Hopp til innhold

Kraftpolitikarar vil velte Statnett-monopolet

Utbyggjinga av straumnettet i Noreg går sørgjeleg treigt, meiner Frp. No vil fleire opposisjonsparti opprette ein konkurrent til Statnett, som i dag sit åleine med ansvaret.

Statnett på vaskejobb

SØRGJELEG TREGT: Fleire norske kraftpolitikarar tek til orde for at Statnett får ein utfordrar som kan «gjere noko med tempoet for nettutbygging som går sørgjeleg tregt».

Foto: Frida Brembo / Frida Brembo

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

NRK fortalde onsdag at Statnett nesten har tredobla talet på tilsette i selskapet sidan 2006.

Fleire av dei NRK var i kontakt med uttrykte uro for at Statnett veks seg for store og får «eit jerngrep» om norsk kraftpolitikk.

Statnett er i dag både ein marknadsaktør med ansvar for det norske straumnettet og ein fagleg instans som gjev råd til politikarane.

Parallelt med kritikken om at Statnett gjer for mykje ut av seg, går også ein annan kritikk. Om at Statnett gjer for lite ut av seg og ikkje jobbar raskt nok med å «dimensjonere kraftnettet for det grøne skiftet».

Statnett er i dag åleine om å eige, drifte og byggje «motorvegane» i det norske kraftsystemet.

No tek fleire norske kraftpolitikarar til orde for at selskapet bør få ein utfordrar for å «gjere noko med tempoet for nettutbygging som går sørgjeleg tregt».

Orda tilhøyrar energipolitisk talsperson i Frp, Frank Sve, som legg til:

– Heile nettstrukturen må leggjast om.

KrF-politikar Tor Andre Ljosland ser for seg ein konkurrent til Statnett etter modell frå det statlege utbyggingsselskapet Nye Veier, som vart oppretta som ein utfordrar til Statens vegvesen i 2016.

Målet med det nye selskapet var å byggje ny infrastruktur på billegare og raskare vis.

– I dag ser vi at «Nye Veier» har sikra raskare framdrift og at også Vegvesenet har utvikla seg i positiv retning. På same måte kan eit eige «Nye Veier» for straumutbygging få fortgang i utbygginga av straumnettet, seier Ljosland.

– Viktig at dei ikkje eser ut

Fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland (Sp), ynskjer seg ei overføring av oppgåver frå Statnett til dei regionale kraftselskapa, men er «usikker på om det er rett å la fleire statlege selskap konkurrera mot kvarandre».

– Det viktige er at sektoren er under politisk styring, slik at dei statlege etatane ikkje eser ut og får definere politikken og sin eigen eksistens, seier han.

Signala frå Høgre og Arbeidarpartiet er at utbygginga går for sakte, men at dei ikkje utan vidare vil ha endå ein statleg kraftutbyggjar.

– Eg synest ideen om eit Nye vegar for nettutbygging er interessant, men partiet har ikkje tatt stilling til det enno, seier Bård Ludvig Thorheim, som er energipolitisk talsperson i Høgre.

– Det vi trenger er at Statnett delegerer oppgåver til dei regionale selskapa, som betre kjenner dei lokale forholda, seier Høgre-representant Liv Kari Eskeland.

Statnett i Åfjord

KONKURRENT: KrF-politikar Tor Andre Ljosland ser for seg ein konkurrent til Statnett etter modell frå Nye Veier, som vart oppretta som ein utfordrar til Statens vegvesen i 2016.

Foto: Ingrid LIndgaard Stranden / nrk

Utval skal foreslå tiltak som kan redusere tida

Straumnettutvalet, eller det såkalla tempoutvalet, vart sett ned av dåverande olje- og energiminister Tina Bru (H). Blant oppgåvene deira er å foreslå tiltak som kan redusere tida som går med på å byggje nye kraftlinjer.

Rapporten skal vere klar innan 15. juni.

– Regionane treng å vite kvar Statnett står i planleggingsprosessane og kva for komponentar som er kjøpt inn. Her har Statnett eit stort potensial til å forbetre seg, seier Niklas Kalvø Tessem, som er dagleg leiar i Kraftfylka, som organiserer dei største kraftproduserande regionane i Noreg.

Vestland står i dag for 25 prosent av norsk kraftproduksjon.

Olje- og energiminister Tina Bru i Raggovidda vindpark.

FÅ OPP FARTA: Straumnettutvalet eller det såkalla tempoutvalet vart sett ned av dåverande olje- og energiminister Tina Bru (H).

Foto: OLJE- OG ENERGIDEPARTEMENTET

– Det hastar med å finne gode løysningar

Ei av hovudårsakene til dagens straumprisar er at marknadstenkinga har gått for langt, då er det ikkje sikkert oppsplitting og konkurranse er svaret, seier Ole André Myhrvold, som representerer Sp i energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

Han seier likevel at han vil «sjå nøye» på forslaget til politikarane frå Frp og KrF.

Terje Aasland er energipolitisk talsperson for Arbeidarpartiet.

– Det hastar med å finne gode løysningar, men å etablere eit nytt selskap for å bygge nett ala Nye Veier vil ikkje ha noko stor praktisk betydning då Stanett uansett må gjere det meste av arbeidet, seier han.

Endå meir avvisande er MDG, Raudt og SV.

  • Eg er glad for at vi har eit Statnett som legger vekt på å gjere ting skikkeleg, og ikkje eit «Nye Statnett» som får politisk premie for å gjere ting fort og gæli. (Rasmus Hansson, MDG)
  • Ein konkurrent til Statnett løyser ingenting. Då vil det berre opprettast fleire stillingar og enda fleire direktørstillingar og kommunikasjonsrådgivarar. (Sofie Marhaug, Raudt)
  • Forslaget om å kopiere Nye Veier er vi svært skeptiske til. Statnett har blitt store og har mykje makt, men ein ny etat til vil føre til oppsplitting og gjere det vanskeleg å tenke heilskap. (Lars Haltbrekken, SV)
  • Venstre har ikkje gått inn for ein konkurranse til Statnett. Korleis og kva for prosjekt som skal gjennomførast handlar om mykje meir enn berre pris, sjølv om vi også må forvente at Statnett hele tida ser på korleis dei skal halde kostnadene nede. (Ola Elvestuen, V)