Hopp til innhold

Regjeringa kritisert for å blåse opp oljeinntekter

Finansministeren antydar at inntektene frå nytt olje- og gassfelt er tre gonger så høge som det dei faktisk er.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum på markeringen av at Norges største flytende produksjonsskip som snart er ferdig og i løpet av sommeren vil sette kursen mot Johan Castberg-feltet i Barentshavet.

GLIS: Finansminister Trygve Slagsvold Vedum får kritikk for å overdrive inntektene frå Johan Castberg-feltet. Her framfor Johan Castberg-skipet, som er rekna som ein etappesiger i utbygginga av det nye feltet i Barentshavet.

Foto: Silje Katrine Robinson / NTB

CO₂ i atmosfæren
426,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Dette skipet skal pumpe opp verdiar for om lag éin milliard kroner i veka dei neste 30 åra, sa finansminister Trygve Slagsvold Vedum da han sist veke sjøsette gigantskipet Johan Castberg utanfor Stord.

Han tok atterhald om at oljeprisen ikkje endra seg radikalt.

Det reknestykket ikkje tok høgde for er at produksjonen i eit olje- og gassfelt minkar over tid.

Equinor sin eigen produksjonsprofil (frå 2017) viser den fallande tendensen etter dei første og mest produktive åra.

Johan Castberg

NB! Grafen tar utgangspunkt i den opphavlege planen om at Johan Castberg-feltet skulle vere i drift i fjerde kvartal 2022. Ein «giftig cocktail» av sveiseproblem og pandemiutsettingar har utsett starten til siste del av inneverande år.

Foto: Equinor

Får folk til å tru at han er meir lønnsam enn han faktisk er

Stortingsrepresentant for SV, Lars Haltbrekken, reagerer kraftig på at finansministeren «feilinformerer» og «overdriv inntektene frå Castberg-feltet med tre-gonga».

Vedum burde halde seg for god til ein såpass nonchalant omgang med tala, seier han.

Ved å overdrive inntektene frå fossile utbyggingar aukar faren for at det blir sett i gang nye store forureinande olje- og gassutbyggingar.

Kritikken rammar også NRK, som gjentok påstanden om ei vekevis milliardinntekt og ei totalinntekt på 1500 milliardar kroner gjennom 30 år.

Ein enkelt faktasjekk viser at summen er litt meir nøktern:

Dagens oljepris (920 kr/fat) multiplisert med størrelsen til feltet (450-650 millionar fat) gir ei totalinntekt på 414–598 milliardar kroner.

Altså ein tredel av det finansministeren hevda.

1 milliard i veka stemmer sikkert dei første åra, men ikkje i 30 år, seier professor i økonomi, Knut Einar Rosendahl.

I likskap med Haltbrekken reagerer han på at finansministeren spreier «feilinformasjon» i offentlegheita.

Les også Gigantskip skal sikra Noreg 1 milliard kroner i veka – og gje 220 millionar tonn CO₂-utslepp

Trygve Slagsvold Vedum

Departementet: – Ikkje eksakt vitskap

NRK har vore i kontakt med Finansdepartementet som forklarer at koplinga mellom «veke» og «milliard» var basert på «eit uformelt overslag gjort av selskapet sjølv (Equinor, jou.anm.) under ei omvising på verftet».

Det var da snakk om kor mykje dei kan produsere når dei set i gang, skriv departementet i ein e-post.

Dei legg til at reknestykket bygger på fleire usikre variablar, «så nokon eksakt vitskap er jo dette ikkje uansett».

Til påstanden om at opplysninga om ei vekevis milliardinntekt bygger på eit «uformelt overslag gjort av selskapet sjølv», svarer Equinor at informasjonen dei har gitt er i samsvar med dette skrivet.

Skrivet inneheld ingen estimat om totalinntektene frå Castberg-feltet.

Les også Ny investeringstopp for norsk olje og gass

0wFa16awvc8

Med slike feilaktige anslag vil dei vere langt meir villige til å vedta nye store utbyggingar

For 2024 er kontantstraumen til staten frå petroleumsverksemda rekna til 673 milliardar kroner.

Talet omfattar 416 milliardar kroner i skatt og avgifter; 63 milliardar kroner i utbytte frå Equinor; og 194 milliardar kroner frå SDØE.

Haltbrekken meiner reknestykket til Vedum gir næring til forteljinga om dei «uunnverlege» gassinntektene, og slik bremsar «den nødvendige omstillinga».

Dersom regjeringa og Stortinget legg slike feilaktige anslag til grunn, vil dei vere langt meir villige til å vedta nye store utbyggingar, seier han.

Lars Haltbrekken, SV

– Det er best med mest mogleg korrekt informasjon i den offentlege debatten. Det bør vere eit mål i seg sjølv, seier Lars Haltbrekken (SV).

Foto: Erik Wiig Andersen / NRK

– Burde få ansiktet til å legge seg i bekymra foldar, ikkje breie glis

Gigantskipet Johan Castberg fekk ei sluttrekning på meir enn 80 milliardar kroner. Nesten dobbelt så mykje som budsjettet sa.

Summane når det gjeld sprekk er sjølvsagt store, men summane når det gjeld inntening er gedigne, sa Vedum til avisa E24.

Ansvarleg redaktør i avisa Energi og Klima, Anders Bjartnes, kallar det «oppsiktsvekkande at ein finansminister tar så lett på overskridinga» og i staden «lovprisar» utbygginga av Johan Castberg-feltet.

Slikt burde få ansiktet til finansministeren til å legge seg i bekymra foldar, ikkje breie glis, skriv han.

Retorikken tyder på at det er Sylvi Listhaug han ser som sin største konkurrent i kampen om ei gruppe marginale veljarar som er intenst mot alt som smaker av klimapolitikk.

Oljedirektoratet

Det meste av Barentshavet blir rekna som ein umoden og lite utforska petroleumsprovins, sjølv om det har gått føre seg leiting her i meir enn 30 år, og det første funnet vart gjort tidleg på 1980-talet. I november 2022 annonserte regjeringa at den 26. konsesjonsrunden blir utsett til 2025.

Foto: Oljedirektoratet
Norges utslippskilder 1990–2022
Kilde:
Gå til NRKs Klimastatus