Hopp til innhold

Turistbygder fryktar koronakrise: – Nye bookingar har heilt stoppa opp

FLÅM (NRK): Reiselivet merkar følgjene av koronaviruset. Trafikken frå Kina har stoppa opp og bestillingane stuper.

Cruiseskip i Flåm

POPULÆR BYGD: Kvart år kjem over 250.000 cruiseturistar til Flåm.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Vi ser at det stoppar opp med nye bookingar. Vi ligg frå mars til mai omlag 20 prosent bak fjoråret. Det er dramatisk på denne tida av året, seier Sivert Bakk som er dagleg leiar i Flåm Utvikling.

Den vesle bygda i der Flåmsbana og Aurlandsfjorden møtast lokkar årleg til seg omlag ein millionar turistar frå heile verda. Dei siste åra har næringslivet der satsa meir og meir på heilårsturisme.

No fryktar bygda korona-krise, oppseiinger og i verste fall konkursar.

Sivert Bakk

BEKYMRA: Sivert Bakk er leiar i Flåm Utvikling.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Vil merkast kjapt

– Turismen er avhengig av reisande. Får vi mykje sjukdom blant tilsette, er det eit stor problem. Men like stort problem er det om turistane ikkje kjem. Då veit vi at det ikkje går så lang tid før det merkast økonomisk på bedriftene her, seier ordførar Trygve Skjerdal (Sp)

Til hamna kjem det kvart år over 250.000 cruiseturistar. Hamnesjef Tor Mikkel Tokvam i Aurland hamnevesen seier at cruise-sesongen startar for fullt om tre veker.

– Det verste som kan skje er at tilreisande blir smitta og at dette ikkje blir fanga opp før dei går i land.

Om der skulle kome mistanke om smitte om bord i eit cruiseskip, seier han at dei har gode rutinar på korleis dei skal handtere dette.

Er budde på kanselleringar

Hamnedirektør Kjell Fagna ved Nordfjord havn fortel at det i verdssamanheng er ein god del cruise som er kansellerte.

– Vi får det første curiseskipet på besøk i slutten av mars, men vi er budde på kanselleringar.

nettsida til Kystverket blir det gitt informasjon til både skip og hanmner om korleis dei skal forholde seg ved mistanke om smitte.

Ferske tal viser at 86 personar har testa positivt på koronavirus i Norge. På verdsbasis er talet 95.315.

Kerrie Welsh og Frederick Welsh (t.v. og i midten)

TURISTAR: Kerrie Welsh (t.v) seier mange fleire plutseleg brukte masker.

Foto: Håvard Heggen / NRK

Merka stor skilnad på ti dagar

Kerrie Welsh frå Australia er ein av turistane i Flåm. Ho seier dei merkar at situasjonen har endra seg sidan dei reiste frå heimlandet.

– Vi flaug frå Brisbane til Oslo via Dubai. På det tidspunktet såg vi ingen med maske. Innan vi flaug tilbake frå Reykjavik til Oslo, så hadde truleg halvparten av passasjerane maske. Det skjedde i løpet av ti dagar.

Samuel Lau frå Singapore er ikkje spesielt uroa.

– Det går bra å reise så lenge ein dreg til land som er ganske trygge. Dei er ikkje særleg råka og viruset spreier seg ikkje for mykje. Noreg er absolutt eit ganske trygt land enno, seier han.

– Viktig å ikkje skape frykt

I ein kommune der reiselivet betyr alt, følger ordføraren utviklinga av korona-sjukdommen nærmast frå dag til dag. I dag hadde ordførar Skjerdal beredskapsmøte med alle involverte.

Han seier situasjonen er utfordrande og at situasjonen viser kor skjørt samfunnet kan vere.

– Men no er det viktig å ikkje skape frykt, for han kan vere verre enn sjukdommen sjølv.

Trygve Skjerdal

ORDFØRAREN: Trygve Skjerdal er uroa for reiselivet i kommunen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Hotelldirektør: – Tek ein dag av gongen

Også i Stryn kjem det mange turistar kvart år, til mellom anna Hotel Alexandra i Loen og Loen skylift.

Hotelldirektør Richard Grov seier hendingar nasjonalt og internasjonalt alltid har ein påverkand på turisttrafikken.

– For oss er det for tidleg å seie korleis det vil slå ut. Vi tar ein dag av gongen og set ein fot i bakken for å orientere oss, seier han.

– Vi har hatt ein god januar og februar. Det er vi glade for. Det har kanskje vore ein nedgang i nye bestillingar for mars, så vi er spente på korleis det vil utvikle seg.