Hopp til innhold

Kjell har brukt 15 millionar – er redd han må legge ned

Årets landbruksoppgjer kan bli vinn eller forsvinn for mange bønder. Kjell Paulen vurderer å stenge fjøsdøra for godt.

Kjell Paulen, bonde på Breim

MOTLAUS: – Eg blir heilt matt av at vi ikkje kan leve av å produsere mat i verdas rikaste land. Men om Noreg ikkje vil betale, så går det ikkje utover meg, men heile landet, seier bonde Kjell Paulen.

Foto: Astrid Iren Solheim Korsvoll / NRK

Onsdag legg Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag fram krava sine i årets landbruksforhandlingar.

For mjølk- og kjøtprodusent Kjell Paulen (44) har årets landbruksoppgjer eit større alvor i seg enn nokon gong. Garden hans på Breim i Gloppen kommune ligg omkransa av høge, snødekte fjell. Våronna er i full sving og snart kjem dyra ut på beite.

– Det var no vi skulle gått på med friskt mot, men så blir det berre motløyse fordi vi ikkje greier å betale rekningane våre, seier han.

Overskotet har nesten forsvunne

Firebarnsfaren har brukt 15 millionar på garden sidan han tok over i 2001. Nokre år har inntektene vore «greie nok», men dei to siste åra har dei sokke som ein stein.

Ifølge bonden tente han 440.000 kroner på gardsdrifta i fjor. Samstundes skaut utgiftene i taket og enda på 400.000 kroner

– Å jobbe 3000 timar i året og sitte att med 40.000 kroner. Kven ville akseptert det?

KJELL PAULEN, BONDE

KAN BLI TOM: Kjell Paulen produserer både mjølk og kjøt på garden. Totalt har han 170 dyr i fjøsen sin, men dersom ikkje tidene snart betrar seg, blir bygningen ståande tom.

Foto: Astrid Iren Solheim Korsvoll / NRK

Paulen har klare forventingar til årets oppgjer: Staten må dekke dei auka kostnadane, og lønsgapet mellom bøndene og andre lønstakarar må tettast.

– Om ikkje årets landbruksoppgjer gir rom for å tene pengar, så blir det gradvis avvikling for min del.

Inntektene stuper

Forhandlingane er venta å bli tøffe, sjeldan har bøndene hatt høgre rekningsbunkar å vise til. Samstundes kan verda stå overfor ei matkrise som følge av krigen i Ukraina.

Leder i Norges bondelag Bjørn Gimming

FORVENTINGAR: Bjørn Gimming, leiar i Noregs Bondelag, seier det er viktig at Noreg produserer meir mat. Han håper at regjeringa gjer dette mogleg.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

Bjørn Gimming, leiar i Noregs Bondelag, seier mange gardbrukarar tel på knappane. For mange har rekningsbunken blitt så høg at dei ikkje veit om dei kan halde fram.

– Vi må i gang med ein snuoperasjon.

Gimming viser til at regjeringa sjølve har vore klare på dette.

– Vi har difor tenkt å ta dei på ordet, seier han.

Sandra Borch med strikk

LANDBRUKSMINISTER: Sandra Borch vedgår at situasjonen er alvorleg for norske matprodusentar.

Foto: Siv Kristin Sællmann / NRK

Borch: – Situasjonen er alvorleg

Landbruksminister Sandra Borch er forsiktig med kva ho seier, knappe to dagar før ho får overrekt kravet frå bøndene, men ein ting vedgår ho:

Det er ein krevjande og alvorleg situasjon for norske matprodusentar.

Ho står fast på lovnadane om at regjeringa har ein plan om å tette inntektsgapet. Korleis det skal skje vil ho ikkje seie noko om før ho har snakka med bøndene når dei møtest til forhandlingar om neste års oppgjer.

Men Borch seier at regjeringa er villige til å kompensere for auka kostnader.

– Eg er innstilt på at bøndene skal få utbetalt allereie i 2022.

Står på vippen til å bygge for 12 millionar

Medan Kjell Paulen brukte millionar på ny lausdriftsfjøs, er andre usikre på vegen vidare.

Tom-Even Svanevik Langø er bonde på Stårheim i Nordfjord.

USIKKERT: Tom-Even Svanevik Langø har 20 kyr på bås i ein fjøs frå 1950-talet. Han vil gjerne drive vidare, men seier han er avhengig av at det kjem støtte til det.

Foto: Privat

For Tom-Even Svanevik Langø (42) frå Stårheim på Nordfjordeid er årets landbruksoppgjer avgjerande om han satsar eller ikkje. I 2034 må kyrne hans kunne gå fritt i fjøset. Om ikkje, må han legge ned båsfjøsen frå 1950-talet. Fire av ti mjølkebønder i Vestland vurderer å gjere det same.

Ein ny fjøs som stettar lausdriftskravet vil koste Langø kring 12 millionar kroner.

– Men for å gjere dette treng både eg og andre bønder ein skikkeleg kraftpakke på investeringsmidlar, seier han.

At utgiftene har auka med 140.000 kroner det siste året, gjer årets oppgjer ekstra viktig, fortel bonden.

Trur ikkje det er råd å tette gapet

– Lønsutviklinga i landbruket har ikkje vore så verst over tid. Problemet er nivået bøndene startar på, som er eit godt stykke bak andre lønstakarar, seier samfunnsøkonom Are Oust ved NTNU.

Are Oust er samfunnsøkonom.

PÅ LIK LINJE: Avkastninga i landbruket er på same linje med andre næringar, seier samfunnsøkonom Are Oust. Men ser ein på timelønna, kjem bonden ganske dårleg ut samanlikna med til dømes ein lærar eller sjukepleiar.  

Foto: NTNU

Han peiker på at bøndene hadde ein unormalt høg oppgang i fjor, og at dei samla sett difor går i null.

– Men å gå i null, er dårlegare enn vanlege arbeidstakarar som har fått ein auke på 3–4 prosent dei åra.

Forventa årsinntekt for ein bonde i 2022 er på 386.000 kroner. Det er 40.000 kroner ned frå fjoråret, syner tal frå berekningsutvalet.

Oust trur ikkje det er mogleg å ta att desse 40.000 kronene gjennom årets oppgjer.

– Det blir nok eit løft i landbruksoppgjeret. Det er høge forventingar, men samstundes er det ikkje nok pengar til å dekke opp til desse forventingane.

Staten kjem med sitt tilbod til bøndene 4. mai. Om alt går etter timeplanen, er forhandlingane avslutta 16. mai.