Hopp til innhold

Gut vart halden under vatn til han mista pusten - no har kommunen fått 100.000 i bot

Som første kommune i landet har Høyanger komme fått ei bot på 100.000 kroner for å ikkje ha gripe inn, trass i at dei visste at det gjekk føre seg alvorleg mobbing ved Høyanger skule.

Høyanger skule/Strengen Gundersen

RYSTA: Leiar i FAU, Elisabeth Strengen Gundersen er rysta over mobbesakene i Florø.

Foto: Kjell Arvid Stølen/FUG / NRK/FUG

– Høyanger kommune har fått tilbakemelding frå Politimeisteren i Sogn og Fjordane har vedteke å gi Høyanger kommune ei føretaksstraff på 100.000 kroner etter dei to politisakene som starta opp vinteren 2013 og hausten 2013, seier rådmann i Høyanger, Arve Varden.

I februar 2013 og november 2013 vart Høyanger kommune politimeld av foreldra til to elevar ved Høyanger skule. Dei meinte elevane ikkje var tilstrekkeleg følgde opp etter det foreldra meinte var langvarig psykisk og fysisk mobbing.

Den eine guten skal ha vorte halden under vatn i symjehallen til han mista pusten, samt at han fekk hovudet dunka mot ein murvegg. Saka eskalerte då ein medelev gjekk til angrep på guten med kniv i skuletida.

La vekk saka

Saka om guten, som vart mobba og utsett for vald frå ein medelev frå 2. til 6 klasse, vart lagd vekk av politiet, då dei meinte det ikkje hadde skjedd noko straffbart. Saka vart anka til Statsadvokaten som gav beskjed om at saka skulle etterforskast på ny.

Familien til ein annan gut politimelde så kommunen i november 2013, og begge mobbesakene vart då etterforska ved same kontor, sidan dei to elevane gjekk i same klasse.

No har politimeisteren vedteke at Høyanger kommune har brote to punkt i Opplæringslova.

– Det eine er at leiinga og dei tilsette ved Høyanger skule ikkje sette inn tilstrekkelege tiltak for å førebyggje at hendingane, som vi er politimelde for,kan skje. I tillegg til at vi ikkje har fatta einskildvedtak når det gjeld psykososialt miljø på skulen, seier Varden.

Ønskjer å orsake til familiane

– Vi har den største respekt for familiane. Eg ønskjer på vegner av kommunen å be dei elevane og foreldra det gjeld om orsaking dersom dei ikkje har hatt gode opplevingar i kontakt med Høyanger skule, og dersom dei ikkje har fått den omsorga og oppfølginga som dei har krav på, seier Varden, og legg til at saka ikkje vert teken lett på frå kommunen si side.

– Både politikarane og Høyanger kommune som organisasjon tek dette på høgste alvor. Vi tykkjer sjølvsagt ikkje det er greitt at vi har fått dette førelegget, seier Arve.

Kommunen starta på hausten i fjor eit arbeid, etter tilsynsrapportar frå Fylkesmannen, der dei tok tak i ein del problemstillingar.

– Mellom anna ein del av dei problemstillingane som står i det førelegget vi har fått. Tilbakemeldingane frå Fylkesmannen tyder på at vi er på rett veg med å få på plass eit system som skal førebyggje så godt som råd at ikkje slikt skjer igjen, seier Varden.

Ønskjer å leggje saka bak seg

Høyanger kommune har fem dagar på seg for å avgjere om dei godtek førelegget. Dei kan også søkje om å forlenge denne fristen.

– Vi ønskjer så snart som mogleg å få lagt saka bak oss, men vi har ikkje teke stilling til om vi godtek førelegget eller ikkje. Det vil vi vurdere, men vi ønskjer å komme vidare og rette fokus mot å ta vare på dei borna som går på skulen vår og gi dei eit best mogleg tilbod, seier Varden.

– Eg skulle svært gjerne vore dette forutan, seier Varden.

Arve Varden

TILTAK: Rådmann i Høyanger, Arve Varden, understrekar at kommunen tek saka på alvor, og er i gang med tiltak for å sikre at ikkje noko liknande kan skje igjen.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Kommunen tok tak i problemstillinga i fjor haust, og Varden meiner dei er på rett veg.

– Vi har følgt opp dei tilsynsrapportane som Fylkesmannen hadde mot oss, og rett før helga fekk vi tilbakemelding om at Fylkesmannen hadde lukka saka og var nøgd med det arbeidet vi har gjort så langt, seier Varden.

Har hatt brei gjennomgang

– Eg håpar at organisasjonen vår har sett alvoret i dette. Vi har på gang eit tiltak og eit system som gjer at vi ikkje skal komme i ein slik situasjon seinare, seier Varden.

– Er du trygg på at det er første og siste gong kommunen er i ein slik situasjon?

– Eg er iallfall trygg på at vi har hatt ein brei gjennomgang i organisasjonen vår på alle skular, og at dette er kommunisert bra ut, seier Varden.

Han legg til at kommunen har varsla om at dei ønskjer å ta ytterlegare grep for å hindre at noko slikt kan skje igjen.

– Vi har også sagt til Fylkesmannen at vi ønskjer å gjennomføre interntilsyn på skulane for å sjekke at det systemet som vi no har etablert, blir etterlevd. Min ambisjon er at vi frå kommunen si leiing skal gjere det vi kan for å byggje opp gode system på skulane i kommunen, seier Varden.