Hopp til innhold

Industripartiet i sterk vekst: – Kan bli ein maktfaktor

Du har neppe sett denne mannen før. Men etter valet kan Jan Inge Selvik og hans parti bli ein maktfaktor i norsk politikk.

Jan Inge Selvik, fylkesleiar i Rogaland INP.

Jan Inge Selvik er fylkesleiar i Rogaland INP.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Har de høyrt om Industri- og næringspartiet?

Jan Inge Selvik er på politisk friarferd på ein kafé i Stavanger.

Han er leiar for INP i Rogaland, og er blant stadig fleire som jobbar for at det ferske partiet skal vinna delar av kongeriket etter valet i haust.

– Eg har aldri høyrt om det, seier ei av dei fire venninnene som sit rundt kafébordet.

– Me er jo eit heilt nytt parti. Me står i sentrum og har vår eigen identitet. Og me er veldig imot dette med vindturbinar, fortel Selvik.

– Ja, det er me òg imot, svarer dei godt vaksne damene.

Venninner snakker om Industripartiet på kafe i Stavanger.

Industri- og næringspartiet er ikkje særleg kjent for dei fire venninnene som sit på kaféen i Stavanger.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

Les også Kjemper sitt livs kamp: Mener oljen er Norges fremtid

Owe - garasjen topp

Medlemstalet aukar

Industri- og næringspartiet blei stifta på Rjukan 29. februar 2020. Stortingsvalet 2021 var første gong partiet stilte til val og då fekk dei ein oppslutnad på 0,3 prosent.

Men sidan då har talet på medlemmar auka kraftig.

– Eg har aldri vore politisk aktiv tidlegare, men då Industri- og næringspartiet kom med sitt program, så var det noko som sa klikk med ein gong.

Svein Ove Gjersdal melde seg inn i partiet i fjor. Han er del av ein medlemsmasse som nå nærmar seg 8000. Nesten 900 personar har meldt seg inn i år.

Til samanlikning hadde partiet Venstre rundt 7200 medlemmar ved utgangen av 2022.

– Det er eit høgt tal i norsk samanheng. For mange er det ein veldig terskel å melde seg inn i eit parti, samanlikna med å like det på Facebook eller seia at ein stemmer på det, seier politisk kommentator i NRK, Lars Nehru Sand.

Svein Ove Gjersdal i Industripartiet

Svein Ove Gjersdal vil ha eit ord med i laget på fylkesårsmøtet til Industripartiet i Rogaland.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

Trur INP kan koma inn i kommunestyra

Medlemmane i INP har også stifta lokallag, over 100 så langt. Og partiet trur dei har nok engasjerte medlemmar til at dei kan stilla med lister i vel så mange kommunar ved valet i haust.

– Eg trudde det var ein flopp, men nå må eg kanskje bita dei orda i meg, seier statsvitar ved Universitetet i Stavanger, Svein Tuastad.

Svein Erik Tuastad

Svein Tuastad trur Industripartiet kan gjera det godt i valet til hausten.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Han trur Industripartiet kan greia det som mange andre småparti slit med, nemleg å få meir enn 1–2 prosents oppslutnad.

– Dei har ein appell med eit større potensial. Og dei vil truleg koma inn i mange kommunestyre og fylkesting, seier Tuastad.

– Kan Industripartiet bli ein maktfaktor?

– Dei kan heilt klart bli ein maktfaktor. Fordi dei både kan forhandla med venstre- og høgresida i kommunestyra. Og difor kan dei få posisjonar.

Stiller til val for første gong

Svein Ove Gjersdal er ein av dei som skal stå på stand for å få INP inn i kommunestyra. Han jobbar som ingeniør i olja, men nå vil han også bli lokalpolitikar i Eigersund.

– Eg står på lista til kommunevalet. Dette partiet har ikkje noko forankring i gamle synder og kan begynna heilt på nytt.

Me møter han på fylkesårsmøtet til INP i Rogaland. Der sit han saman med fleire andre som engasjerer seg politisk for første gong og diskuterer kva som skal vera INP sin politikk lokalt.

Jo Øiungen i Industripartiet i Sola.

Jo Øiungen deltar i debatten på fylkesårsmøtet til INP i Rogaland. Han stiller også til val i Sola kommune.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

– Kvifor Industri- og næringspartiet?

