Hopp til innhold

No vender volleyballproffane heim

Mathias Loftesnes og Lars Fredrik Tvinde er tilbake i Førde volleyballkklubb. – Eit godt grunnlag for å skape det beste volleyballaget Norge har sett, seier sportsleg leiar Martin Berntsen.

Lars Fredrik Tvinde og

SJÅ: Landslagsspelarane Lars Fredrik Tvinde og Mathias Loftesnes er tilbake i Førde volleyballklubb. Til dagleg leiar Tor Kristian Kvammen si store begeistring.

Landslagsspelarane vart presentert under ein pressekonferanse i dag.

Begge har signert eittårskontrakt med Førde når dei no byter proffeventyret med norsk eliteserie.

– Vi veit kva vi kjem til, og valet var veldig lett når det er så mykje positiv energi og pågangsmot i klubben, seier Lars Fredrik Tvinde.

Lars Fredrik Tvinde og Mathias Loftesnes

NY GULLTID: Lars Fredrik Tvinde og Mathias Loftesnes skal på nytt trekkje Førde sine velkjende blå trøyer over hovudet.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Vil studere

Tvinde var ein av Førde sine mest sentrale spelarar då han i juli i fjor reiste til kypriotiske Pafiakos Syllogos Athlopedion. Etter eit vellukka proffopphald stod han likevel utan klubb.

Både Tvinde og Loftesnes spelarane har hatt moglegheit til å returnere til proffspel i utlandet, men Førde volleyballklubb sine ambisiøse planar for framtida virka forlokkande. Klubbar var interesserte i å sikre seg tenestene til Tvinde som førre sesong spelte i kypriotisk toppserie.

Kant- og diagonalspelaren var eliteseriens desiderst største poengsankar då han i 2013 valde belgiske Asse-Lennik framfor Førde. Deretter gjekk turen til tsjekkiske CEZ Karlovarsko. Sogndølen har også bak seg eit opphald i estiske Selver Tallin.

– Eg hadde moglegheit til å halde fram i utlandet, men no får eg høve til å fokusere litt på studier. Alt klaffa, seier Loftesnes.

– Ei ny gulltid

Jan Ove Hafstad og Alexander Dvergsdal

SAMARBEID: Jan Ove Hafstad seier det var eit krav frå fleire hald å leggje lista høgare enn i fjor. Her er han saman med Alexander Dvergsdal i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Etter fjorårets sjetteplass av sju lag i eliteserien, legg Førde lista langt høgare kommande sesong.

Laget har sidan 2007 vore heilt i landstoppen, teke medaljar i serien og cupsigrar.

– Vi har jobba iherdig med dette dei siste to månadane. No har vi endeleg lukkast å hente dei heim frå «utlendigheita». Vi er utruleg nøgde med å få henta heim norges beste spelarar, seier styremedlem Jan Ove Hafstad.

Legg lista høgt

– No går vi inn i ei ny gulltid. Vi skal ha medalje i serien, vi skal til cupfinalen og vi skal søkje deltaking i Nordisk liga, sa Hafstad.

Både sportsleg leiar Martin Berntsen og Hafstad gjekk langt i å love at det kjem nye spelarar framover mot seriestart.

– Desse to signeringane gjer det lettare å hente spelarar frå heile landet, seier Hafstad.