Hopp til innhold

Byråd gjekk mot eigne fagfolk – slik blei brannblokka i Arna til slutt godkjend

I åtte år budde sosialklientar i ei blokk som ikkje var formelt ferdigstilt. Kommunen vedgår at dei aldri ville ha gjort det same igjen.

Brann Lone i Arna, tett på, viser bare betongen står igjen i de kraftige flammene

STORBRANN: Då brannvesenet kom fram til den kommunale bustadblokka på Lone i Arna bydel var heile bygget overtent. Tre personar har status som mistenkte i politiet si etterforsking.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Natt til 7. august blei ei kommunalt bustadblokk totalskadd i ein dramatisk brann på Lone i Bergen.

Ein gjennomgang NRK har gjort viser at bygget som brann var markant annleis enn det bygget utbyggaren hadde gått godkjent.

No kan NRK fortelja at bygget heller aldri fekk på plass ferdigattest.

Ein ferdigattest markerer den formelle avslutninga av ei byggesak, og avsluttar dermed også ansvaret til dei ansvarlege føretaka. Det er eit krav i lovverket at den er på plass.

– Det er sjølvsagt uheldig at ferdigattesten ikkje var komen på plass, seier forvaltningssjef for bustad i Bergen kommune, Ole Christian Bjørvik.

Plan- og bygningsetaten vurderer å gå gjennom eigne rutinar etter brannen.

– Det er ein stor tragedie når eit såpass nytt bygg brenn. Her er det ein historikk, med bruksløyve og nye løyver som er gitt og så vidare, så me vil sjølvsagt vurdera om det er noko me kunne gjort annleis, seier nyleg avgått direktør Mette Svanes.

Reagerte på tilsyn

Leilegheitskomplekset i den landlege bygda Lone blei først forsøkt seld på den private marknaden. Men interessa var laber.

Først då Bergen kommune sin bustadetat kjøpte det gryteklare prosjektet starta bygginga.

Men då kommunen skulle overta det ferdigstilte bygget i 2012 var fagfolka på plan- og bygningsetaten misnøgde: Bygget såg heilt annleis ut enn det som var søkt.

Sidan kommunen under bygging bestemte seg for at blokka skulle brukast til å husa bustadlause med rusproblem, kom entreprenøren med eit forslag:

Å byta rekkverk frå glas og metall til heildekkande tre. På den måten kunne ein hindra innsyn.

Etaten for bustadforvaltning aksepterte denne løysinga.

Montasje bustadbygget som brann på Lone i Arna

STOR SKILNAD: Slik var bygget søkt og slik såg det ut då fagetaten kom på synfaring i juni 2014. Då var huset allereie teke i bruk.

Foto: Link arkitektur/Bergen kommune

Men då kommunen sine folk skulle ta over bygget, reagerte plan- og bygningsetaten negativt på fasadeendringane. For det var langt meir enn rekkverket som var endra.

Dei meinte endringane som var gjort var så betydelege at dei gav ansvarleg prosjekterande Link Arkitektur ei formell åtvaring for ikkje å ha søkt om å endra fasaden.

Deretter avslo byggesaksetaten søknaden om ferdigattest.

Arkitektselskapet svara med å søka om endringsløyve, for at endringane på balkongane kunne bli godkjente i ettertid.

Men byggesaksetaten valde å avslå også denne søknaden.

Endringa utgjorde ei «vesentleg endring av det visuelle og arkitektoniske uttrykket» av bygget som ikkje tilfredsstilte standarden i området, sa fagetaten etter ei synfaring i juni 2014.

Med andre ord: Fagfolka til kommunen syntest ikkje bygget såg fint ut.

Link Arkitektur, som var ansvarleg prosjektarande og søkar, klaga på avslaget. Etaten vurderte saka på nytt, men stod fast på sitt vedtak:

  • «Fagetaten redegjør for at saken er vurdert av flere fagfolk på fagetaten, og opprettholder sin vurdering av at endringen på fasaden fører til at bygget ikke lengre innehar gode visuelle kvalitetet, arkitektonisk utforming og tilstrekkelig bygningsteknologi, slik det opprinnelige prosjektet ble vurdert til å ha», står det i avslaget.

NRK har forsøkt å få ein kommentar frå Link Arkitektur, som var ansvarleg prosjekterande og søkar for prosjektet. Administrerande direktør Grethe Haugland opplyser at selskapet ikkje kan kommentera saka så lenge saka er under politietterforsking.

Blokken på Lone fotografert under befaring med Bergen kommune

SYNFARING: Biletet er tatt då fagetaten var på synfaring juni i 2014. Dei var mildt sagt ikkje imponerte over det dei såg.

Foto: Bergen kommune

Trassa sin eigen etat

Men byråden for byutvikling kom til ein annan konklusjon.

Henning Warloe (H) hadde tatt over posten som byråd i august 2014. Då saka kom på hans pult, vurderte han at bygget var forma ut på ein måte som gjorde «byggverket godt egnet til å betjene sin tiltenkte funksjon».

Då dei bustadlause flytta inn i august 2013, var det i Bergen kommune stor mangel på kommunale butilbod for vanskelegstilte. Warloe vedgår at omsynet til desse var ein faktor som spelte inn i vurderinga.

