Hopp til innhold

Marianne (57) vart drepen på Nav: – Dei etterlatne kjenner på djup sorg, fortviling og sinne

Det var Marianne Amundsen som døydde etter knivangrepet på Nav Årstad i Bergen. Ho vart 57 år gamal.

Marianne Amundsen, kvinne med hvit frakk smiler mot kamera

DØYDDE: Avdelingsleiar Marianne Amundsen vart knivdrepen på Nav Årstad i Bergen førre veke. Bilete og namn blir frigjeve i samråd med pårørande.

Foto: Ole Myklebust Amundsen

– Dei etterlatne kjenner på djup sorg, fortviling og sinne etter å ha mista si høgt elska mor, dotter og syster, Marianne Amundsen, skriv bistandsadvokaten til familien, May Britt Løvik i ei pressemelding.

Det var måndag førre veke at kvinna blei drepen i eit knivangrep på Nav Årstad i Bergen. Saman med ein anna kollega, vart Amundsen frakta til Haukeland universitetssjukehus.

Ho døydde av skadane, medan den kvinnelege kollegaen fekk lettare skader.

Amundsen vart 57 år gamal. Ho var avdelingsleiar ved kontoret på Danmarks plass.

– Dei etterlatne treng ro og rom for å sørge, og ber om respekt for det, skriv Løvik.

– Ho var ein flott leiar som vi kjem til å sakne. Ho har gjort ein kjempejobb for Nav i mange år, sa Nav-direktør i Vestland, Anne Kverneland Bogsnes til NRK i førre veke.

Blomar ved Nav Årstad tirsdag

BLOMAR: Blomar og lys lagt ned utanfor Nav Årstad sitt kontor etter knivangrepet der ei kvinne vart drepen og ei anna kvinne vart lettare skadd.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Skriven ut frå sjukehus

Kvinna som vart skadd i angrepet, er 29 år gamle Ida Aulin. I pressemeldinga frå bistandsadvokaten kjem det fram at ho no er skriven ut frå sjukehus.

– Ho er sterkt medteken som følge av skader og av hendinga. Ho er også tungt prega av at ein nær og kjær kollega er riven vekk, skriv Løvik.

Aulin får hjelp av kriseteam og blir også vareteken av næraste familie.

Ida Aulin, ansatt på Nav som ble angrepet

SKRIVEN UT: Ida Aulin (29) vart skadd under knivangrepet på Nav Årstad. Ho er no utskriven frå sjukehus.

Skjedde på samtalerom

Angrepet skjedde på eit samtalerom der den no drapssikta gjerningsmannen hadde møteavtale med dei Nav-tilsette kl. 10.00 førre måndag.

Få minutt etter vart politiet varsla om angrepet.

Gjerningsmannen er ein norsk statsborgar (39). Han er fengsla i fire veker, sikta for drap og grov kroppsskade.

Han vart pågripen av politiet inne på Nav-kontoret. Politiet har beslaglagt ein kniv dei meiner er brukt i drapshandlinga.

Væpnet aksjon Nav Bergen

AKSJON: Politiet rykka ut til knivangrepet på Nav Årstad i Bergen med tungt væpna politistyrkar.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK