Hopp til innhold

OL-vinnaren spådde medalje i brev ni år før han vart historisk

Natt til laurdag blei Anders Mol historisk då han tok OL-gull saman med Christian Sørum. Men alt for ni år sidan sende han ut brev der han nærast lova OL-medalje!

Anders Mol sin søknad om sponsorstøtte

STORE DRAUMAR: Anders Mol sende ut eit brev om sponsorstøtte og fortalde om OL-draumen allereie som 10.-klassing.

Foto: Tone Elisabeth Stenevik

– Eg er ein ung og ambisiøs volleyballspelar med klare målsetningar!

Tone Elisabeth Stenevik står og les høgt frå ein søknad om sponsorstøtte.

Søknaden er skriven av Anders Mol - for nesten 9 år sidan.

– Min store draum er å vinne OL-medalje i sandvolleyball 2020.

Vart til verkelegheit

No er draumen og spådommen oppfylt.

Laurdag vart fusingen historisk då han tok gull i sandvolleyball i OL. Saman med partnaren Christian Sørum vann 24-åringen over Russland i finalen.

– At dei kom seg til finalen, og tok gullet, det er heilt fantastisk, fortel Stenevik, som er familieven og sambygding med Mol-familien.

Ho hadde så stor tru på guten at ho tok vare på sponsorbrevet i nesten eit tiår.

Det kunne ho stolt vise fram under finalefesten i gullmeisteren si heimbygd, der hundretals av personar møtte opp for å feire deira eigen OL-meister.

Tone Elisabeth Stenevik viser fram sponsorbrevet til Anders Mol

GAMMALT BREV: Tone Elisabeth Stenevik hadde så stor tru på ungguten at ho tok vare på sponsorbrevet frå han som no er OL-meister i strandvolleyball.

Foto: Brynjar Osgjerd / NRK

Eit volleyballsamfunn

Anders Mol kjem frå Strandvik, ei lita bygd med kring 500 innbyggjarar. Bygda, som ligg halvannan time frå Bergen, er regntung og langt ifrå tropisk.

Likevel har ho klart å fostre ein OL-meister i strandvolleyball.

Og det er kanskje ikkje tilfeldig. Mamma, Merita Berntsen Mol, har sjølv spelt sandvolleyball i OL, og pappa Kåre Mol har spelt på landslaget i volleyball.

Dei tre brørne til Anders, og systera på 15 år er også aktive spelarar.

– Me har vore heldige med at lokalsamfunnet har vore så støttande, seier storebror Hendrik Mol, som sjølv vart noregsmeister i sandvolleyball seinast i 2020.

– Når me først flytta her var det klart me måtte ha sandvolleyballbane.

No har den vesle tettstaden seks strandvolleyballbanar.

Og éin OL-meister.

Mann i hvit t-skjorte med mennesker i bakgrunnen.

STOLT BROR: Hendrik Mol er storebror til Anders og fortel at broren har jobba hardt og målretta i mange år.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Hardt arbeid frå start

– Anders har hatt ein draum sidan han var liten. Han har sagt tydeleg at han ynskja å bli verdas beste sandvolleyballspelar, fortel Merita Mol under finalefesten.

Ifølge mora har 24-åringen jobba målretta for å vinne ein OL-medalje sidan han var 11 år.

– Han har tatt gode val, fortel ho.

– Og så var han heldig med å bli så høg, legg broren Hendrik til.

Og det var ingen sjølvfølge, korkje som 11-åring eller 10-klassing, med ein stor draum og sponsorbrev i handa.

Mol og Sørum

DRAUMEN: Tidleg laurdag morgon opplevde Anders Mol at draumen vart til verkelegheit.

Foto: Daniel Leal-olivas / AFP