Hopp til innhold

Går mot tomme fjøs i Vestland

40 prosent av mjølkebøndene i Vestland seier dei vil gi seg innan 2034. Det viser ein fersk rapport frå Norsk institutt for bioøkonomi.

Framtidas bønder med navn

LANDBRUK: Medan mange av dagens mjølkebønder vurderer å gi opp drifta, er det framleis unge som ynskjer seg inn i næringa. Her representert ved nokre av elevane ved jordbruksskulen på Mo i Sunnfjord kommune.

Foto: Nikolai Akse Helgås / NRK

Nye krav om dyrevelferd vil føre til tomme fjøs. Det fryktar mange i landbruksnæringa. Dei neste åra kjem det nye krav til dyrevelferd, mellom anna skal storfe vere i lausdriftsfjøs innan 2034.

I Vestland svarer fire av ti at dei vil gi seg.

– Det er synd at så mange vil gi seg. Dei ha jo sine grunnar, men mest sannsynleg er det fordi dei ikkje kan bygge om, seier Anette Bakkebø.

Ho er i dag elev ved jordbruksskulen på Mo i Sunnfjord kommune. Sjølv har ho lyst til å ta over heimegarden, og ser for seg ei framtid som mjølkebonde. Men skal det skje må også ho bygge om til lausdriftsfjøs.

Anette Bakkebø

VIL SATSE: Drøymer om bondeyrket.

Foto: Nikolai Akse Helgås / NRK

– Kor mykje det vil koste veit eg ikkje. Det er mykje som må skje samstundes. Økonomien må vere på plass og eg må og ha ein plass å ha dyra medan eg bygger om. Så det er mykje som skal planleggast.

Tøft for små vestlandsbruk

Mjølkebønder vil dei neste åra møte fleire nye krav til dyrevelferd.

Innan 2024 er det krav om auka beitetid og kalvingsbinge. Innan 2034 skal alle kyr ut av båsfjøsa og vere innlosjerte i lausdriftsfjøs.

For små og mellomstore bruk med færre enn 35 kyr er det med dagens investeringsordningar ikkje lønsamt å byggje om til lausdriftsfjøs. Det syner ein ein fersk rapport frå Nibio.

I Vestland er norma å ha langt færre.

Fire av ti mjølkebønder i fylket svarer at dei vil gi seg i samband med dei nye krava, syner rapporten.

700 mjølkebruk er nøydde til å oppgradere fjøsa for å innfri kravet. Det vil særs mange ikkje vere i stand til.

– Den klassiske mjølkebonden i Vestland er for liten til å innfri krava, seier seniorrådgivar i Nibio, Torbjørn Haukås.

Slår alarm

I Vestland Bondelag er leiar Anders Felde uro over tala som kjem fram i den nye rapporten. Dei neste to åra seier 19 prosent av mjølkebøndene at dei vil gi seg. Innan 2034 er talet oppe i 40 prosent i Vestland.

– Det er alarmerande og noko vi er nøydde til å snu.

Bondelagsleiar Anders Felde

BLIR FÆRRE: Leiar i Vestland Bondelag, Anders Felde, fryktar det kan bli langt mellom kollegaene.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Han er glad for at mange av dagens unge framleis ynskjer å bli bønder og at dei ynskjer å verte mjølkebønder. Men slik det ser ut i dag vil han ikkje tilrå det til unge bønder som Anette, som må gjennom ei stor utbygging til lausdriftsfjøs.

– Med dei vilkåra vi har i dag, er min påstand at for ho vil det ikkje vere lønsamt. Men dette handlar også om politikk og inntekt. Vi skal lukkast med å få opp inntektene til bøndene, og byrjar med jordbruksoppgjeret i april/mai i år.

Mange har forsvunne

Sidan tusenårsskiftet har allereie to tredjedelar av mjølkebruka i Vestland blitt lagt ned.

Ifølge framskrivingane til Nibio, reknar dei med at ytterlegare 43 prosent av dei vil legge ned etter 2034.

Geografien gjer det heller ikkje lett for bruk å slå seg saman.

– Det er ei utfordring i Vestland at det er så mange oppdelte teigar. I tillegg er potensialet for store bruk allereie tatt ut, seier Haukås.