Hopp til innhold

Kraft-Noreg samde om ny nettleige – men éin signatur manglar

Etter årelang dragkamp vart energibransjen til slutt samde om ein ny nettleigemodell. Det er berre eitt problem.

Sol og strøm

TING TEK TID: Den nye nettleigemodellen skulle i utgangspunktet tre i kraft frå nyttår, men vart utsett. No er spørsmålet om regjeringa rekk julifristen.

Foto: Paul Kleiven / NTB

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Førre veke meldte NRK at 29 sentrale aktørar innanfor energibransjen var blitt samde om eit forslag til ny nettleigemodell. Nettleige er det du betaler for å overføre straum til der du bur.

Forslaget kjem etter ein kronglete og årelang prosess med fleire høyringsrundar og utsettingar.

Det er godt gjort at vi klarte å finne fram til eit kompromiss, for vi var veldig ueinige, sa generalsekretær Christina Bu i Elbilforeningen til NRK.

Men éin underskrift manglar.

Underskrifta til staten, eller Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), som er den faglege etaten til Olje- og energidepartementet.

Energiavisa Europower skriv at forslaget «vil møte motstand frå NVE» og at NVE-direktør Kjetil Lund er «skeptisk» til forslaget.

Usemja gjeld kva som skal vere størst av dei to komponentane i nettleiga: Energileddet eller fastleddet. Sistnemnde er den faste avgifta, medan energileddet vert styrt av forbruket.

Kjetil Lund

SKEPTISK: NVE-direktør Kjetil Lund er «skeptisk» til nettleigemodellen som 29 sentrale aktørar innanfor energibransjen har blitt samde om.

Foto: Stig Storheil / NVE

Ei tid for alt

NVE vil ha eit fastledd som betre speglar dei faktiske kostnadane for nettselskapa, som er knytt til vedlikehald og bygging av linjer.

Medan dei 29 som har signert forslaget (sjå faktaboks) legg meir vekt på det variable energileddet. Resonnementet er at ein større variabel som svingar i takt med kraftbruken vil stimulere kundane til å spare straum.

Nettleiga bør i mindre grad enn i dag basere seg på straumforbruk, seier NVE-direktøren til NRK.

Og der står saka, fram til 1. juli, som er sett som frist for å innføre den nye nettleiga. Skjønt, fristen har alt vorte skjøve på fleire gongar.

Alfred Bjørlo (V) meiner momentum i saka taler for at regjeringa må leggje innvendingane frå sin eigen faglege etat til side:

Når eit så breitt utval av organisasjonar som tidlegare var sterkt usamde har gått saman og blitt samde om ein felles modell som både energibransjen og forbrukarane kan slutte seg til, så har det ein enormt stor verdi i seg sjølv. Så her må departementet rett og slett skjere gjennom, seier han til NRK.

Han legg til:

– Eventuelt får Stortinget ta ansvar og rydde opp om dette drar for mykje ut i tid.

Dypfryst klesvask til tørk i Madrid under snefallet i januar.

MINDRE BRANNFARE: Den førre nettleigemodellen fekk kritikk for å stimulere folk til å vaske klede om natta, og slik auke brannfaren.

Foto: Paul White / AP

Det skaper ein uheldig vente-situasjon

Cecilie Bjelland er energidirektør i interesseorganisasjonen Samfunnsbedriftene, som har skrive under på forslaget til nettleigemodell. Ho set lit til at departementet legg protestane til side:

Vi er no i eit vakuum etter at den nye modellen vart utsett av politikarar med sprikande interesser. Det skaper ein uheldig vente-situasjon. Eit bitte lite steg i riktig retning er i så måte betre enn stillstand, seier ho.

Liknande appellar kjem frå partiet Rødt og Kraftfylka. Sistnemnde organiserer dei største kraftproduserande regionane i Noreg.

Det er positivt at nettselskapa kjem forbrukarane i møte med eit kompromiss. Slike initiativ bør lyttast til, seier Niklas Kalvø Tessem, som er dagleg leiar i Kraftfylka.

Vi forventar at regjeringa snart legg fram eit nytt forslag til Stortinget, og ikkje berre avviser nye modellar slik NVE gjer, seier Sofie Marhaug (R) i Miljø- og energikomiteen på Stortinget.

Frå Høgre er responsen meir avmålt.

Vi legg til grunn at regjeringa jobbar for å gi folk ei ordning som er rettferdig og praktisk. Vi ventar difor på det regjeringa kjem med, og håpar det skjer raskt, seier energipolitisk talsperson Bård Ludvig Thorheim.

Strømpriser

EI TID FOR ALT: Alfred Bjørlo (V) meiner momentum i saka taler for at regjeringa må leggje innvendingane frå sin eigen faglege etat til side.

Foto: Marius Helge Larsen / NTB

Det er jobben hans å seie frå om dette

Dagleg leiar i Distriktsenergi, Knut Lockert, seier til NRK at han har forståing for NVE sitt utgangspunkt («som er nærmare vårt ønske også»), men at eit bredt kompromiss har stor eigenverdi.

Vi har respekt for at NVE-direktøren kunne tenke seg eit regelverk med litt sterkare lut. Det er jobben hans å seie frå om dette. Så står det att å sjå kor Stortinget hamnar, seier han.

Statssekretær i Olje- og energidepartementet, Amund Vik (Ap), seier til NRK at departementet ikkje kan vere konkrete på noverande tidspunkt.

Men vi er positive til at det er god dialog mellom bransjen og interesseorganisasjonar på viktige område i energipolitikken, også når dei fremjar forslag på eigne initiativ, seier han.