Hopp til innhold

Nav-kontor i Bergen opna att i dag: – Vanleg med trugslar

I dag opnar fleire Nav-kontora i Bergen opp etter å ha haldt stengt etter knivangrepet. Berre i år har tilsette i Bergen opplevd uønskte hendingar som trugslar og utskjelling 38 gonger.

Ingvild Austestad ved Nav Bergenhus

TILBAKE PÅ JOBB: Ingvild Austestad ved Nav Bergenhus er tilbake på jobb etter av Nav-kontora i Bergen har haldt stengt i tre dagar.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Ei kvinne i 50-åra vart drepen og ei 29 år gamal kvinne vart lettare skadd i knivangrepet på Nav Årstad førre måndag.

Etter angrepet vart alle Nav-kontor i Bergen stengt. I dag opnar fire av fem kontor opp att.

På Nav Bergenhus hadde dei tilsette ein markering med eitt minutt stille før opninga.

– Det er rart å vere tilbake. Men vi er klare for å vere opne, og vil vere der for alle brukarane. Eg føler meg trygg med dei ekstra tiltaka i skranken, seier Ingvild Austestad ved Nav Bergenhus.

Kontoret på Årstad der angrepet skjedde, vil i fyrste omgang vere stengt til og med i morgon av omsyn til politietterforskinga.

Nav Bergenhus åpner etter angrepet på Nav Årstad

STYRKA VAKTHALD: Nav i Bergen doblar talet på vektarar.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Vanleg med trugslar

– Dei fleste vil nok føle på litt meir redsel og frykt. Det er vanleg å få litt trugslar, men som oftast er det verbalt. Det er ubehageleg at det gjekk så langt, seier ho.

Tal frå Nav viser at tilsette i Nav Vestland har i år opplevd uønskte hendingar som truande åtferd, trugslar, hærverk, utskjelling og sjikane 84 gonger.

38 av tilfella skjedde i Bergen.

Anbefalt å gå tilbake

Direktør i Nav Vestland, Anne Kverneland Bogsnes fortel til NRK at leiinga og medarbeidarar i Nav i Bergen har vore samla kvar dag sidan knivangrepet.

– Vi har brukt tida på å vere saman for å bearbeide det vi har opplevd. Vi får profesjonell hjelp til å bearbeide inntrykk og til å førebu oss på å gå tilbake på jobb.

Er mange redde for å gå tilbake på jobb?

– Det er naturleg at mange er engstelege etter ei slik hending. Mange vil oppleve at det tar tid å kome tilbake til kvardagen, men vi har fått ei anbefaling av krisepsykolog om at det er sunt å kome tilbake på jobb så snart som mogleg, seier Bogsnes.

Sikkerhetsrom på Nav Bergenhus

TRYGGLEIKSROM: Eit samtalerom på Nav Bergenhus med høgare tryggleik har tre dører og alarmknapp. Etter kva NRK har fått opplyst skjedde angrepet på eit rom med høg tryggleik.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Bogsnes vedgår at det vil vere tilsette som kan få problem med å gå tilbake, men at desse vil bli følgt opp løpande framover.

Doblar talet på vektarar

Knivangrepet på måndag har på nytt sett fokus på Nav-tilsette si sikkerheit i arbeidssituasjonen.

Etter kva NRK har fått opplyst skjedde angrepet på eit rom med høg tryggleik.

Nav Årstad og Nav Bergenhus er hardast råka av uønskte hendingar som trugslar og utskjelling. Tilsette ved Nav Årstad har rapportert uønskte hendingar 11 gonger i år, i tillegg til angrep på måndag.

Hans-Christian Holte og Anne Kverneland Bogsnes i Nav

SAMLA: Nav-direktør Hans Christian Holte møtte Nav-direktør i Nav Vestland, Anne Kverneland Bogsnes tysdag etter hendinga.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Tilsette ved Nav Bergenhus har blitt råka 12 gonger i år.

Når Nav-kontora no opnar opp, vil det vere med styrka vakthald.

– Leiarar på kvart enkelt kontor har saman med tilsette og hovudtillitsvalde vurdert kva dei har bruk for av styrka vakthald, seier Bogsnes.

Bergen kommune jobbar med å skaffe ekstra sikkerheitsressursar, då alle Nav-kontor i Bergen frå no av skal doble talet på vektarar. Dei fleste kontor har til no hatt éin vektar på jobb.

– I tillegg vil vi frå og med no møte brukarar to og to, der éin av dei skal vere leiar, seier Bogsnes.

Hovudtillitsvald: – Mange har grua seg til opninga

Ifølge Renathe Øen, hovudtillitsvald i Fellesorganisasjonen i Bergen, har dei tilsette det tungt etter hendinga. Mange gruar seg til opninga.

– Sjokket etter hendinga byrjar å endre seg til sorg og usikkerheit knytt til sin eigen arbeidskvardag no når ein skal opne att. Dei spør seg om det er trygt å gå på jobb, har eg grunn til å vere redd, seier ho.

Blomar ved Nav Årstad tirsdag

STENGT: Nav Årstad på Danmarksplass held stengt ut veka, då kontoret framleis er ein åstad for politiet.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Utryggleiken handlar ikkje nødvendigvis om utforming på arbeidsplassen, rutinar og sikkerheitstiltak, men om det medmenneskelege, fortel ho.

– Det handlar om tillit til andre, men også til seg sjølv og sine eigne vurderingar.