– Fordi partiet har medlemmar som ikkje har gått den tradisjonelle politikarkarrieren, seier Jo Øiungen.

Han melde seg inn i partiet i fjor, er listekandidat i Sola kommune og jobbar til vanleg med IT.

Øiungen blei ein del av INP fordi han såg at fleire av medlemmane hadde erfaring frå næringslivet, ikkje politikken.

Kvifor likar du ikkje desse politikarane som har mykje politisk erfaring?

– Det er fordi dei har politisk erfaring. Dei har lite industrierfaring, lite erfaring frå å stå i eit klasserom, lite erfaring frå å jobba på eit sjukehus eller ein eldreheim. Og eg opplever at det gjer at politikken som blir ført heng lite saman med kva som føregår i organisasjonane.

Fylkesårsmøte i Industripartiet i Rogaland

Jan Inge Selvik snakkar til fylkesårsmøtet i Rogaland.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

Eliteopprørets nye klede

I Rogaland har INP nesten 1200 medlemmar og ser ein på folketalet slår partiet litt ekstra godt an i oljefylket.

– Me er dei med kjeledressen på, liksom. Og så har me klare mål om at me skal utvikla og ikkje avvikla Noreg, seier fylkesleiaren.

Jan Inge Selvik i Rogaland INP

Jan Inge Selvik vil ta kjeledressen på når han skal stå på stand i valkampen.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

– Kven er det som melder seg inn?

– Heilt vanlege folk frå alle sjangrar. Og det er kanskje fordi styringspartia har elitisert seg litt for mykje. Så kontakten med grasrota er kanskje litt vekke, seier Selvik.

– Det er eit konstant trekk ved politikken at ein er imot elitane. For to år sidan var det Senterpartiet som kunne spela den rolla. Og nå er det Industripartiet som kan ta på seg eliteopprørets nye klede, seier Tuastad.

– Appellen er at dei kan seie med eit visst truverd at dei representerer dei gode gamle norske industriverdiane. Og at dei ikkje let seg styra av utanlandske påfunn.

Frå bompengar til INP

Tilbake på kafeen i Stavanger fortel fylkesleiaren at hovudårsaka til at han melde seg inn i partiet, var standpunktet om å gå ut av EØS.

Men han har tidlegare også engasjert seg i bompengesaka.

Sigurd Sjursen

Sigurd Sjursen var med på å starte eit folkeopprør mot bompengar, nå har han engasjert seg i INP.

Foto: Kjersti Hetland / NRK

På kafeen har Selvik nå fått selskap av han som stiller som listetopp for INP i Sandnes, Sigurd Sjursen.

Det var Sjursen som for fem år sidan starta facebookgruppa «Bomfritt Jæren – Nok er nok». Ei protestgruppe mot bompengar som engasjerte titusenvis av menneske og som førte til både store demonstrasjonar og til at mange veljarar stemte på bompengepartiet FNB i 2019.

Aksjon mot bomring i Stavanger

Demonstrasjon mot bomring i Stavanger tilbake i 2018.

Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

Sigurd Sjursen kom inn i kommunestyret i Sandnes som representant for Frp ved førre kommuneval. Men nå kjenner han seg heime i INP.

– For fire år sidan handla det om bompengar, kva protesterer ein mot i 2023?

– Det folk reagerer på er prisnivået, at alt stig. Du har bompengar, straum, renter. Det går ei grense hos dei fleste. Og det er jo difor me i INP veks slik fram som me gjer nå, seier Sjursen.

Folkets parti FNB (tidlegare Folkeaksjonen mot bompengar) har no mista dei fleste veljarane, ifølge meiningsmålingane. Men Tuastad trur ikkje det vil skje like fort for Industripartiet.

– Dette er eit parti som bygger seg langsamt opp og som har ein breiare politisk plattform. Det er ikkje avhengig av ei sak som er i vinden. Men kan konstant hiva seg på saker som symboliserer dette antielite-opprøret.

Og om to år er det stortingsval.

– Det er ikkje heilt urealistisk at dei kan begynna å snusa på stortingsplassar, men det er eit stykke igjen før dei kjem dit, seier statsvitaren.

Les også Nytt parti vil gi oljeindustrien fullt spillerom: – Ap er overtatt av akademikere

Owe Ingemann Waltherzøe