Hopp til innhold

Mowatt ber Ulvatn trekkje seg

Ap-vetaranen Harry Mowatt meiner Magne Ulvatn bør trekkje seg som leiar i Fellesforbundet avdeling 19 i fylket.

Harry Mowatt
Foto: NRK

I den knusande domen frå tingretten går det fram at Magne Ulvatn, den valde leiaren i avdeling 19, har stått bak langvarig trakassering av organisasjonsarbeidar Jarle Kirketeig.

Det blir også konkludert med at oppseiinga av Kirketeig var ugyldig.

LES OGSÅ: Mobbesaka har kosta 1,4 millionar

LES OGSÅ: Sandnes har ikkje tillitt til styret

Samd med Bakke

Ein av dei som har teke til orde for at domen ikkje må ankast er den mektige forbundsleiaren Arve Bakke. Han har teke direkte kontakt med Ulvatn og råda han til ikkje å anke domen. No slår Mowatt følgje.

– Det vil vere merkeleg om denne saka blir anka, seier Mowatt.

LES OGSÅ: – Dom skadar heile Fellesforbundet

LES OGSÅ: Kirketeig feirar med kake og kakao

– Djupt tragisk

Ap-veteranen meiner dette er ei djupt tragisk sak, både for Fellesforbundet sentralt, styret i avdeling 19 og ikkje minst for Jarle Kirketeig som har vorte trakassert.

– Eg oppfattar domen som veldig klar. På den bakgrunn vil det bli vanskeleg for Magne Ulvatn og resten av styret å bli sitjande.
– Så dei bør trekkje seg?
– Eg kan ikkje sjå nok anna utgang på det. Dersom domen blir ståande blir dette ei for tung bør å ha med seg vidare, seier Mowatt.

Skal ta vare på arbeidsfolk

– Kor skadeleg er denne saka for fagrørsla?
– Det er ekstra belastande når dette skjer nettopp i fagrørsla, som skal ta vare på arbeidsfolk. Behandlinga Kirketeig har vore utsett for strir fundamentalt med det fagrørsla skal stå for.

Tek ikkje sjølvkritikk på vegnar av Ap

– Det er tette band mellom Arbeidarpartiet og fagrørsla. Burde Arbeidarpartiet vore på banen tidlegare og sagt si klare meining i denne saka?
– Nei, det synest eg ikkje. Det går ikkje an at partiet blandar seg for mykje inn i interne forhold i fagrørsla, seier Mowatt.

Blir avgjort onsdag

Etter det NRK kjenner til, skal styret i avdeling 19 avgjere ankespørsmålet komande onsdag.

Heilt sidan domen var klar på måndag, har Ulvatn vore klar på at han ikkje vil kommentere noko som helst i denne saka. Advokaten hans har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.