Hopp til innhold

Krev Ulvatn sin avgang

Rolf Geir Hillestad, medlem i Forbundsstyret i Fellesforbundet, meiner Magne Ulvatn bør gå av som leiar i Fellesforbundet avdeling 19.

Magne Ulvatn i rettssal 4 i Fjordane tingrett

BØR GÅ: Magne Ulvatn blir møtt med krav om å trekkje seg etter at Fellesforbundet avdeling 19 tapte saka mot organisasjonsarbeidar Jarle Kirketeig.

Foto: Bård Siem (MMS-foto) / NRK

Denne veka slo Fjordane tingrett fast at organisasjonsarbeidar Jarle Kirketeig vart trakassert på arbeidsplassen sin hos Fellesforbundet, og at den valde leiaren Magne Ulvatn stod bak.

Tingretten meinte også at oppseiinga av Kirketeig var ugyldig.

– No er det ein dom der, og det er ein knusande dom. Dersom domen blir ståande, eller at avdeling 19 skulle tape ei eventuell ankesak, må leiar og eventuelt nestleiar ta følgjene og gå av etter dette, seier Rolf Geir Hillestad.

Kan ekskludere

Rolf Geir Hillestad

KRITISK: Rolf Geir Hillestad.

Foto: privat

Medlemen i det mektige Forbundsstyret i Fellesforbundet meiner dei ikkje kan leve med å ha ein leiar som er dømd for slike forhold.

I domen frå tingretten går det fram at Fellesforbundet har drive langvarig trakassering av Kirketeig.

  • LES OGSÅ: – Konflikten dyssa ned i fem år

Dersom domen blir ståande eller avdeling 19 skulle tape ei eventuell ankesak, er tida moden for at både Ulvatn og andre i styret som støtta oppseiinga av Kirketeig må gå av. Om ikkje, må det vurderast om dei skal ekskluderast, seier han.

– Vi har jo i vedtektene våre moglegheit for suspensjon, eller utelukking over kortare eller lengre tid, når medlemer eller tillitsvalde oppfører seg ukollegialt eller ved straffbare forhold, seier han.

– Tek til etterretning

Magne Ulvatn ynskjer ikkje å seie om han vurderer å trekkje seg, eller om domen blir anka. Han viser til advokat Kari Bergeius Andersen. Ho var i går ikkje tilgjengeleg for kommentar, men har tidlegare gjeve følgjande kommentar i saka.

– Vi vil vurdere korleis vi skal handtere denne domen fortløpande.

– Kva seier du til at enkelte krev at Ulvatn må ekskluderast dersom han ikkje trekkjer seg friviljug?

– Det tek eg til etterretning.