Hopp til innhold

Belgiske Ventyr vant den første havvind-konkurransen: – Dette er ein gledesdag

Etter ein intens bodkrig vann belgiske Ventyr den første havvind-konkurransen på norsk sokkel. Kontraktprisen er 115 øre per kilowattime.

Havvind

FLAU VIND: Det norske havvindeventyret er ramma av auka kostnader og auka press på leverandørkjedene ettersom «alle» nabolanda våre skal nå 2030-måla sine.

Foto: Terje Pedersen / NTB

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Belgiske Ventyr vann den første havvind-konkurransen på norsk sokkel. Kontraktprisen er 115 øre per kilowattime.

Kontrakten er utforma slik at Ventyr vil betale det overskytande til staten når straumprisen er høgare enn 115 øre kilowattimen. Når straumprisen er lågare, vil staten betale utbyggaren slik at dei likevel får 115 øre kilowattimen.

Kontraktsprisen påverkar ikkje støttebeløpet. Der har Stortinget sett eit tak på 23 milliardar kroner.

Statsminister Jonas Gahr Støre og energiminister Terje Aasland kallar det ein milepæl i norsk energihistorie, og uttaler at bodkrigen har vore intens.

– Ein fotballkamp blir lite spennande til samanlikning, sa energiminister Terje Aasland.

– Dette er ein gledesdag for norsk energihistorie. I ei tid der vi treng meir kraft, meir nett og meir Enøk, har vi nå eit handfast grep for meir kraft, seier statsminister Jonas Gahr Støre.

Dei har ingen problem med at utbyggaren ikkje er norsk.

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,26 kr
Dyrest kl. 20 1,77 kr

Auksjonen har gått føre seg sidan måndag 18. mars klokka 09:00. Før auksjonen var det knytt stor usikkerheit til om det ville komme bod, men etter kvart blei det klart at det var minst to konsortium som baud mot kvarandre.

– Det er herleg å sjå at pessimistane blei kraftig motbeviste. Nå kan havvindeventyret i framtida begynne, seier Trond Markussen, president i NITO, Noregs største fagforeining for ingeniørar.

Jonas Gahr Støre på budsjettkonferanse på Klækken hotell i dag.
Javad Parsa / NTB

Jonas Gahr Støre, statsminister

– Å leie Noreg gjennom det grøne skiftet, er ein av våre viktigaste oppgåver som regjering. For å utvikle Noreg vidare, er svaret på nesten alle spørsmål at vi treng meir kraft. Derfor er eg veldig glad for at vi har gjennomført ein vellykka auksjon. På vegner av regjeringa vil eg seie gratulerer til Ventyr SN II AS og ser fram til vidare samarbeid. Nå er vi i gang.

Hydrogen Ørskog
Remi Sagen / NRK

Nikolai Astrup, Høgre

– Det er fint at havvind-auksjonen landa på eit relativt lågt prisnivå. Dette lovar bra for industriutviklinga og kommersielle prosjekt framover. Spørsmålet nå er kva regjeringa vil gjere vidare for å sikre at havvindsatsinga ikkje krev like høge subsidiar for kvart enkelt prosjekt framover. Vil dei avklare at vi treng hybridkablar til neste fase, og eit nordsjønett på sikt?

Frp landsmøte 2018.
Vidar Ruud / NTB scanpix

Terje Halleland, energipolitisk talsperson i Frp

- Ein garantipris på 115 øre kWh ligg godt over regjeringa si eiga straumstøtteordning, milevis frå tidlegare snittpris. Dersom ein skulle vere så heldig at energiprisen går under 115 øre kWh skal staten altså inn å subsidiere prosjektet oppimot 23 milliardar kroner. Sett ut frå framtidig havvindsatsing i Noreg hadde alle vore tente med at det ikkje hadde komme inn bod i denne omgangen.

Fosen Dommen
William Jobling / NRK

Sofie Marhaug, Raudt

– Auksjonen har vist oss at havvindsatsinga er avhengig av høge kraftprisar, godt over ei krone per kilowattime, for å gå i pluss, slik Raudt har åtvara mot. Dette er høge kraftprisar som er skadelege for folk og bedrifter i Noreg. Vi trur dei 23 milliardane som skal brukast på dette kunne blitt brukt betre på andre tiltak.

