Hopp til innhold

Brannvesenet har aldri sett makan – ekspert trur vind spelte nøkkelrolle i storbrannen i Bergen

Fireetasjes blokk overtent i rekordfart. – Brannen er opplagt ei hending eg vil sjå nærare på, seier ein av landets mest erfarne brannekspertar.

Brann Lone i Arna, tett på, viser bare betongen står igjen i de kraftige flammene

KRAFTIG BRANN: Bustadblokka var heilt overtent då brannvesenet kom fram. Det overraskar brannvesenet.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Det var absurd. Heile fasaden på fire etasjar stod i full fyr. Det var ikkje ein kvadratmeter som ikkje var antent. Eg har aldri vore med på noko som dette, sa innsatsleiar Frode Lie om storbrannen på Lone i Bergen natt til laurdag.

Både kommunen og brannvesenet har spurt seg korleis kledningen på heile blokka kunne bli overtent så raskt.

Frå meldinga kom 02.17, tok det 7–8 minutt før brannvesenet var framme. Då var blokka fortapt.

– Me har mange spørsmål me håpar å få svar på, seier direktør for bustad og eigedom i Bergen kommune, Ole Christian Bjørvik.

Innsatsleder Frode Lie i Bergen brannvesen på Lone i Arna

INNSATSLEIAR: Frode Lie i Bergen brannvesen.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Brannekspert: – Lone-brannen ein «case»

I dramatikken som fann stad natt til laurdag, klarte alle 24 bebuarane å redda seg ut. Medan naboar hamra på dører for å vekka dei mange som sov, måtte andre rømma frå flammane trappene iført slippers og tynne jakker.

– Flammane slo innover meg, sa Kenneth Bergesen til NRK dagen etter storbrannen.

Fleire bebuarar NRK snakka med har forklart at flammane stod oppover altanen deira. Augevitne har fortalt at brannen såg ut til å ha starta på ein altan i første etasje, for deretter å ha spreidd seg med høg fart oppover og langs fasaden.

– Brannen på Lone er ei opplagt hending eg vil sjå nærare på, seier Geir Jensen, ein av landets mest erfarne brannekspertar, og produktutviklar spesialisert på fasadebrannar.

24 personer evakuert fra boligblokk i Bergen

KRAFTIG BRANN: 24 personar blei evakuerte frå bustadblokka på Lone i Bergen

– Kle, tekstilar eller gardiner

Etter å ha fått lagt fram vitneskildringane NRK har henta inn frå bebuarane, er Jensen overraska over den raske spreiinga.

Han kallar brannen eit interessant «case».

– Korleis spreiinga kunne skje frå balkong til balkong, leilegheit til leilegheit oppover og horisontalt, forstår eg ikkje.

– Balkonggolvet i ei slik betongblokk skal vera bygd for å avvisa brann bort frå fasaden for å forhindra at flammane nedanfrå skal antenna den neste leilegheita over, forklarar Jensen.

Jensen poengterer at sommarvarmen kan ha ført til at det var ekstra mykje brennbart på balkongane og at dører og vindauge stod opne.

Dersom det har vore kle, tekstilar eller særleg gardiner i opne dører, kan dette enkelt antenna og føra brannen vidare, poengterer han.

– Då kan brannen fort spreie seg, trass i ikkje-brennbare dekk mellom etasjane.

Brannekspert Geir Jensen

EKSPERT: Geir Jensen har spesialisert seg på fasadebrannar.

Foto: Privat

– Vindforholda ein openberr faktor

Natt til laurdag var det kraftig vind i området. Brannvesenets innsatsleiar sa at dei kraftige vindkasta, som tidvis og raskt endra retning, gjorde sløkkearbeidet svært vanskeleg.

Konfrontert med opplysingane om vindtilhøva på Lone, meiner Jensen fleire brikker fell på plass.

– Om det er mykje vind, kan vinden senda av garde flammekast som vil kunne antenna naboleilegheiter både sidelengs og horisontalt.

Jensen trekk fram vindforholda som ein openberr faktor til at brannen kunne få overtak på heile blokka på så kort tid.

Han viser til at vindborne gneistar frå brannen kan legga seg og antenna brennbart materiale på balkongane. Ubrent gass frå brann kan også skjula seg inni røyken. Når gassen rullar ut og møter oksygen, vert gassen antent som ein flamme.

– Vind kan dreia når den møter ein rektangulær bygning, både horisontalt og vertikalt.

– At vinden vann på Lone, har å gjera med at me byggjer inn brannsikkerheit som kan reknast på. Me utelèt det som er vanskeleg å rekna på, slik som vind, meiner han.

Brann på Lone i Arna

UTBREND: Både laurdag og sundag dreiv brannvesenet sløkking på branntomta.

Foto: Julianne Bråten Mossing / NRK

Kebony-kledning

Fungerande direktør for bustad og eigedom, Ole Christian Bjørvik, opplyser at det var brukt Kebony-kledning på den fullsprinkla bustadblokka frå 2012.

– No skal brannvesenet og politiet gjera sine undersøkingar for å finna årsak til brannen og kvifor brannen utvikla seg som den gjorde. Så vil me sjølvsagt ta ei vurdering på om dette kan ha med bruken av kledning å gjera, seier han.

Jensen var med å utarbeida ein rapport etter at det i vinter blei slått alarm om bruken av royalimpregnert kledning på norske hus.

Kledningar for bustader må ha brannklassifisering.

I januar blei det kjent at branneigenskapane for royalimpregnert kledning må testast på nytt. Det førte til at kledningen blei avklassifisert, og til ein mellombels stans i marknaden.

Jensen seier at det ikkje er stor skilnad mellom dei ulike typane kledning i tre.

– Få er laga for å vera spesielt brannhemmande. Alt treverk skal vera brannklassifisert som minimum D, som knapt er ein brannklasse. I den kategorien ligg mellom andre Kebony, som er brukt her.

Vil ha strengare krav

Før brannen laurdag har det vore ein lengre periode med tørke i bergensområdet.

Jensen seier forholdet mellom tørke og vått vêr ikkje har vore ein del av undersøkingane som blei gjort i samband med diskusjonen rundt royalkledning.

Reint vitskapleg ville det ha vore interessant å undersøka nærare, meiner han.

Branneksperten tek til orde for at gjennombrenningstida, ikkje berre overflateeigenskapane, blir ein avgjerande faktor i klassifiseringa av trekledning.

Dei fleste trepanel som blir brukt som veggkledning på norske hus i dag, brenn gjennom på ti minutt. Jensen meiner ein burde stilt krav om 30 minutt.

– På Lone, der brannen spreidde seg inn i leilegheitene er det gjennombrenningstida som er avgjerande faktor. Jo lengre tid det tar, jo meir tid til å sløkkja og evakuera, seier han.

Kriminalteknikere på Lone i Arna søndag

PÅ PLASS: Kriminalteknikarar frå politiet var på plass på branntomta sundag, men det er for enno for varmt til å starta undersøkingar i brannruina.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

For tidleg å undersøka tomta

Han meiner den kraftige vinden kan forklara at storbrannen fekk utvikla seg så raskt, men understrekar at politietterforskinga forhåpentlegvis vil gje alle svar.

Krimteknikarar frå politiet var på plass på branntomta sundag, men varmen og faren for nedfall gjer at det enno ikkje er trygt å starta arbeidet med å finna ut kva som starta brannen.

Sundag driv brannvesenet framleis sløkking og nedkjøling i brannruinen. I betongskalet ulmar det framleis.

– Strålevarmen her har vore enorm, seier innsatsleiar Leif Erik Gjesdal til NRK sundag.