Hopp til innhold

Ankar politiet si avgjerd i mobbesak til Statsadvokaten - meiner kommunen må straffast

Den alvorlege mobbesaka i Høyanger vart lagt vekk av politiet. Men no ankar familien politiet si avgjerd inn for Statsadvokaten og krev vidare etterforsking.

Snorre Bull Sæverås

ANKAR: Advokat Snorre Bull Sæverås har på vegner av familien anka politiet si avgjersle i mobbesaka i Høyanger.

Foto: NRK / advokatfellesskapet.com

I februar i år melde foreldra til ein ung gut Høyanger kommune til politiet, etter at sonen deira har vore utsett for mobbing gjennom store deler av barneskulen. Politiet valde å leggje vekk saka fordi dei meinte at skulen og kommunen ikkje hadde gjort noko straffbart.

No har familien til guten via sin advokat anka politiet si avgjerd vidare til Statsadvokaten i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Dei ønskjer no vidare etterforsking, fordi dei meiner at kommunen har brote opplæringslova på ein slik måte at kommunen kan straffast.

Vil ha vurdert saka på nytt

– Bakgrunnen for det er at at vektlegginga er grunngjeve med at politiet har konkludert med at det ikkje føreligg nokon straffbare tilhøve. Dei viser mellom anna til at mobbaren ikkje er over den kriminelle lågalderen, og syner også til at andre lovar og reglar er vurdert utan at straffebestemmelsen i opplæringslova er vurdert, seier advokat Snorre Bull Sæverås til NRK.no.

Politiadvokat Anette Stegegjerdet Norberg har vore påtåleansvarleg i saka, og tok eit initiativ til at ei av løysingane på den vanskelege saka kunne vere eit møte mellom familien, skulen og politiet. Dette vil det ikkje bli noko av, iallefall ikkje før Statsadvokaten har sagt sitt.

Sender saka vidare

Ho ønskjer ikkje å kommentere saka slik den står i dag, men seier til NRK.no at fornærma er i si fulle rett til å klage saka vidare.

– Det som no vert gjort frå politiet si side er at saka vert oversendt Statsadvokaten for handsaming, seier Stegegjerdet Norberg.

Tidlegare har ho uttalt til NRK at politiet har etterforska saka breitt, henta inn dokumentasjon, avhøyrd aktuelle lærarar og leiinga om kva som kan ha skjedd på skulen i samband med mobbinga.

– Bør vurdere straffereaksjon

No må Statsadvokaten vurdere om det er grunnlag for ei meir omfattande etterforsking av den alvorlege mobbinga.

– Vi har jo påklaga dette fordi vi meiner at at dette er så alvorleg at det kan vurderast ein straffereaksjon. Dette er jo ei prinsipiell sak dette, som vi meiner fortener ein grundig påtalemessig gjennomgang og vurdering frå påtalemakta, seier familien sin advokat, Snorre Bull Sæverås.