Regjeringas forslag til endringar i statsbudsjettet
Stian Lysberg Solum / NTB

Kjell Ingolf Ropstad, KrF

– Det er veldig bra at det nå er bekrefta at mykje havvind skal byggast ut. For KrF var det avgjerande for å bli med på einigheita om havvind at dette vil gi om lag 7 TWh og dessutan at dette skal gi viktige lokale ringverknader. Eg forventar at regjeringa og Ventyr sikrar at det blir skapt arbeidsplassar og store ringverknader lokalt.

Rasmus Hansson stortingsrepresentant og næringspolitisk talsperson i MDG.
Annika Byrde / NTB

Rasmus Hansson, næringspolitisk talsperson for Miljøpartiet Dei Grøne

– Dette er starten på ein enormt viktig epoke i norsk industrihistorie, og eg er glad for at Ventyr har ein norsk industripartnar. Klimaet, havet og leverandørindustrien treng meir fornybar energi med minst mogleg naturinngrep, og havvind er den beste moglegheita Noreg har til å bygge ut fornybar energi utan å øydelegge naturen.

Generalsekretær i WWF Verdens naturfond, Karoline Andaur

Karoline Andaur, WWF Verdsnaturfondet

– At Noreg fått det første store havvindprosjektet sitt er ein historisk og viktig milepæl i overgangen frå eit fossilt til eit fornybart samfunn. Nå er det likevel på høg tid at regjeringa sikrar at havvindsatsinga blir berekraftig. Tydelege minste- og konkurransekriterium for natur og berekraft må på plass i konsesjons- og auksjonssystemet for havvind

Åslaug Haga, Leder Fornybar Noreg
Thomas Ystrøm

Åslaug Haga, leiar av Fornybar Noreg

– Ei svært spennande ventetid er over. Vi er svært glade for at Noreg nå er i gang med det første store havvindprosjektet sitt. Dette vil bidra med stor kraft til omstillinga av Noreg, men også store moglegheiter for norsk leverandørindustri. Nå må vi komme raskt i gang med utlysinga på Utsira nord og nye felt langs norskekysten.

Lars Haltbrekken, Sosialistisk venstreparti
Tale Hauso

Lars Haltbrekken, SV

- Dette er ein viktig dag for Noreg. Prosjektet vil føre både til grøn omstilling i leverandørindustrien, Noregs viktigaste næring, og gi nødvendig ny fornybar kraft til Sør-Noreg. Framover blir det viktig å sikre at prosjektet blir realisert så raskt som mogleg, og sikre grundige miljøkartleggingar for å avgrense konsekvensane for fisk, fugl og natur.

Dagleg leder i Zero, Sigrun Gjerløw Aasland
Caroline Dokken Wendelborg

Sigrun Gjerløw Aasland i Miljøstiftelsen Zero

‒ Dette er ein historisk dag! ZERO gratulerer Ventyr, og vi ønsker lykke til i det vidare arbeidet med å realisere den første storskalaen utbygginga av havvind i Noreg. Krafta frå Sørlige Nordsjø blir viktig for å realisere klimakutt, lågare straumprisar og for konkurransekrafta til næringslivet.

Leiv Ingve Ørke
Odin Omland / NRK ROGALAND RYKKE2

Leiv Ingve Ørke, fornybar energi i Lyse

– Konsortiet Shell/Lyse/Eviny deltok ikkje i auksjonen. Vi gratulerer vinnaren og ønsker dei lykke til med utviklinga av den viktige utbygginga av Noregs første storskala havvindpark. Den viktigaste grunnen til at vi ikkje deltok i auksjonen, var at vi rekna usikkerheitene som for store i forhold til forventa avkastning.

Hildegunn T. Blindheim, administrerande direktør Norsk olje og gass.

