Dei ansvarlege har ikkje tatt stilling til den heilskaplege vurderinga. Mange løysingar er isolert sett innanfor lovkrava, men samla sett vart dette ei dårleg løysing, påpeikar Steen-Hansen.

Bygget hadde heller ingen alternativ rømmingsveg for bebuarane i dei to øvste etasjane. Hadde brannen starta på motsett side av bygget, kunne utfallet blitt katastrofalt.

Det er eit brot på den byggtekniske forskrifta.

– Det er eit alvorleg brot sjølv om det i dette tilfellet ikkje fekk ein konsekvens, poengterer Steen-Hansen.

Boligblokken på Lone i Arna
Lonemarka

– Svikt i kontrollen

Ekspertar NRK har snakka med har tidlegare åtvara mot at brannsikringa og kontrollen med norske nybygg er for dårleg.

– Korleis kunne ein sånn brann skje i eit så moderne bygg? Det bør fanga opp interessa rundt om kring. Både for at ein finn ut kva som var årsaka til brannen, men og for å hindra at ein bygger denne typen bygg i Noreg, sa mangeårig branningeniør Ingvar Gjerland til NRK i 2021.

Branningeniør Ingvar Gjerland

KRITISK: Branningeniør Ingvar Gjerland følgde brannen i Bergen med interesse og søkte innsyn i brannprosjekteringa av bygget. – Eit bustadprosjekt eg aldri ville ha godkjent, uttalte han til NRK.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

No får han støtte i den omfattande granskinga.

Sjefforskar Steen-Hansen ved Rise Fire Research slår fast at kontrollmekanismen som skal sikra branntryggleiken ikkje fungerte.

I Noreg stiller ein krav om at alle byggeprosjekt skal kontrollerast av ein branningeniør.

Deretter skal ein uavhengig branningeniør kontrollera brannkonseptet.

I dette tilfellet har den dårlege løysinga også sklidd gjennom kontrollen.

– Det har svikta i den uavhengige kontrollen. Dei har heller ikkje sett heilskapen i løysingane som blei foreslått, fastslår sjefforskaren ved Rise Fire Research, som poengterer at dei ikkje har hatt som mål å påpeika feil hos aktørane som stod bak prosjektet.

Dei viser til at det står mange blokker i norske kommunar med trefasadar og balkongar i tre.

Prosjektgruppa har difor foreslått ei rekke endringar i byggelova på grunn av storbrannen i Bergen.

Meir spesifikt: i den såkalla rettleiaren til den byggtekniske forskrifta.

– Byggteknisk forskrift med rettleiar er eit stort dokument, og ytingar i rettleiaren er mykje baserte på tradisjon og på løysingar som har vore vurderte som «gode nok». Delar av rettleiinga kan vera kompliserte og vanskelege å tolka sjølv for branningeniørar. Undersøkingar av brannar og brannforsking spelar ei viktig rådgjevande rolle i utviklinga av regelverket, seier sjefforskar Steen-Hansen.

Politiet vurderer ny etterforsking

Politiet har venta på rapporten frå FRIC sidan dei la bort brannstiftingssaka i fjor haust.

No vil dei vurdera kor vidt det er grunnlag for å starta etterforsking mot nokon av aktørane som var involverte i samband med planlegging, prosjektering og oppføring av bygget.

Når me får gjennomgått denne vil me ta ei vurdering på om det skal setjast i verk etterforsking opp mot dei byggetekniske forholda, har politiadvokat Are Nygård Bergh uttalt til NRK i vinter.

Forsikringsselskapet til Bergen kommune har alt varsla regresskrav mot totalentreprenøren LAB AS fordi dei meinte bygget var for dårleg sikra mot brann. LAB avviste kravet kontant.

No har KLP Skadeforsikring i staden vendt blikket mot Europas største ingeniør- og arkitektselskap, Sweco, som hadde ansvaret for brannprosjekteringa.

– Me vurderer framleis regress i saka mot selskapet Sweco i samband med denne saka. Når rapporten ligg føre vil me gjera ei ny vurdering, sa avdelingsleiar i KLP Skadeforsikring Lars Wiig til NRK i januar.

Bakgrunn «Overtenning på disse balkongane er ikke sannsynlig», skreiv rådgjevaren. Så skjedde akkurat det

Totalt utbrent boligblokk i fire etasjer, fotografert fra luften, på Lone i Bergen

Les også Eigedomsgigant får pengekrav etter storbrann – meiner balkongar var brannfarlege

Brann Lone i Arna, tett på, viser bare betongen står igjen i de kraftige flammene

Les også Brannekspertar åtvarar mot brannsikringa i nye bygg. Kais mista alt i storbrannen på Lone

Kais med katten brannatta