– Det låg nok som eit underliggande premiss, at dette var eit viktig tiltak å ha på plass. Viss desse måtte settast på gata for at bygget skulle byggast om, ville det bli svært vanskeleg for bebuarane, seier Warloe.

I dag poengterer Warloe, som i dag sit i bystyret for Høgre, at det berre var visuelle og arkitektoniske forhold han som byråd tok stilling til.

For som NRK tidlegare har fortalt, blei brannfaren i liten grad problematisert ved å gå over til å bygga ein balkongkonstruksjon i heiltre.

Warloe seier no at han er overraska over at branntematikken ikkje var del av diskusjonen.

– Etter å ha lese gjennom sakspapira frå den gong, er eg sjølv overraska over at branntryggleiksvurderingar ikkje var noko tema i det heile. Hadde tema vore ja eller nei til branntryggleik, hadde det sjølvsagt vore ei enkel sak å ta stilling til, seier Warloe.

Henning Warloe utenfor Bergen rådhus
Foto: Simon S. Brandseth / NRK

– Me følgjer denne saka med interesse

Dermed fekk bygget den formelle godkjenninga det trong – to år etter at bygget blei overlevert og tatt i bruk av Bergen kommune.

Men bygget fekk aldri ferdigattest.

Det er eit krav etter plan- og bygningslova for alle søknadspliktige tiltak som er avslutta.

Først når søknaden er godkjent, er det lov å ta i bruk bygningen.

Men dersom det er forhold av mindre art som må gjerast ferdig, kan kommunen gi søkar eit tidsubestemt mellombels bruksløyve. Det skjedde i denne saka.

– Me kan ikkje sjå at det nokon gong er søkt om ferdigattest for dette bygget, seier nyleg avgått etatssjef i plan- og bygningsetaten i Bergen, Mette Svanes.

Mette Svanes i Bergen kommune

ETATSSJEF: Nyleg avgått etatssjef i plan- og bygningsetaten i Bergen kommune Mette Svanes.

Foto: Julianne Bråten Mossing / NRK

Mellombels bruksløyve blei gitt før innflytting, men med krav om at søknaden om endringsløyve blei godkjent.

Det skulle gå nesten to år før det skjedde.

Men då det langdryge spørsmålet om fasadeendringa var avgjort, gløymde ansvarleg søkar å søka om ferdigattest.

Dermed blei bustadblokka for sosialklientar formelt aldri ferdigstilt.

Kva praktisk betydning har det?

– At det ikkje har ferdigattest, seier Svanes.

– Kor alvorleg er det?

– Eg kan ikkje seia kor alvorleg det er i denne saka, men det normale er at ein etter gitt løyve søker om ferdigattest når alt er på plass.

– Er det uvanleg at eit utleigebygg med over 20 leilegheiter manglar ferdigattest?

– Det er det nok.

Svanes opplyser at plan- og bygningsetaten ser på sjølve saka og forløpet til den. Dei følgjer den pågåande politietterforskinga tett.

– Me kjem til å følga veldig med interesse det som vil koma fram i etterforskinga. Hittil har me ikkje sett at det har skjedd noko feil i sakshandsaminga vår, men me følgjer sjølvsagt med på det, seier Svanes.

Først når saka er ferdig etterforska vil etaten vurdera om byggesaka frå Lonemarka vil få konsekvensar for korleis etaten jobbar.

Boligblokken på Lone i Arna
Lonemarka

– Ville ikkje skjedd i dag

– Erfaringar, blant anna frå Lonemarka, gjer at kommunen i dag er meir medvitne på at bygg har ferdigattest når dei blir overleverte til oss som byggeigar, seier Ole Christian Bjørvik, sjef for boligforvaltningsetaten i Bergen kommune.

Det var ansvarleg søkar Link Arkitektur som skulle søka om ferdigattest på bygget. Planen deira var ifølge Bjørvik å senda denne når alle søknader var godkjente. Men dette blei gløymd, opplyser han.

I same tidsperiode var utbyggingsavdelinga i etaten under avvikling. Dermed tok heller ikkje Bergen kommune som utbyggar initiativ til å få bygget formelt ferdigstilt.

– Beklaglegvis blei etterlysinga av den manglande ferdigattesten ikkje følgt opp frå vår side.

Bjørvik poengterer at det ikkje hadde noko praktisk betydning at bygget mangla ferdigattest. Han slår likevel fast kommunen har tatt lærdom etter den langdryge prosessen med Lone-blokka.

Bjørvik trekker fram at terskelen for å overta eit prosjekt i dag er langt høgare enn det var då blokka på Lone blei overlevert. I dag ville ikkje kommunen overtatt eit bygg utan ferdigattest, hevdar han.

– Kommunen har vore opptatt av at byggeprosjekt skal ha ferdigattest når dei blir overleverte, men på generelt grunnlag har me blitt meir medvitne på det etter denne saka.

Brannen er framleis under etterforsking. Tre personar har framleis status som mistenkte.

24 personer evakuert fra boligblokk i Bergen

STORBRANN: 24 personar blei evakuerte frå blokka i Bergen