Hopp til innhold

Oppbygginga av villreinstammen i Nordfjella utsett

NORDFJELLA (NRK): Snart tre år etter nedslaktinga av 2400 villrein, skulle arbeidet med å byggje opp att ein ny stamme vere i gang. No er alt arbeidet sett på vent, og lokalbefolkninga fortviler.

Trygve Skjerdal og Terje Terum

IKKJE KJEKT: Terje Terum og ordførar Trygve Skjerdal i Aurland tykkjer ikkje det er kjekt å vere i Nordfjella no som det ikkje er reinsdyr der.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Dette har vore veldig tungt for mange av oss, og vi blir veldig bekymra over kva som no skal skje, seier jeger Terje Terum.

Han er ein ivrig jeger frå Aurland, og har vore med på jakta etter villrein i Nordfjella mange gonger.

I dette høgfjellsområdet mellom Sogn og Hallingdalen har villreinen vore ein grunnleggjande del av naturen like lenge som det har budd menneske her i landet.

No er det heilt tomt for reinsdyr i det haustfarga fjellandskapet.

For vel to år sidan byrja arbeidet med å slakte ned heile villreinstammen på Nordfjella, og meir enn to tusen villrein vart skotne.

Den smittsame skrantesjuka tek livet av alle dyr som blir smitta, og for å prøve å hindre at sjukdomen spreia seg til andre villreinområde, såg myndigheitene på dyretragedien i Nordfjella som einaste utveg.

Og for å gjere det endå verre, for nokre veker sidan kom sjokkbeskjeden alle hadde frykta: skrantesjuka har oppdaga også i villreinstammen på Hardangervidda. Oppdraget med å kvitte seg med sjukdommen har ikkje lukkast.

Reinsdyr skoten

SLAKTA NED: Kring 2000 villreinsdyr vart slakta ned i Nordfjella i 2017 og 2018.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Ordførarar med brev til landbruksministeren

Planen før smitten vart oppdaga på Hardangervidda, var at ein i haust skulle byrje på oppbygginga av den nye villreinstammen som skal erstatte alle dei døde dyra.

Den nedslåande beskjeden om at smitten har spreidd seg, har gjort at alle møte og planar i samband med det arbeidet no er sett på vent.

Det gjer folk urolege, og eit samla ordførarkorps i kommunane rundt villreinområdet sende denne veka ut eit felles skriv til mat- og landbruksminister Olaug Bollestad (KrF).

Ordførarane er uroa over at ting er sett på vent, og nyttar og høvet til å understreke at dei på det sterkaste rår frå å nytte same taktikk på Hardangervidda som ein gjorde i Nordfjella.

– Dei alvorlege tiltaka som vart gjennomført med sanering av villrein i sone 1, kan ikkje vera oppskrifta no, skriv ordførarane i Lærdal, Hemsedal, Aurland, Ulvik, Hol og Ål i eit brev til landbruksministeren.

Fryktar interessa for villreinen forvitrar

Ordførar i Aurland Trygve Skjerdal er også uroa over situasjonen. Han fryktar at engasjementet for å ta vare på villreinen skal forvitre, om oppbygginga dreg veldig ut i tid.

– Det er eit stort prosjekt å byggje opp att stammen, og vi er avhengige av jegerar med interesse og glød. Går det lang tid utan jakt, og utan ei villreinstamme å forvalte, er eg uroa for konsekvensane, seier Skjerdal.

NRK har fått eit skriftleg svar frå landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF).

– Fagstyremaktene arbeidar no med å vurdere kva konsekvensar funnet av skrantesjuke på Hardangervidda har for den vidare strategien med å bekjempe sjukdommen. Dette vil ta tid. Det er difor for tidleg å konkludere på den vidare gangen i dette arbeidet.

Trygve Skjerdal

UROA: Ordførar i Aurland Trygve Skjerdal fryktar at engasjementet for å ta vare på villreinen skal forvitre, om oppbygginga dreg veldig ut i tid.

Foto: Arne Stubhaug / NRK