Mathias Loftesnes i Karlovy Vary
Foto: Rune Fossum / NRK

Stjernespelaren du ikkje har høyrt om

KARLOVY VARY (NRK.no): Visste du at Norge har fem profesjonelle spelarar i ein av verdas største idrettar? Mathias Loftesnes (25) ante ingenting om kva som venta, då han reiste for å leve i ein ukjent by. Anna enn at det ville skape lite merksemd i heimlandet.

– Å rusle i gatene her er jo noko anna enn heime. Her er volleyball populært, med mange TV-sendte kampar. Eg blir stoppa på gata av folk som lurer på korleis det går og vil ta bilete, seier Mathias Loftesnes.

Han er éin av Norges fem profesjonelle volleyballspelarar på toppnivå i Europa. No gjer han suksess for Karlovarsko i Tsjekkia.

Praha, 20. august 2014: Klubbpresident Jakub Novotný har stifta ein heilt ny volleyballklubb i den vesle tsjekkiske byen Karlovy Vary. No er han på flyplassen i Praha for hente den siste brikken i puslespelet sitt.

Ut av flyet kjem ein 25 år gammal volleyballspelar frå Sogndal.

Det er ein proffovergang som ville ha skapt store overskrifter om ein landslagsspelar i fotball hadde gjort det samme. Men heime i Norge er det knapt ein journalist som veit at Loftesnes er på plass i Tsjekkia for å spele for Karlovarsko.

Difor får karane vere heilt i fred der dei køyrer dei nesten to timane i bil vestover gjennom den tsjekkiske landsbygda.

– Det har liksom alltid vore slik. Vi som spelar volleyball har aldri fått mykje merksemd, konstaterer Loftesnes overfor NRK.no.

President Jakub Novotný i Karlovarsko

PRESIDENT: Jakub Novotný er hjernen bak det nystarta laget Karlovarsko.

Foto: Rune Fossum / NRK

Framme i Karlovy Vary – meir kjent som Karlsbad på tysk, går turen rett i idrettshallen. Der får Loftesnes sjå den nye heimebana si for første gong. Så sjekkar han at leilegheita er i orden, før han er klar for si første trening med den nye klubben.

Absolutt alt er nye inntrykk.

– Eg hadde ikkje ein gong høyrt om byen før eg fekk tilbod om å spele for klubben. Men det er veldig fint her, så det var ganske kjekt å komme hit, seier han.

– Det er klart eg var litt skeptisk, men samstundes hadde eg tru på at det skulle gå bra. Eg byrjar jo også å bli vand til dette, smiler Loftesnes.

Sjå video av stemninga i hallen då Loftesnes og Karlovarsko vann den avgjerande matchballen i oppgjeret mot Budêjovice:

For sogningen er i ferd med å bli rutinert innanfor proffvolleyball. Han har tidlegare spelt i toppklubbar i Estland og Belgia.

Med base i ei enkel leilegheit midt i sentrum av Karlovy Vary med sine 50.000 innbyggjarar, lever Loftesnes av idretten sin. Han er det Olympiatoppen vil kalle ein 24-timarsutøvar, som trenar to gongar om dagen og legg livet sitt opp etter å prestere best mogleg.

Det gir ikkje mykje fritid til overs.

Mathias Loftesnes blant spelarar frå mange nasjonar

INTERNASJONALT: Mathias Loftesnes er i selskap med spelarar frå fem nasjonar på Karlovarsko.

Foto: Rune Fossum / NRK

Karlovy Vary, 28. januar 2015: 500 tsjekkarar fyrer opp stemninga med taktfast klapping, heiarop og trommer i ein idrettshall som kan minne om ein slitt gymsal frå det gamle Aust-Europa bak jarnteppet.

Det er midtvekekamp i den tsjekkiske toppserien i volleyball, og tilskodartalet er lågare enn når kampane blir spelte i helgane. Då er det vanleg at publikum står i kø ein time før kampstart.

Speaker presenterer laget. Det er spelarar frå Venezuela, Slovenia, Polen og Tsjekkia. Mathias Loftesnes blir møtt med jubel då han spring inn på bana.

Nordmannen er ein konstant trugsel mot Brno. For heimelaget er han svært viktig på serve og i angrep. Det endar med ein grei 3-0-siger, med Loftesnes i ein av hovudrollane.

– Eg har handplukka han til klubben vår. Mathias er sterk, ein postiv og fin fyr – og veldig god i angrep. Han er viktig for laget. Og populær. Så eg er veldig nøgd med han. Så langt, gliser Jakub Novotný.

Klubbpresidenten har bakgrunn frå volleyball på toppnivå i Europa, og bestemte seg for nokre år sidan for å stifte ein heilt ny klubb i heimbyen. Som sagt, så gjort.

Og: Allereie i sin første sesong har Karlovarsko klatra opp på ein sensasjonell andreplass i den tsjekkiske toppserien. Klubbleiinga torer ikkje snakke om det, men i beste fall kan ferskingane ende opp i Champions League neste år.

