Hopp til innhold

Kamp om kva Vestlandsopprøret skal vere

Ikkje før Vestlandsopprøret er lansert, er det strid om kva det skal vere og kva saker dei skal fronte.

Kleven verft

VESTLANDET: Industrileiar Roger Hofseth, som tok initiativ til å «skatteopprøret» (som han kallar det), seier til NRK at det ikkje er aktuelt å tone ned skatte-retorikken for å byggje ein breiare allianse.

Foto: Per Eide

NRK fortalde i førre veke om det såkalla Vestlandsopprøret.

Rørsla handla opphavleg om formuesskatt, men har sidan est i omfang og omfattar etter kvart ei rekkje støttespelarar med kvar sine kjernesaker.

Det nye opprøret kjem i forlenginga av «kystbrøl», «bunads-geriljaer» og fakkeltog mot lakseskatt.

Det er likevel eit ope spørsmål om opprøret best blir karakterisert som ein brei, folkeleg rørsle – eller som «vanleg klagesong» frå opposisjon, industrieigarar og skipsreiarar.

I ein tweet prøver SV-leiar Audun Lysbakken å slå ein kile mellom Vestlandsopprøret og kampen om lågare formuesskatt.

– Du må gjerne gjere opprør mot formuesskatten, men ikkje kall det Vestlandsopprør, skriv han.

Det same seier Raudt-representant Mímir Kristjánsson.

Eg kjenner meg misbrukt som vestlending dersom dette opprøret skal gå ut på å kutte i skattane til landets rikaste på Austlandet, seier han til NRK.

Stordemonstrasjon mot flyselskapet SAS

Energien i Vestlandsopprøret er altfor god til å bli skusla vekk på å springe ærendet til rikingar på Vestkanten, seier Mímir Kristjánsson.

Foto: Annika Byrde / NTB

Motstanden mot lakseskatt ikkje så eintydig

I 2021 betale skattytarar i fylka Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal til saman 3,95 milliardar kroner i formuesskatt.

Innbyggjarane i Oslo, Asker og Bærum betalte til samanlikning 7,21 milliardar kroner i formuesskatt same år.

Konklusjonen til Kristjánsson er at kutt i formuesskatten først og fremst kjem «folk på Vestkanten» til gode, og at energien i Vestlandsopprøret er altfor god til å bli skusla vekk på å springe deira ærend.

Han legg til at motstanden mot lakseskatt ikkje er så eintydig som rapportane om lokalsamfunn som slår ring rundt «laksebaronane sine» kan tilseie.

Det er like mykje motstand mot denne næringa på Vestlandet som på Austlandet, seier han.

Ikkje aktuelt å tone ned skatte-retorikken

Næringslivsleiar Roger Hofseth, som tok initiativ til å «skatteopprøret» (som han kallar det), seier til NRK at det ikkje er aktuelt å tone ned skatte-retorikken for å byggje ein breiare allianse.

Nei, skattlegginga er kjernen i denne saka.

Det same seier den andre initiativtakaren, Knut Flakk (sjå under).

Hofseth seier det er «mogleg det er fleire hytter, båtar og fly på Vestkanten», men at det ikkje er denne formuesskatten han vil til livs.

Det eg er mot er skatt på arbeidande kapital, anten det er i Oslo eller Ålesund. Derfor er dette ein kamp mellom Staten og oss eigarar som er til stades og investerer i norske lokalsamfunn. Vi er eit fantastisk land med enorme moglegheiter, men vi kan ikkje ha dårlegare vilkår enn utlendingane.

NRK har prøvd å få ein kommentar frå finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp), men regjeringskonferansen gjer at han ikkje har høve til å la seg intervjue før onsdag.

Stortingsrepresentant Hadia Tajik i debatt på Marienlyst.

– Vestlandet skaper store verdiar og har sterke kompetansemiljø, som regjeringa vil støtte opp under, seier Hadia Tajik (Ap).

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

Satsing på auka eksport kjem næringslivet vårt til gode

Til hausten er det kommunestyre- og fylkestingsval, og på stortingsbenken til Arbeidarpartiet har det gryande opprøret mobilisert fleire.

Ordførarkandidat i Øygarden, Marianne Bjorøy (Ap), seier at regjeringa fører ein aktiv næringspolitikk og at Trollvind «er eit bevis på dette».

Dessutan har vi satsa mykje meir på eksport enn Solberg-regjeringa. Vestland er eit eksportfylke, og ei satsing på auka eksport kjem i aller høgaste grad næringslivet vårt til gode.

Stortingsrepresentant for Rogaland, Hadia Tajik, debatterte opprøret i Politisk kvarter sist veke.

Vestlandet skaper store verdiar og har sterke kompetansemiljø, som regjeringa vil støtte opp under. Mellom anna gjennom den nye eksportstrategien, havvindsatsinga og planane for den maritime næringa, seier ho.

NRK har også vore i kontakt med Ap-representantar frå Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal (sjå under).

Samsending med P2.

Vi støttar Vestlandsopprøret

For tre år sidan byrja Owe Ingemann Waltherzøe og Bjarte Helland å gjere undersøkingar for å etablere ein idemyldreplass for næringslivet og industrien på Vestlandet.

I dag er myldreplassen kjend som Industri- og næringspartiet (INP), som i løpet av tre korte år har fått fleire medlemmer ein det eldste partiet i landet (Venstre).

Les også Industripartiet i sterk vekst: – Kan bli ein maktfaktor

Jan Inge Selvik, fylkesleiar i Rogaland INP.

Det største fylkeslaget er Vestland INP med om lag 1500 medlemmer.

Vi støttar Vestlandsopprøret, seier Bjarte Helland, som er nestleiar politisk Vestland INP.

Han legg til:

Det er Vest-Noreg som genererer mest kroner i kassen. I dag ser vi for lite til den delen når pengane blir fordelte.

Les også Vestlandsopprør mot den «mest fiendtlege regjeringa i manns minne»

Statsminister Jonas Gahr Støre i Stavanger