Hopp til innhold

Mathias Loftesnes tilbake på Førde

Volleyballtalentet Mathias Loftesnes har teikna kontrakt med Førde Volleyballklubb. Dermed forlet han profftilværet i Estland der han har spelt dei to siste sesongane.

Mathias Loftesnes

DROPPAR PROFFKLUBBEN: Sogndølen Mathias Loftesnes er tilbake i Førde frå hausten av.

Foto: Sander Heggheim / NRK

22-åringen frå Sogndal seier han gler seg veldig til å ta på seg Førde-drakta igjen og spele for ein av Norges beste klubbar. No håper han å ta heim nye pokalar kommande sesong.

– Eg har teikna ein eittårskontrakt og det skal bli kjekt å spele for Førde igjen, seier sogndølen som forlet klubben i 2009.

Utvikla seg i utlandet

Mathias Loftesnes, Jan Egil Tvinde og Frank Roger Kalstad.

SNART TILBAKE: Frå hausten kan Mathias Loftesnes igjen ta på seg Førde-drakta.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Loftesnes har slite med ein kneskade, men er på betringens veg. Dei to siste månadene i Tallin sat han på benken og kunne ikkje spele. Men han reknar med å vere klar til sesongoppkøyringa 1. august.

Han meiner han har utvikla seg veldig som proffspelar i utlandet.

– Eg har lært veldig mykje, mellom anna fått betre rutine og speleforståing. Eg føler eg har utviklar meg godt dei to sesongane eg har vore der.

– No er vi lukkelege

Ein som er glad for å ha fått Loftesnes heim igjen, er styreleiar i Førde Volleyballklubb, Sindre Roska.

– No er vi svært lukkeleg, for vi var svært ulukkelege då han valde å reise hausten 2009. Han har vakse som spelar, og det er kjempeflott å få han tilbake i Førde.

– Kva betyr det for laget å få han tilbake?

– Han er ein klassespelar. Det å få tilbake ein spelar som har vore proff og har utvikla seg som volleyballspelar i to år under gode vilkår, er verdifullt for Førde.

– Var det pengar som lokka han?

– Nei, det einaste vi ikkje kan lokke med, er pengar. Vi kan lokke med eit sportsleg tilbod.

Kan lokke andre spelarar

Sindre Roska

LYKKELEG: Klubbleiar Sindre Roska gler seg over å få tilbake Mathias Loftesnes.

Foto: Rune Fossum

Loftesnes har vore ein ettertrakta spelar blant fleire klubbar i Europa, og hadde også tilbod om forlenga kontrakt i Estland.

– Det å få han heim, kallar også andre spelarar til klubben. Det blir ein spennande førsesong, for vi har mange interessante spelarar på veg inn i klubben, seier Roska utan å ville kommentere kven dei har i kikkerten.

No skal laget jobbe hardt for å få opp den sportslege satsinga og dei kjem til å rekruttere ein del tidlegare elvar frå Topp Volley Norge.

– Det utfordrar oss til å få på plass eit proff apparat rundt trening og sportsleg utvikling.