Hopp til innhold

Mobbesak for retten tysdag

Tysdag startar rettssaka om påstått mobbing og usakleg oppseiing i Fellesforbundet avd 19. I alt 18 namn står på vitnelista.

Jarle Kirketeig

FEKK SPARKEN: Jarle Kirketeig hevdar seg usakleg oppsagd i Fellesforbundet etter påstandar om mobbing. Fellesforbundet meiner på si side at Kirketeig var vanskeleg å samarbeide med. Tysdag startar saka i Fjordane tingrett.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Tidlegare organisasjonsarbeidar Jarle Kirketeig går rettens veg for å få att jobben i Fellesforbundet, og 300.000 kroner i oppreising, for det han meiner er mobbing og usakleg oppseiing.

Han hevdar han vart sjuk av mobbinga. Kirketeig fekk til slutt sparken i forbundet.

– Vart broten ned

Saka som startar i Fjordane tingrett tysdag, og som skal vare ut denne veka, er av det spesielle slaget. For medan Fellesforbundet skal jobbe mot mobbing, blir dei trekt for retten for akkurat mobbing.

Kirketeig hevdar han er blitt mobba og trakassert, og at det i hovudsak var Magne Ulvatn, den valde leiaren i Fellesforbundet i fylket, som stod for det.

– Eg har opplevd ein leiar som har brote meg ned både fysisk og psykisk, fortalde Kirketeig til NRK i august i fjor.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Forbundsstyret inn i mobbesak

SJÅ TV-SAK: Forbundsstyret går inn i mobbesak i Fellesforbundet.

Meiner å sjå samanheng

Kirketeig vil ikkje uttale seg til media før rettssaka.

Advokat Thomas Jarning

TIL SAK: Thomas Jarning representerer Jarle Kirketeig.

Foto: Bård Siem / NRK

Det ynskjer heller ikkje advokaten hans, Thomas Jarning, som i oktober i fjor meinte å sjå samanheng mellom at Kirketeig stod fram på NRK og oppseiinga.

– Slik sett kan saka også vurderast som ei sak om gjengjelding av varsling, og desse tema vil bli rørt ved i rettssaka, sa Jarning.

Avviser skuldingane

Heller ikkje advokaten til Fellesforbundet avd 19, Kari Bergeius Andersen, ynskjer å kommentere saka.

Fellesforbundet i fylket sin advokat, Iuliana Pedersen, avviste i oktober i fjor at Kirketeig har vore utsett for mobbing og trakassering. I staden trekte ho fram at Kirketeig var vanskeleg å samarbeide med.

– Det er ikkje snakk om mobbing i denne saka, men om manglande vilje til samarbeid på arbeidsplassen. Dette er grunnlaget for oppseiinga. Eg vil også understreke at reglane for oppseiing i arbeidslivet er følgt til punkt og prikke, sa ho.

Kallar inn 18 vitne

Kirketeig og advokaten hans har kalla inn 13 av dei 18 personane som står på vitnelista.

Mellom dei som er innkalla er Hyllestad-ordførar Jan Olav Gjerde, LO-sekretær Arvid Langeland og distriktssekretær Oddbjørn Aalen i Fellesforbundet.

Mest sentral for saksøkjaren blir truleg Gjerde då han tidlegare var tilsett i same stilling som Kirketeig. Han hevdar å ha blitt utsett for mykje av den same påståtte trakasseringa.

For motbarten blir truleg Svein Hatlevoll, som sit i fylkesstyret i Fellesforbundet avd 19, eit viktig vitne.