Mannen i 50-åra som arbeider ved skipsverftet Johansen Slip & Mek skuldar sjefen i verksemda for alvorleg trakassering.
Ifølgje advokaten har mobbinga ført til at mannen har blitt arbeidsufør og han krev no 1,2 millionar kroner i erstatning.
– Min klient meiner han har blitt utsett for mobbing frå sin arbeidsgjevar, noko som har ført til at han har blitt arbeidsufør. I utgangspunktet for resten av arbeidslivet. Dette tapet krev han no erstatning for, seier advokat Jarle Ringheim til NRK.no.
Liknar Kirketeig-saka
Saka ved skipsverftet i Vågsøy minner mykje om den langt meir kjende mobbesaka i Fellesforbundet i Sogn og Fjordane.
Jarle Kirketeig har der skulda leiaren sin for alvorleg mobbing.
– Eg har opplevd ein leiar som har brote meg ned både psykisk og fysisk, fortalde Kirketeig NRK tidlegare i haust.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Får støtte frå forbundet
Men på eit punkt er det stor skilnad i dei to sakene. Medan det er intern strid i Fellesforbundet i Kirketeig-saka og Kirketeig sjølv har fått sparken er situasjonen ein heilt annan i denne saka.
I Vågsøy-saka har Fellesforbundet nemleg teke parti med mannen som hevdar å vere utsette for mobbinga. Advokaten hans fortel om alvorleg mobbing og trakassering frå om lag 2005 – 2009, då mannen fall ut av arbeidslivet.
– Det er snakk om verbal mobbing, skjellsord og liknande, seier Ringheim.
(Artikkelen held fram under biletet)
VIL IKKJE SAMANLIKNE: Oddbjørn Aalen er distriktssekretær i Fellesforbundet i Sogn og Fjordane.
Foto: Asgeir Jens Reksnes / NRKVil ikkje samanlikne sakene
Oddbjørn Aalen, som er distriktssekretær i Fellesforbundet i Sogn og Fjordane, meiner dei to sakene er ulike.
– Eg trur ikkje eg vil samanlikne desse sakene, så godt kjenner eg ikkje denne saka. Eg har ikkje noko kommentar utover det, seier Aalen.
– Fellesforbundet har hjelpt mannen i Vågsøy som hevdar seg mobba og trakassert. På kva måte har du og Fellesforbundet hjelpt Jarle Kirketeig?
– Vi har gjort det som vi har gjort mot andre medlemmer, seier Aalen.
– Det finst ikkje bevis
Leiaren i Johansen Slip &Mek blir forsvart av advokat Reidar Blom. Blom ønskjer ikkje å la seg intervjue på radio, men fortel at det ikkje finst bevis for at mannen skal ha vore utsett for alvorleg mobbing frå sjefen sin.
Advokat Ringheim karakteriserer på si side saka som alvorleg.
Saka kjem opp for Fjordane tingrett i månadsskiftet november/desember.
Fellesforbundet i Sogn og Fjordane presiserer at dei prøver å behandle alle medlemmer likt i slike saker, og at forbundet så langt har dekt alle advokatkostnadane for Jarle Kirketeig i saka mot arbeidsgjevaren. Det samme er tilfelle i saka i Vågsøy.