Hopp til innhold

Smittsam skrantesjuke påvist på Hardangervidda: – Ein forferdeleg trist dag

Sist måtte dei utrydde ein heil villreinstamme i Nordfjella. No er skrantesjuka påvist i den største bestanden på Hardangervidda. – Ein alvorleg situasjon, seier landbruksministeren.

Villrein med skrantesyke på Hardangervidda september 2020.

BEKREFTA FUNN: Ein villreinbukk har fått påvist skrantesjuke på Hardangervidda. Bilete av den slakta villreinen er tatt av Mattilsynet før dei rydda vekk dyret og vegetasjonen rundt.

Foto: NRK/Mattilsynet

– Dette er alvorleg for den norske villreinbestanden, seier administrerande direktør Ingunn Midtun Godal i Mattilsynet i ei pressemelding.

Dei vart varsla om funnet av Veterinærinstituttet torsdag kveld.

Det som svært mange har frykta i lang tid, har altså skjedd: Det er påvist skrantesjuke i villreinbestanden på Hardangervidda.

Villreinbukken med påvist smitte vart felt i den sørlege delen av nasjonalparken, i Vinje i Telemark. Det er snakk om den klassiske, og smittsame, varianten av skrantesjuka som er påvist.

Villreinbestanden i Hardangervidda nasjonalpark er den desidert største. Av 25.000 villrein i Noreg, lever 10.000 av dei her.

– Dette er ein alvorleg situasjon. Derfor er det ekstremt viktig at vi no vel den riktige stragien og finn dei riktige tiltaka framover, seier landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) til NRK.

– Forferdeleg trist dag

Det er første gang at skrantesjuka er påvist på villrein utanfor Nordfjella.

Norske styresmakter har hatt eit mål om å hindre spreiing og bli kvitt den alvorlege dyresjukdomen heilt sidan det første tilfellet vart oppdaga i 2016.

Vinteren 2017 og 2018 vart heile villreinstammen i sone 1 i Nordfjella slakta ned etter at det vart oppdaga skrantesjuke. Over 2000 villrein vart felt i den statlege nedskytinga.

I 2019 vart det vedteke ein stor fellingskvote Hardangervidda for å finne ut om den dødelege sjukdommen hadde spreidd seg dit.

Etter fleire testar med negativt svar, har Mattilsynet altså fått eit nedslåande svar.

– Dette er ein forferdeleg trist dag for villreinbestanden, seier seniorrådgjevar Petter Braaten i Statens naturoppsyn til NRK.

Han var prosjektleiar for fellinga i Nordfjella.

– Dette kan vere eit teikn på at vi ikkje klarte å isolere sjukdommen i dette området. Vi hadde jo håpa at dette ikkje skulle skje, men trist er det uansett. No må vi kanskje tenke nytt om kva som kan gjerast.

Petter Braaten

– TRIST: Petter Braaten i Statens naturoppsyn var prosjektleiar på fellinga i Nordfjella. Han seier funnet av skrantesjuka på Hardangervidda er trist.

Foto: Håvard Nesbø

Ukjent smitteveg

Det er ikkje kjent korleis villreinbukken har blitt smitta, og difor er det usikkert om smitten har spreidd seg frå Nordfjella eller om villreinbukken er smitta på anna vis.

Den smitta villreinen vart felt i den sørlege delen av Hardangervidda nasjonalpark, i Vinje i Telemark, får NRK opplyst. Mattilsynet har vore i kontakt med jegeren.

Etter funn av skrantesjuke i Nordfjella, vart heile bestanden avliva. Kva som skjer med villreinbestanden på Hardangervidda er uvisst.

– Når vi no har oppdaga eit tilfelle utanfor Nordfjella, er situasjonen ein annan og vi må vurdere kva tiltak som skal gjerast framover. Det er for tidleg å seie kva tiltak vi skal setje i gang, seier Godal i Mattilsynet.

Ho legg til at dei vurderer å trappe opp fellinga av villrein på Hardangervidda.

Var nedskytinga i Nordfjella mislukka?

– Nei, vi er trygg på at den strategien vi valde då, var riktig utifrå det vi visste då, svarar Godal.

Sidan 2016 er det analysert over 100.000 prøver av hjortedyr, utan funn av denne varianten av skrantesjuke utanfor Nordfjella.

3.500 prøver kjem frå Hardangervidda, 518 av dei frå årets jakt, opplyser Mattilsynet.

– Eg har tillit til at Miljødirektoratet og Mattilsynet følgjer opp denne saka. Vi har ikkje lang tid, men nok tid til å finna dei riktige tiltaka, seier statsråd Bollestad.

Må notere fellingsstad

Mattilsynet minner om at jegerar på Hardangervidda må notere seg posisjonen for villreinfelling, slik at dei kan spore slakterestar dersom det viser seg at dyret er smitta.

Skrantesjuke er dødeleg for dyr, men har ikkje blitt påvist hjå menneske. Det er liten risiko for smitte frå dyr til menneske, men for tryggleikens skuld seier Mattilsynet at kjøt frå smitta dyr ikkje skal etast.

Godal presiserer at dei framleis har eit sterkt ønske å sikre friske bestandar av villrein og andre hjortedyr, og det står fast sjølv om det har blitt oppdaga eit nytt tilfelle.