Nær ein av tre smitta bur i Vestland – slik førebur sjukehusa seg på stort koronautbrot

FØRDE (NRK): Sjukehusa i Vestland bur seg for fullt på å ta imot fleire pasientar. I Førde er det bestilt 300.000 gummihanskar, 7000 smittevernsfrakkar og 1500 vernebriller.

Førde Sentralsjukehus 27.07.18

UTSTYR: Sjukehusa i Vestland førebur seg på at koronautbrotet skal eskalere ytterlegare. Her frå Førde sjukehus.

Foto: Bendik Reed Årvik / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Totalt over 60 personar har no fått påvist det nye koronaviruset i Noreg, opplyser Folkehelseinstituttet onsdag kveld.

Det betyr at det er 23 fleire personar som har fått påvist viruset det siste døgnet.

Vestland fylke har flest smitta, med 20 personar i Bergen og to i Øygarden.

Ingen av dei er alvorleg sjuke, men sjukehusa i regionen er likevel i full gang med å kartlegge kor mykje personell, rom og utstyr dei treng.

– Vi ser at vi må lære opp ein del meir personell ut frå den situasjonen som oppstår. Dei som er på jobb og har grunnkompetanse, vil få opplæring. Vi vil byggje vaktteam slik at vi alltid har tilstrekkeleg kvalitet, seier beredskapssjef Terje Olav Øen i Helse Førde.

Terje Olav Øen

LAGERET: Beredskapssjef Terje Olav Øen i Helse Førde på lageret med verneutstyr.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Veit kva avdelingar som kan brukast

Ved Førde sentralsjukehus har bestilt meir utstyr enn normalt.

Med 300.000 gummihanskar, 7000 smittevernsfrakkar og 1500 vernebriller, meiner Øen dei er førebudde. Helseføretaket manglar likevel litt av det dei treng.

– Vi har litt utfordring knytt til smittevernsmasker, spesielt den typen som blir brukt til personell som er tett innpå. Vi bestilte 1000 i går, og vi har 1000 til som er i bestilling. Vi har på lageret berre rundt 100, seier Øen.

Sjukehuset i Førde har 30 respiratorar til dei som har behov for pustehjelp. Sjukehuset har også planar for korleis dei skal få plass til pasientane om mange treng å bli innlagde, mellom anna på medisinsk sengepost.

– Vi vil etter kvart også ta i bruk dei kirurgisk og ortopediske sengepostane. Vi ser også på høgskulen som har eit sjukepleiesenter. Der er det også gymsal, seier Øen.

Haukeland Universitetssjukehus, sentralblokka

HAUKELAND I BERGEN: Nesten alle personane som har fått påvist smitte i Vestland, bur i Bergen. Mange av dei har vore på reise til Nord-Italia då Bergen hadde vinterferie.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Samarbeid med kommunane

Sjukehus landet rundt har situasjonen under kontroll per no, men fleire forsøker å avgrensa bruken av smittevernsartiklar.

Ved Haukeland universitetssjukehus har dei også kontroll over situasjonen. Overlege Trond Bruun ved infeksjonsseksjonen seier dei har ein god plan.

Men slik som i Helse Førde, blir det utfordrande om mange blir smitta og sjuke på kort tid.

– Vi vil vurdere situasjonen kontinuerleg og vil trappe opp og justere tiltak etter kvart. Vi har også eit godt samarbeid med kommunane, og dette blir sentralt om det blir mange smitta, seier Bruun.

Han fortel at dei har ein opptrappingsplan der dei vil bruke ulike sengeareal avhengig av kor mange pasientar dei har. Planen er å bruke ein mottaksklinikk i ein tidleg fase.

– Der har vi 60–70 plassar. Treng vi meir plass, vil vi bruke spesialavdelingar og vanlege sengepostar etter ein bestemt plan.

Den mest krevjande situasjonen for sjukehuset er om mange treng pustehjelp og intensivbehandling samstundes.

– Det vil vere det mest krevjande, men det er nok ganske usannsynleg scenario. Det vi håper på er om det blir ein epidemi i Noreg, er at han blir strekt ut i tid og at ikkje mange blir smitta på kort tid.

Helse Fonna: Har førebels kontroll

Også lenger sør i Vestland har dei god oversikt over situasjonen så langt. Administrerande direktør Olav Klausen i Helse Fonna seier dei følger situasjonen tett.

– Vi har tilstrekkeleg utstyr per i dag. Helsedirektøren har sagt at dei ønskjer nasjonal samordning av oversikt på leveransar og utstyr, og det er noko vi vil ønskje velkommen.

Førebels har dei tilstrekkeleg med personell, og dei har løpande dialog med vikarbyrå for å sjå om det er mogleg å skaffe ekstrapersonell om det blir behov.

Haugesund fekk det første tilfellet av ein koronasmitta onsdag ettermiddag. Eit tjuetals personar er sett i karantene, melde Haugesunds Avis.

– Om dette blir ein utfordrande situasjon med tanke på talet på pasientar som blir sjuke, vil vi måtte gjere om på prioriteringar av pasientar. Det kan til dømes vere å utsette planlagde behandlingar der det ikkje hastar så mykje.

Ved Helse Fonna har dei 10 ordinære isolat i dag. Om situasjonen krev det, vil dei kunne ta i bruk andre typar rom og bruke dei som i isolat.

– Om situasjonen eskalerer er det først og fremst avgrensingar på personell og kanskje ikkje på utstyr eller rom, seier han.

Status Norge

Sist oppdatert: 25.05.2020
8352
Smittet
40
Innlagt
235
Døde