Hopp til innhold

Bybanen: Regjeringa ventar på tunnelutgreiinga

Regjeringa viser til at lokale myndigheiter i Bergen har bestemt seg for å gjennomføra ei ny utgreiing av tunnel som alternativ til trasé over Bryggen. Dei meiner dette aukar usikkerheita rundt gjennomføringa av prosjektet, og skriv i NTP at ei endeleg prioritering frå staten si side vil avhenga av utfallet av den pågåande utgreiinga og seinare forhandlingar mellom staten og lokale myndigheiter.

Dette reagerer Marthe Hammer i SV på.

– Me kan ikkje sitja stille og venta på tunnelutgreiing, då forsvinn folka våre. Desse pengane må på plass. Dette er det me frykta. Dette set heile bybanen til Åsane i fare.

Også Thor Haakon Bakke i MDG reagerer.

– Meyer og Høgre må rett og slett ta seg saman og begynna å ta byutviklinga i Bergen på alvor. Regjeringa stadfestar at pengane er der, Bergem må berre seia at me vil bygga den vedtekne planen.