Hopp til innhold

1042 hendingar knytt til vald og trugslar mot Nav så langt i år

Enkelte Nav-tilsette er redde på jobb, seier direktør. No krev fagforeining gjennomgang av sikkerheita.

Væpnet aksjon Nav Bergen

VÆPNA AKSJON: Politiet var tungt væpna under aksjonen mot Nav Årstad då to tilsette ved kontoret vart angripne.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK

Måndag føremiddag vart ei kvinne i 50-åra drepen og ei kvinne i 30-åra lettare skadd i eit knivangrep på Nav Årstad i Bergen. Begge kvinnene var tilsett i Nav.

Statistikk frå Nav viser at dette er berre éin av over 1000 hendingar så langt i år som involverer vald og trugslar mot Nav-tilsette.

– Det er jo slik at Nav forvaltar eit oppdrag som skal hjelpe mange i samfunnet, der mange er i ein vanskeleg livssituasjon. Det er difor dessverre innslag av trugslar og vald, seier direktør i Nav, Hans Christian Holte, som kom til Bergen tysdag for å møte dei tilsette.

Trugslar mest vanleg

Hendingane kan vere verbal utskjelling, trugslar om sjølvskading eller sjølvmord, trakassering, hatytringar, hærverk, trugslar eller trugande åtferd og fysiske angrep.

Trugslar om sjølvskading eller sjølvmord, samt trugslar og trugande åtferd utgjer dei fleste av hendingane.

Fram til 1. september i år er det rapportert inn tre fysiske angrep på Nav-tilsette. Dei siste par åra har det vore ein nedgang i trugslar og valdsepisodar.

– Vi har jobba systematisk med sikringstiltak dei siste åra, så det kan vere ein del av forklaringa, seier Holte.

Hans-Christian Holte i NAV. Han står foran en gråg-grønn bygning i det som ser ut som en sentrumsgate. Han har på seg lys blå skjorte, mørk dressjakke og firkantede, svarte briller. Han ser inn i kameraet og ser vennlig ut. Han har grått hår.

DIREKTØR: Nav-direktør Hans Christian Holte seier at dei har jobba systematisk for å betre sikringstiltak for å beskytte dei tilsette i Nav mot vald og trugslar.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Fem gonger meir utsette

No vil Fellesorganisasjonen som organiserer mange Nav-tilsette gå igjennom sikkerheita til denne yrkesgruppa på nytt.

– Dei er fem gonger meir utsette enn i det generelle arbeidslivet, seier leiar i Fellesorganisasjonen, Mimmi Kvisvik.

Dette er bakgrunnen for at organisasjonen bestilte ein rapport frå Fafo i 2019. I denne går det fram at 37 prosent av Nav-tilsette har opplevd vald og/eller trugslar dei siste 12 månadane.

Talet blir 69 prosent når det inkluderer dei tilsette som både har opplevd vald og trugslar på jobb sjølv, eller er kjend med at kollegaer har opplevd det.

– Rapporten viser veldig alvorlege tal. Dette betyr at sju av ti Nav-tilsette opplev vald og trugslar som ein del av sin arbeidskvardag, seier Kvisvik til NRK.

Mimmi Kvisvik, forbundsleiar FO

FORBUNDSLEIAR: Mimmi Kvisvik er leiar i Fellesorganisasjonen og meiner at trongare rammer i velferdstenesta kan påverke brukarar sine haldningar til Nav-tilsette.

Foto: Fellesorganisasjonen

Til samanlikning blir 7,1 prosent i det generelle arbeidslivet utsett for det same.

– Vi jobba systematisk og målretta over fleire år for å få oversikt over situasjonen og sett i verk tiltak, men eg tenker at vald og trugslar i helse- og omsorgstenestene ikkje kan løysast einsidig gjennom vald- og trugselforskrifter. Vi må sjå på korleis velferdstenestene fungerer.

Kvisvik seier til NRK at trongare rammer i velferdstenesta kan påverke brukarar sine haldningar til dei tilsette.

Blomar ved Nav Årstad tirsdag

BLOMAR: Blomar og lys lagt ned utanfor Nav Årstad etter knivangrepet måndag føremiddag.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Enkelte er redde

Direktør i Nav Vestland, Anne Kverneland Bogsnes fortel til NRK at enkelte tilsette er redde.

– Vi har opplevd episodar, så enkelte er redde. Det er enkelte brukarar som er vanskelegare enn andre.

Hans-Christian Holte og Anne Kverneland Bogsnes i Nav

MØTE: Nav-direktør Hans Christian Holte og direktør for Nav Vestland, Anne Kverneland Bogsnes møtte i dag dei tilsette på Nav-kontoret der ei kvinne mista livet.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Ifølge Bogsnes kan arbeidsdagen for dei Nav-tilsette vere tøff.

– Når ein skal vere open, tilgjengeleg og vil møte brukarar, er det ikkje til å unngå at ein treffer på vanskelege situasjonar av og til. Det er tøft. Vi ønskjer ikkje å stenge folk ute, vi ønskjer å møte dei. Korleis vi skal klare den balansen er noko vi må diskutere framover.