Hopp til innhold

Nils Martin får ikkje støtte til å byggja fjøs i år: – Kostar meg ein halv million

Støttemidlane til landbruk blei brukte opp på rekordtid i år. No er pengesekken så godt som tom landet over. Bondeorganisasjonane fryktar at bønder vil slutta.

Nils Martin Seim i båsfjøsen sin.

VIL BYGGJA: Nils Martin Seim vil byggja om frå bås- til lausdriftsfjøs, men får ikkje søka i år. Kyrne hans er på beite.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

– Eg fekk ikkje lov til å søka i år, fordi dei ikkje har midlar, seier Nils Martin Seim.

På garden sin i Voss herad har bonden 15 mjølkekyr i ein eldre båsfjøs.

Mjølkebønder i heile Noreg er pålagde å legga om til lausdrift og byggja nye fjøs. Kyrne skal ikkje stå i bås i fjøset, men kunna gå fritt mellom matplass og der dei ligg.

Men å bygga om eldre gardstun kostar pengar.

Seim skulle difor gjerne ha kome i gang med ombygginga til ein ny, større og meir lettdriven lausdriftsfjøs med mjølkerobot.

Men landet over har støttemidlane til investering og bedriftsutvikling (IBU-midlar) i landbruket forsvunne rekordraskt i år.

Dei stigande prisane på tre og stål gjer det difor ekstra dyrt for mjølkebonden å måtta venta.

– Det vil fort kosta meg ein halv million kroner, seier Seim, som har fått beskjed om å søka neste år..

Nils Martin Seim visar planane han har for å byggja om båsfjøsen sin til lausdriftsfjøs.

PLAN: Nils Martin Seim viser planteikningane for korleis han vil byggja om båsfjøsen sin til ein moderne lausdriftsfjøs. Han trur mangel på lønsemd er hovudårsaka til at så mange fjøsar på Vestlandet framleis er båsfjøs. – Auka lønsemd er nøkkelen til å få fleire til å investera, trur hhan.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Fryktar bønder vil slutta

Både Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Noregs Bondelag seier det er ein snakkis på bygda at det er tomt for landbruksmidlar.

– Det er mange som hadde planar om å starta på prosjekt, som seier at dei ikkje gidd fordi dei veit det ikkje får pengar, seier første nestleiar Egil Christopher Hoen i bondelaget.

Bondeorganisasjonane fryktar at bønder vil slutta om dei ikkje får støtte.

– I staden for å satsa på landbruk er det då kanskje lettare å ta seg ein jobb utanfor garden. Det synest me er veldig, veldig trist, seier Hoen.

Egil Hoen

BØNDER SLUTTAR: Egil Christopher Hoen, 1. nestleiar i Noregs bondelag, er bekymra for at bønder kan avvikla gardsdrifta om det er vanskeleg å få støtte.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Auka satsing på dyrevelferd

Under årets jordbruksforhandlingar ville bøndene krevja 450 millionar ekstra i støtte til storfeprodusentar.

Ein av hovudårsakene til det, er lovkravet om at alle norske kyr skal inn i lausdriftsfjøs innan 2034. Utan meir støtte, kan det henda at ikkje alle rekk å byggja om før lausdriftskravet trer i kraft.

  • Nibio anslår at om lag 1800 norske fjøs framleis vil vera båsfjøsar i 2034, om ombygginga går i same fart som i dag.
  • Dei reknar med at det må investerast for mellom 17 og 23 milliardar kroner for at dagens båsfjøsar skal bli lausdriftsfjøsar.

– Dette er ei varsla krise. Me har i fleire år sagt at IBU-potten må opp. Men politikarane vil ikkje lytta til oss, seier Hoen.

Båsfjøset til Nils Martin Seim

BÅS: Fjøsen til Nils Martin Seim har båsar. Han vil byggja ny lausdriftsfjøs med mjølkerobot. Innan 2034 skal alle norske kyr bu i lausdriftsfjøsar.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Innovasjon Noreg vil auka potten

I Vestland går om lag 60 prosent av IBU-midlane til mjølkeprodusentar. Små og mellomstore bruk som skal over til lausdriftsfjøs er prioriterte.

Noko av årsaka til at det vart tomt for midlar tidleg i år, var høg etterspurnad etter midlar i 2020. Det skapte eit etterslep, og mange bønder var klare med søknadane sine allereie ved nyttår.

Nina Broch Mathisen, regiondirektør i Innovasjon Noreg Vestland

MEIR: Innovasjon Noreg meiner IBU-midlane må aukast betydeleg, seier regiondirektør i Innovasjon Noreg Vestland, Nina Broch Mathisen.

Foto: Innovasjon Noreg

– Me har også gitt politikarane innspel om at rammene bør aukast ganske kraftig. Så er det opp til dei å følgja innspela dei får, seier regiondirektør Nina Broch Mathisen i Innovasjon Noreg Vestland

Så mykje IBU-midlar får dei ulike fylka

Fylke

Disponibel ramme 01.01.2021

Oslo-Viken

72,4

Innlandet

90,0

Vestfold og Telemark

40,4

Agder

33,6

Rogaland

46,4

Vestland

79,0

Møre og Romsdal

41,8

Trøndelag

87,1

Nordland

41,5

Troms og Finnmark

46,8

Sum

579,0

I tillegg til dei fylkesvise IBU-midlane er det gitt 120 millionar kroner til den nasjonale grøntsatsinga.

– Alle som vil, rekk 2034

Statssekretær i Landbruks- og matdepartementet, Widar Skogan (KrF), seier det i hovudsak er to grunnar til at IBU-potten ikkje er større.

  • Det eine er at bøndene ikkje forhandla om årets jordbruksavtale.
  • Dessutan er ikkje Stortinget einige om at IBU-potten skal aukast.

– Det er uheldig at det ikkje er meir midlar. Når etterspurnaden og ynskjene om å satsa er så store, burde det vore meir, seier Skogan.

– Men eg trur alle som vil satsa innan norsk mjølkeproduksjon vil klara det innan fristen i 2034.

Statssekretær Widar Skogan i landbruks- og matdepartementet.

UHELDIG: Statssekretær i Landbruks- og matdepartementet, Widar Skogan (KrF) meiner midlane bør aukast.

Foto: regjeringen.no