Mathias Loftesnes (25) er profesjonell volleyballspelar i Tsjekkia. Sjå klipp frå kamp i ligaen.

FIGURERER I AVISENE: I Tsjekkia er det ikkje uvanleg at volleyballen får store oppslag i media. Sjå video der Mathias Loftesnes viser fram ein artikkel - og bli med på kamp i Karlovy Vary.

Det vil samstundes vere nok ein opptur for norsk volleyball. Fem proffar i utlandet (sjå eigen faktaboks) er fleire enn Norge har hatt nokon gong. Herrelandslaget har komme historisk langt i kvalifisering til ein internasjonal meisterskap. Og Steinkjer-laget Stod sitt damelag er som første norske lag klare for kvartfinalen i Challenge Cup ute i Europa.

Dei hevdar seg i ein av verdas desidert største idrettar målt i deltakartal. Men det er svært sjeldan du høyrer om dei i norske riksmedium.

Proffane lever eit liv i skuggen av kollegaene sine i fotball, handball og ishockey.

– Eg synest jo det er litt kjedeleg. Det hadde vore kjekt om folk kunne få sjå kor bra vi faktisk gjer det, seier Loftesnes.

I Tsjekkia er volleball blant dei største idrettane også i media. Der er 25-åringen frå Sogndal titt og ofte å finne i spaltene, både i lokal- og riksavisene.

Bergen, 2. februar 2015. Det har også Ivar Bakken heime i Norge registrert. Han har vore sentral i norsk volleyball gjennom ein mannsalder, og står bak både norske landslag og herresuksessen Nyborg.

Han samanliknar mediedekninga med 80-talet, då volleyball var ein del av mediebiletet også nasjonalt.

– Vi har enormt gode utøvarar i store ligaer i Europa, men dei blir knapt nemnde i bisetningar i avisene her heime. Eg synest den totale mediedekninga av volleyball i Norge har blitt på eit lågmål, seier Ivar Bakken.

– Journalistar har nok generelt for lite kunnskap om volleyball. Det er ein terskel å finne ut av det, og då vel dei nok å skrive om det dei kjenner best til, seier han.

– Er de flinke nok til å selje dykk inn?

– Det kan vi alltids stille spørsmål ved. Vi har ikkje mange nok som jobbar på mediesida, og det blir ofte til at desse lagar stoff til eigne nettsider og Facebook i staden for å gå ut mot store medier. Så der er det nok eit potensial, seier Bakken.

Det er sportssjef Øyvind Brenne i VG samd i. Som han seier; VG blir ikkje akkurat nedringt av volleyballfolket.

– Men eg synest dei har eit poeng. Det har ikkje vore mykje fokus på dei, og det har vore nokre gode prestasjonar også – så der må vi kunne ta litt sjølvkritikk, seier han.

– Kor mykje volleyball omtalar VG?

– Nei, det er lite. No har damelaget frå Steinkjer gjort suksess i Europa i det siste, og vi gjer ein reportasje om det i desse dagar. Men eg kan ikkje seie at volleyball har prega sportssidene i VG. Det vil det nok ikkje gjere i framtida heller, men vi må berre ta innover oss at vi kunne ha vore flinkare til å gje nokre drypp derifrå også.

Brenne viser til at VG brukar publikumstal som ein indikasjon på kva lesarane er opptekne av. Han meiner at det vil vere ein bra start om volleyballfolket får fram profilar og byrjar å prestere sportsleg.

– Berre sjå på sjakk og det som har skjedd rundt Magnus Carlsen. Om Norge verkeleg slår til i volleyball, kan det jo få samme effekten, seier han.

Mathias Loftesnes jublar på Karlovarsko

SENTRAL BRIKKE: Mathias Loftesnes er ein viktig spelar i angrep for Karlovarsko. Han har vore blant spelarane med høgast killprosent både i den belgiske og den tsjekkiske toppserien. Det vil seie at han har vore blant dei som har slege inn flest poeng på sjansane sine. Samstundes veit han at han berre er ein brikke i ein kynisk bransje.

Foto: Rune Fossum / NRK

Karlovy Vary, 29. januar 2015. Trenaren har gitt Mathias Loftesnes og lagkameratane ein sjeldan fridag etter den komfortable sigeren mot Brno. Laget er inne i ein knallhard periode med mykje trening og mange kampar.

Loftesnes prioriterer å sove lenge. Han må restituere kroppen. Det er behov for fri.

– Eg slit med å få sove etter ein kamp. Dessutan er kampane tunge. Dagen etter kan eg få krampe av å sitje i ro. Femsettskampar gjer rett og slett vondt.

Han spaserer gjennom det gamle sentrum av Karlovy Vary saman med NRK. Her kryr det av russiske turistar, som framleis nyttar den gamle kurstaden til å feriere.

