Hopp til innhold

Inntektene til bøndene kan stupe med 40 000 kroner

Bøndene i Noreg kan stå overfor et realt stup i inntekter. Det viser grunnlagstala for jordbruksoppgjeret.

Ein raud traktor på eit jorde.

AUKA UTGIFTER: Bøndene har fått auka utgiftene sine mykje det siste året. Gjødsel, drivstoff, straum og anna har blitt dyrare.

Foto: JARLE I.KVAM

Det nærmar seg jordbruksoppgjeret for bøndene. I forkant av dette presenterer Budsjettnemnda for jordbruket (BFJ) tal over inntekter og utgifter i landbruket.

Dette dannar grunnlaget før bøndene når dei skal komme med sitt krav i oppgjeret seinare i månaden.

Tala er no klare. Bøndene har fått fleire auka utgifter det siste året og kan ende med eit enno større inntektsgap samanlikna med andre grupper i samfunnet.

Bøndene var ikkje nøgde med fjorårets oppgjer og det var fleire aksjonar rundt om i landet:

Les også Bønder aksjonerer – serverte møkk utenfor rådhuset

Jordbruksopprør Førde.

Inntektene går ned

Inntektene i jordbruket ligg i år an til å gå ned med 40.400 kroner til 361.000 kroner per årsverk i vederlag for både arbeid og eigenkapital, ifølge budsjettnemnda.

Pandemien med mindre svenskehandel og meir tid heime ført til at fleire har kjøpt norsk kjøtt og meieriprodukt. Men auka utgifter og krig i Ukraina fører med seg usikkerheit no.

Desse utgiftene vil auke:

  • Kostnadane på gjødsel er regna å auka med 72 prosent.
  • Drivstoffprisane med 27.
  • Kraftfor er blitt 13 prosent dyrare for bøndene.
  • Prisen på trelast auka med 61,4 prosent i fjor.
  • Prisane for armeringsstål og konstruksjonsstål auka med høvesvis 41,0 prosent og 34,9 prosent i fjor.
  • Plastprisane auka med 25 prosent.

Ifølge ei pressemelding frå bonde- og småbrukarlaget viser desse tala at inntektsgapet mellom bøndene og andre grupper i samfunnet kan auke med 63 000 i 2022.

Den ekstreme kostnadsveksten frå 2021 gir et kraftig inntektsfall for nesten alle produksjonar i 2022, skriv dei.

– Utviklinga viser at den enorme kostnadsveksten vi står oppe i, har svært tøffe økonomiske konsekvensar for bonden. Når inntektsveksten over fleire år har vore låg, så er jordbruket også meir sårbart. Det ser vi resultatet av no, skriv Bjørn Gimming i pressemeldinga. Han er leiar for Noregs Bondelag.

Leder i Bondelaget, Bjørn Gimming, er urolig for matforsyningen til nordmenn i år.

INNTEKTER STUPER: Bjørn Gimming, som er leiar i Noregs Bondelag seier tala som vart presentert i dag viser at inntektene for bønder stuper.

Foto: Christian Nygaard-Monsen / NRK

Bonde- og småbrukarlaget skriv i si pressemelding at det er alvorlege tal som har blitt presentert i dag.

Frå 2021 til 2022 prognoserer BFJ med at vederlag til arbeid og eigenkapital i jordbruket går ned med 40 400 kroner. Dette er kritisk for norsk matsikkerheit, seier Kjersti Hoff, leder i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Ho meiner tala som kom no berre viser at dei må stille høge krav i forhandlingane i år.

Dette underbygger vårt krav om at årets jordbruksforhandlingar må innehalde både kompensasjon for auka prisar på innsatsfaktorar og eit stort inntektsløft om vi skal sikre eit mangfaldig jordbruk i heile landet på norske ressursar, seier Hoff.

Les også Storfeprodusenter tør ikke gjøre noe annet enn å legge ned

Martin Ruud Rehder (t.v.) og Hans Olav Holann

Vanskeleg å budsjettere

Budsjettnemnda har i dag lagt fram grunnlagstala på Nibio sine sider. Ifølge nemnda er det ekstra vanskeleg å budsjettere i år. Det er blant anna på grunn av pandemien, auka utgifter og krigen i Ukraina.

– I år er det ekstra utfordrande å budsjettera, spesielt prisutviklinga på kostnadspostane som har auka mest, som gjødsel og energi. Stor auke i kostnadar får gjerne også effekt på volum, og det vil normalt påverka inntektssida, seier Lars Johan Rustad.

Bønder i traktor mot Oslo

AKSJON: Her køyrde bøndene sine traktorane mot Oslo og Stortinget for å aksjonere i fjor.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Han er avdelingsleiar for landbruksøkonomisk analyse, som er sekretariatet til Budsjettnemnda for jordbruket (BFJ). Nemnda la fram grunnlagstala onsdag.

Tala som vart lagt fram i dag er grunnlaget for bøndene når dei skal komme med sitt krav til årets landbruksoppgjer. Det skjer seinare i april.

Les også Espen er blant dei som vil dyrke meir av maten sin sjølv no

Dyrker egne grønnsaker og urter

Flere saker fra Innlandet