Hopp til innhold

Plukka Tvinde som serveoffer i debutkamp - det angrar nok motstandarane på no

Då Lars Fredrik Tvinde spelte sin første seriekamp for proffklubben Pafiakos fredag, vart han av motstandarlaget plukka som serveoffer. Det var kanskje eit litt uheldig trekk, sidan Tvinde er rekna som ein av dei mest habile mottakarane blant norske volleyballspelarar.

Lars Fredrik Tvinde

PROFFDEBUT: Lars Fredrik Tvinde (22) frå Førde debuterte fredag som proff på det kypriotiske laget Pafiakos.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Jau, dei sikta seg vel inn på meg, kan du seie, ler Tvinde.

22-åringen frå Førde fekk ein pangdebut då laget hans møtte Anagennisis Deryneia, og vann 3–0 med settsiffera 25-21, 25–20 og 25–19.

– Det vart mykje serving. Eg vart pepra med ballar ei stund og måtte konsentrere meg skikkeleg heile vegen. Men det gjekk bra, seier Tvinde.

Er eit sterkt lag

Hadde motstandarlaget gjort forarbeid på ungguten frå Førde, ville dei raskt funne ut at han ikkje er til å skubbe seg på når det gjeld mottak. Tvinde trur det er fleire årsaker til at han vart plukka som såkalla serveoffer, altså ein motstandarane trur ikkje vil klare å ta servane.

– Vi har eit veldig godt mottak. Vi har ein libero som er veldig flink, og ein kantspelar som har vore i VM. Så dei plukka vel meg som er ein av dei ferskaste på laget, ler Tvinde.

Han rosar laget for innsatsen, og peikar på at det var eit godt samarbeid som førte til siger i årets første seriekamp.

– Vi møtte eit greitt lag, og det var ikkje opplagt at vi skulle gå av med sigeren. Men vi gjorde alt rett og det fungerte. Så lenge vi gjer det, går alt fint, seier Tvinde, som er godt nøgd med proffdebuten.

(Artikkelen held fram under biletet)

Pafiakos

NYTT LAG: Lars Fredrik Tvinde (framme til høgre) med lagkameratane på Pafiakos.

Foto: Pafiakos

Godt for sjølvtilliten

– Det var heilt supert. Og det gav oss ein veldig god start. Det er godt for sjølvtilliten når vi går sigrande ut av første kampen, seier Tvinde.

Målet har som lag å vinne alle kampar, men dei er klare på at det er fleire tøffe motstandarar i serien.

– Vi har tapt eit par treningskampar, så vi er klar over at det er nokre lag som vert sterke. Men vi må berre fokusere på eige spel og gjere vårt yttarste, seier Tvinde.

Førdianaren har funne seg godt til rette både på Kypros og i nyeklubben, og let vel over måten han er vorte teken i mot på.

– Det har vore heilt fantastisk. Det er berre kjekke folk i klubben, organiseringa er god og eg har det veldig bra. Eg har ikkje lengta heim, seier Tvinde.

Har travel haust i vente

Han er yngstemann på laget og éin av tre nye spelarar i årets sesong.

– Det er uvant å vere yngst. Heime har eg jo ofte vore blant dei eldre. Her er dei fleste mellom 28 og 29 år. I Norge gir folk seg mykje tidlegare, men her blir ein i idretten lengre, seier Tvinde.

No ventar seriekampar kvar einaste fredag fram til 19. desember.

– Då er det juleferie og heim til Førde ein tur, seier Tvinde.