Kan bli aktuelt å stenge delar av Hardanger­vidda for å få bukt med dyresjukdom

I kampen mot den skremmande og dødelege dyresjukdomen skrantesjuke, blir det no vurdert å stenge av deler av Hardangervidda for folk.

Telt på Hardangervidda

STENGE NED: Å stenge delar av vidda kan gi reinen større areal å boltre seg på, slik at tettleiken blir lågare og sjansen for miljøsmitte blir redusert, heiter det i ein ny rapport.

Foto: Sindre Thoresen Lonnes / NRK

Skrantesjuke vart oppdaga for første gong i Noreg i 2016. Heile villreinstammen i sone 1 i Nordfjella vart slakta ned for å avgrense sjukdomen.

Over 2000 villrein vart felt i den statlege nedskytinga.

I september 2020 vart sjukdomen også påvist på Hardangervidda. I dag vart ei rekkje ulike tiltak foreslått for å handtere sjukdommen.

– Ein bukk er stadfesta infisert, og det gjer situasjonen kompleks og usikker, seier fagleg leiar i Vitskapskomiteen for mat og miljø, Bjørnar Ytrehus.

Tydeleg konflikt

Å minimere bestanden, redusere menneskeleg ferdsel og å setje opp gjerde mellom Hardangervidda og omkringliggande område er blant tiltaka som no er til vurdering.

– Det er ein klar konflikt mellom menneskeleg trafikk og villreinens arealbruk, seier Ivar Myklebust, avdelingsdirektør ved Miljødirektoratet.

Å stenge delar av vidda kan gi reinen større areal å boltre seg på, slik at tettleiken blir lågare og sjansen for miljøsmitte blir redusert, heiter det i ein ny rapport.

Statlege jaktlag speidar etter villrein i Nordfjella.

JAKT: Statlege jaktlag speidar etter villrein i Nordfjella.

Foto: Håvard Heggen / NRK

10.000 villrein

Dette er første gang at skrantesjuka er påvist på villrein utanfor Nordfjella.

– Dette er ein alvorleg situasjon, sa landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) i september.

Villreinbestanden på Hardangervidda nasjonalpark er den desidert største. Av 25.000 villrein i Noreg, lever 10.000 av dei her.

– Dette er ein forferdeleg trist dag for villreinbestanden, sa Petter Braaten i Statens naturoppsyn.

Statlege jaktlag jaktar villrein i kampen mot skrantesjuke.

FELT: Over 2000 villrein vart felt i den statlege nedskytinga i Nordfjella.

Foto: Håvard Heggen / NRK

Fleire moglege tiltak

Norske styresmakter har hatt eit mål om å hindre spreiing og bli kvitt den alvorlege dyresjukdomen heilt sidan det første tilfellet vart oppdaga i 2016.

Det ligg til grunn for vurderinga til komiteen.

– Då det vart funne skrantesjuke på Hardangervidda vart det klart for oss at vi treng oppdatert informasjon om sjukdommen og smittespreiing, seier Ingunn Midttun Godal, administrerande direktør i Mattilsynet.

Ho seier at det ikkje er aktuelt å la sjukdommen spreie seg.

– Alternativa er å utrydde smitten, eller redusere smittespreiinga. Begge deler vil ha store konsekvensar, understrekar Godal.

Uroa etter utrydding

Om lag tre år etter nedslaktinga av 2400 villrein i Nordfjella, skulle arbeidet med å byggje opp att ein ny stamme vere i gang.

Men arbeidet er sett på vent, og lokalbefolkninga fortvilar.

– Dette har vore veldig tungt for mange av oss, og vi blir veldig bekymra over kva som no skal skje, sa jeger Terje Terum til NRK i september.

Ordførar i Aurland, Trygve Skjerdal (Sp), er også uroa over situasjonen. Han fryktar at engasjementet for å ta vare på villreinen skal forvitre, om oppbygginga dreg veldig ut i tid.