Hildegunn T. Blindheim, administrerande direktør i Offshore Noreg

– Det er gledeleg at Parkwind og Ingka Investments i dag har vunne auksjonen for Sørlige Nordsjø II. Dette er startskotet og ein stor merkedag for havvindindustrien i Noreg. Når vi veit at rammevilkåra for å bygge ut Sørlige Nordsjø II har vore krevjande, så er det ekstra hyggeleg at vi har selskap på som ønsker å bygge ut det første store havvindprosjektet på norsk sokkel.

Trond Markussen, President NITO
Carina Johansen / NTB scanpix

Trond Markussen, president i NITO, Noregs største fagforeining for ingeniørar

– Auksjonen viser tydeleg at bedriftene ser potensialet som ligg i havvind. Den gigantiske investeringa som nå skal gjerast krev mykje kompetanse. Vi manglar allereie tusenvis av ingeniørar og kampen om hovuda er tøffe. Kompetansekrisa vil påverke havvindsatsinga, så det blir ei viktig oppgåve å løyse.

Arvid Nesse, leiar i Norwegian offshore wind
Håvard Nyhus

Arvid Nesse, leiar av Norwegian Offshore Wind

– Ventyr er eit spennande konsortium, der Parkwind har solid erfaring med utbygging av havvind. Parkwind har allereie vist stor interesse for å mobilisere den norske leverandørkjeda, og vi er glade for å ha dei med som medlem hos oss i Norwegian Offshore Wind. Med NorSea som ein sterk norsk partnar har vi tru på at dette blir ei god løysing for den norske leverandørindustrien.

Gro Anita Mykjåland Senterpartiet Agder
Ina Marie Sigurdsen

Gro-Anita Mykjåland, energipolitisk talsperson for Senterpartiet

− Nå har startskotet for havvindsatsinga gått for alvor. Dette er veldig gledeleg for heile Noreg. Nå får vi meir kraft til eksisterande og ny industri og næringsliv langs heile sørlandskysten. Kraftproduksjonen vil gi oss nærare 7 terawattimar meir som regjeringa har sikra at skal gå direkte til Noreg.

Christian Eriksen er fagsjef i Bellona
Fredrik Naumann/Felix Features

Christian Eriksen, fagsjef i Bellona

– Dei neste havvindprosjekta må ned i pris. Bellona meiner regjeringa må legge ein overordna plan for kraftproduksjon på norsk sokkel, og spesifikt korleis havvind kan integrerast med storskala gasskraft med karbonfangst og -lagring (CCS) og eksisterande kraftkablar på sokkelen. På den måten kan ein redusere risiko, utbyggingskostnader og bygge eit nytt og robust kraftsystem.

På det meste oppgav 11 aktørar eller konsortium at dei ville konkurrere om å byggje ut havvind på Sørlige Nordsjø II.

Nært opp mot auksjonen kunne dei interesserte teljast på éi hand:

  • Equinor og RWE (Tyskland)
  • Ventyr (Parkwind, Belgia og Ingka, Sverige)
  • Aker Offshore Wind, BP (Storbritannia) og Statkraft
  • Shell (Storbritannia), Lyse og Eviny

Etter det NRK erfarer var det dei to øvste som faktisk deltok i auksjonen.

Ingka er investeringsselskapet til Ikea.

Den dalande interessa har vore til sjenanse for energiminister Terje Aasland (Ap) som ikkje berre har brukt politisk kapital på havvind, men også har investert kjensler i saka.

Då han på same tid i fjor lyste ut dei første lisensane, gjorde han eit poeng av at han «sjeldan får tårer i auga av å lese regjeringsnotat».

Men når det gjeld havvind trur eg dei fleste har hatt ei tåre i augekroken, la han til.

Kart som viser to felt som er åpnet for havvindutbygging allerede, Sørlig Nordsjø II og Utsira Nord.

Havvindanlegget som skal byggast i området Sørlige Nordsjø II nær havgrensa mot Danmark er på 1.500 megawatt. Det kan gi ein straumproduksjon på 6–7 terawattimar (TWh) årleg

Foto: NVE

– Det er berre idiotar som trur at dette er gratis

Parallelt med at statsråden har svinga seg opp til oratoriske høgder, har det norske «havvindeventyret» i beste fall hatt rev i segla.