Mathias Loftesnes i Karlovy Vary

FLOTT BY: Mathias Loftesnes angrar ikkje på at han reiste til turistbyen Karlovy Vary for å spele volleyball, sjølv om han ikkje har mykje tid til å sjå på attraksjonar.

Foto: Rune Fossum / NRK

Det er sjeldan Loftesnes har tid til å kikke på turistattraksjonane. Anten er han på trening eller kamp, eller så må han kvile.

– Etter ein kamp er ryggen stiv og lårmusklane pinnstive. Alt eg kan gjere er å finne ein posisjon der eg kan liggje stille til dagen etter, ler han sjølvironisk.

På tross av sin unge alder har han allereie vore profesjonell volleyballspelar i fleire år. Pussig nok - for volleyballspelarar veks ikkje akkurat på tre i fotballbygda Sogndal.

Faktisk var Loftesnes keeper på juniorlaget til Sogndal, då han bestemte seg for å satse som kantspelar på parketten.

Etter nokre sesongar i nabobyen Førde heime i Sogn og Fjordane, proffdebuterte han som nervøs 20-åring framfor 2000 tilskodarar i Estland.

– Eg hadde tru på meg sjølv. Og gav nok litt blaffen. Og det var ingen grunn til å nøle - å bli proff var jo målet mitt, mimrar Loftesnes.

Han skulle snart få merke at profflivet ikkje berre er ein dans på roser.

Sjå heftig ballveksling med Loftesnes og den belgiske toppklubben Asse-Lennik:

Ein av konkurrentane om plassen på laget gjorde alt han kunne for å psyke ut ungguten. Mellom anna stal han kampshortsen for å lage krøll med klubben – og lukkast med det.

– Han prøvde å jekke ned sjølvtilliten min, og eg var ung og tok meg meir nær av det enn eg burde. Samstundes fekk eg lite speletid, og det var eg ikkje førebudd på. Det var tungt, seier Loftesnes.

Han vart skjelt ut etter notar av trenaren, etter at han hadde missa på ein avgjerande serve i ein europacupkamp. Før han skulle tilbake etter sommarferie hadde han mareritt om trenaren. Men så bestemte han seg for å kline til.

– Eg reiste meg og fekk det til. Eg fekk mykje speletid den sesongen.

Etter eit mellomspel i Førde og Belgia vart Loftesnes oppdaga av Jakub Novotný i Karlovarsko under EM-kvalifisering med det norske landslaget.

Dei vart samde om kontrakt.

Trenarane Ivar Bakken og Frank Kalstad.

RINGREV: Ivar Bakken (t.v.) er kanskje den personen som kjenner norsk volleyball best. Her er Nyborg-trenaren i samtale med Førdes Frank Kalstad under ein cupfinale.

Foto: Oddleif Løset/NRK

No lever Loftesnes godt i Tsjekkia. I ei enkel leilegheit med tsjekkisk standard bur han i gangavstand til alt han treng. Trenar to gongar om dagen og har råd til å ete middagane sine på restaurant.

Ifølgje VG og spanske kjelder skal fotballkometen Martin Ødegaard tene 20 millionar kroner i sin nye klubb Real Madrid. Slik summar er det langt ifrå snakk om for Loftesnes.

Men han sutrar ikkje av den grunn.

– Eg har det bra, og klarer å leggje av pengar. Eg kjem meg gjennom studia utan å måtte ha lån, for å seie det slik.

– Eg føler meg veldig privilegert som får oppleve dette. Det er eit veldig enkelt liv der eg berre trenar, et og søv. Eg får pengar for å drive med det eg likar best. Det er eit eventyr for meg, seier han.

Kor kynisk er bransjen?

– Eg veit jo at eg berre er ein brikke på laget, som dei vil ha så lenge eg gjer det bra. Det er inga medkjensle utover det. Det er kynisk. Som då oppleggaren vår hadde ein dårleg start på sesongen, og klubben henta ein erstattar med éin gong, seier Loftesnes.

Han legg til:

– For alt eg veit, kan dei allereie vere på jakt etter ein ny spelar i min posisjon.

Publikum lagar liv for Karlovarsko

LIV PÅ TRIBUNENE: Folk står i kø ein time før kampstart for å sjå Karlovarsko spele kamp. Og folk gir lyd frå seg inne i hallen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Med sine 193 centimeter på strømpelesten ruvar sogningen med den svarte klubbjakka i bybiletet. Det er han og lagkameratane vande til.

Fleire nikkar gjenkjennande til kantspelaren idet han går inn på ein matbutikk i sentrum.

Han blir titt og ofte stoppa på gata av folk som vil snakke om volleyball. 25-åringen er ein av profilane på det nystarta laget, og får med sin spektakulære spelestil mykje merksemd frå media og publikum.

– Det er litt artig, vedgår han.

– Artig?

– Det er jo artig å bli kjent igjen. Eigentleg er det ganske sjukt når ein driv med volleyball og kjem frå Norge. Har jo aldri opplevd slikt heime.