Hopp til innhold

Loftesnes til belgisk toppklubb

Sogndølen Mathias Loftesnes (23) gir proffeventyret ein ny sjanse. Etter to sesongar med Førde, er volleyballtalentet klar for belgisk toppserie.

Mathias Loftesnes på Førde mot Kristiansund

TIL BELGIA: Mathias Loftesnes tok sitt første trofe i Norge førre sesong. No lokkar proffeventyret endå ein gong.

Foto: Rune Fossum / NRK

Mathias Loftesnes har signert ein nimånaderskontrakt med Asse-Lennik. Laget vart nummer fem i den belgiske toppdivisjonen førre sesong, og skal som Førde volleyballklubb ut i Europacupen i haust.

Landslagsspelaren har tidlegare bak seg to år med estiske Selvin Tallin. No er han klar for nye utfordringar, og reiser sørover i august.

– Eg gler meg kjenner eg, sjølv om det er litt tøft å reise heimanfrå og. Men eg kjenner eg er klar for profflivet igjen.

Klar for meir konkurranse

Loftesnes seier han treng å smake på ein liga der han får tøffare kampar og meir konkurranse på trening.

– I Førde er det mange gode spelarar og mange unge, lovande, men eg kjenner at eg kan ha godt av å vere på eit lag der eg blir litt ung og får den rolla som ung og lovande og må utvikle meg. Eg må ha noko å strekkje meg etter, og det er eg ganske sikker på at eg får gjort i Belgia, seier han.

– Den belgiske ligaen er ein av dei betre ligaene i Europa. Den er ikkje like stor som den franske, italienske og den polske, men den er der og det er to lag i Belgia som skal spele i Champions League til hausten, så det er ein god liga, absolutt.

Har fått ein god avtale

Sogndølen kunne godt ha tenkt seg eit år til i Førde, men seier at når han får eit slikt tilbod føler han at det er ein sjanse han ikkje kan takke nei til. Dermed blir han i Belgia frå hausten, og med høgare liga følgjer det også betre betaling.

– Lønna er heilt grei. Det er slik at eg klarar meg og kanskje litt meir. Eg får dekka leilegheit, eg får mat og ein bil, og då har eg det treng. Det er nok meir pengar der ute, men den avtalen eg fekk er eg veldig nøgd med, seier han.

I første omgang blir Loftesnes i Asse-Lennik i ein sesong. Han ser ikkje vekk frå at han ein gong kjem tilbake til Førde, men om moglegheita til å klatre endå høgare byr seg grip han sjansen.

– Eg må ta eit år om gangen. Om eg gjer det veldig bra der og har potensial til å bli betre og kanskje ta steget vidare og eg får eit tilbod, så er det klart at det er aktuelt. Men eg har ikkje tenkt så langt. Eg tar den her sesongen først, og går det bra så får vi sjå kva som skjer, og viss ikkje så har eg andre moglegheiter. Det ser eg når sesongen er ferdig.

Mister den beste spelaren

Det er ikkje kven som helst Førde volleyballklubb misser før sesongen. Som eliteseriens største poengsankar var Loftesnes sentral då sunnfjordingane sikra seg sin andre seriemeisterskap.

Med 316 poeng til sitt namn, var det ingen eliteseriespelarar som sanka fleire poeng enn sogndølen.

– Han var vår beste spelar i fjor og vann poengligaen. Fysikken og råskapen hans gjer at det per i dag er ingen i Norge som kan fylle skoa hans. Dette er synd for norsk volleyball og synd for oss, seier dagleg leiar, Tor Kristian Kvammen.

Førde vart for fleire veker sidan orientert om valet til Loftesnes. Han gav også tidleg etter sesongslutt beskjed om at han ynskte seg nye utfordringar utanfor landegrensene.

Ønsker lukke til

Kvammen forstår lysta til å prøve seg i utlandet igjen og ynskjer sogndølen lukke til med den nye klubben.

– Vi ynskte i det lengste at han skulle bli, og per i dag er det ingen som kan erstatte han. Får vi Jonas Kvalen, så vil det hjelpe. Vi har også spelarar på veg inn, men desse er ikkje av hans kaliber, seier Kvammen.

– Kva betyr dette for Førde sportsleg?

– Vi har framleis mange gode spelarar. Marcin, Lars Fredrik og Jonas Kvalen, om han skulle komme. Det er ikkje sikkert vi blir så frykteleg mykje dårlegare som lag. Vi ser ofte at når stjernespelarar reiser, så hevar resten av laget seg. Samstundes får andre sjansen til å stå fram og tek meir ansvar. Mathias tok mykje av lasset i år.