Bakgrunnen er det Bloomberg karakteriserer som «ei økonomisk krise i havvindsektoren». I norsk samanheng demonstrert ved at Equinor droppa Trollvind-satsinga i fjor sommar.

På same tid skreiv leiar i Energikommisjonen, Lars Sørgård, ein oppsiktsvekkande kronikk i Dagens Næringsliv der han lista opp seks grunnar til at Noreg bør setje havvindsatsinga på pause.

– Det er litt rart når han leidde ein kommisjon som konkluderte med å etterlyse så mykje kraft som mogleg så raskt som mogleg, kvitterte statsminister Jonas Gahr Støre.

Til støtte for optimismen til regjeringa er følgande: Aldri er det bygd ut meir havvind enn i 2023.

Og i ei ny undersøking seier 6 av 10 nordmenn at havvind er ein god ide.

Dette er gode tal, seier direktør for havvind i Offshore Noreg, Roger Pedersen.

Skal vi greie å nå klimamåla og skape ny grøn industri, så viser alle prognosar framover at havvind speler ei sentral rolle i energimiksen.

Ambisjonen til regjeringa er at havvindparken Sørlige Nordsjø II skal stå ferdig i 2030, og bidra med 6,5–7,0 terawattimar (TWh) straum i året, avhengig av kor mykje det blåser.

For å bidra til realiseringa har staten tatt på seg å sponse bygginga med opptil 23 milliardar kroner. Justert for inflasjon dreier det seg i praksis om 24 milliardar kroner.

Om det er nok er likevel ikkje gitt, symbolisert ved ei scene under Oslo Energy Forum i februar.

Da energiminister Terje Aasland peika ut Equinor og Statkraft som spydspissar i havvind-satsinga, snudde konsernsjefane i dei to selskapa seg og kikka bakover i salen.

«Med ein viss humor signaliserte dei to at dei tilsynelatande lurte på kven Aasland snakka om», rapporterte Aftenposten.

Les også Havvind i Norge kan bli så dyrt at ingen vil bygge

Havvindparken Dudgeon utenfor østkysten av England.

Bakgrunnen var eit nytt estimat frå den svenske storbanken SEB om at Sørlige Nordsjø kan krevje så mykje som 7 milliardar euro (nær 80 milliardar kroner) i investeringar.

– Alle er einige i at det grøne skiftet er dyrt. Det er berre idiotar som trur at dette er gratis, sa nestleiar i SV, Torgeir Fylkesnes til E24 4. mars.

I selskap med blant anna WWF har han tenkt høgt om eit mogleg havvind-fond der pengar frå CO2-avgifta og ei eventuell elavgift på sokkelen blir sprøyta inn i eit milliard-fond som kan finansiere nye havvindprosjekt på sokkelen.

– Det er eit godt forslag å la oljesektoren betale for utbygginga av flytande havvind. Da kan vi unngå at folk flest må plukke opp rekninga, skriv redaktør i Energi og Klima, Anders Bjartnes i ein kommentar.

Eg trur det kjem bod

«Det kjem bod på måndag», slo Fornybar Noreg-leiar Åslaug Haga fast frå scena på Fornybarkonferansen til Bergen næringsråd sist veke.

Ho presiserte sidan at ho var for kategorisk.

Også direktør-kollega i Fornybar Noreg, Øistein Schmidt Galaaen, sa til NRK tidleg måndag at spørsmålet var ope og at han var «veldig spent».

– Vi håpar at det blir bodgivarar, men det er ein krevjande marknadssituasjon. Blir det bod, betyr det at det første steget for utbygging av havvind i industriell skala i Noreg er tatt. Det vil vere ein energipolitisk milepæl.

HrlURrQ9TNk

«Det kjem bod på måndag», slo Åslaug Haga fast frå scena på Fornybarkonferansen sist veke. Ho presiserte sidan at ho var for skråsikker.

Foto: NTB