Hopp til innhold

Ferja skulle kutta utslepp – får framleis drivstoffet sitt med trailer frå Tyskland

Seinast denne månaden opna ny hydrogenfabrikk i Noreg. Men ingen kan enno levera til den første hydrogenferja som går i ein norsk fjord.

Her står gasstanken frå Tyskland, på ein stad i Rogaland.

Her er gasstanken frå Tyskland på plass på Hjelmeland, og klar for å forsyna ferja med hydrogen. Distansen frå produksjonsstaden er på fleire tusen kilometer.

Foto: Norled

– Det er så stille om bord at du kan høyra ei knappenål falla i dørken.

Slik samanfattar maskinsjef Øyvind Tveitane Lovra korleis det er om bord i M/F «Hydra».

Den første ferja i verda som går framover med energi frå flytande hydrogen.

I snart eitt år har ferja vore i drift i ein fjord inst i fjordlandskapet på Vestlandet.

Hydrogen-ferje

På sida av styrhuset på ferja ser du tanken med flytande hydrogen. Den gjev energi til eit prosessanlegg.

Batteripakke, MF Hydra

Prosessanlegget gjev energi som igjen ladar batteripakken ombord. Desse batteria svarar til omlag 12 Teslaer.

Thruster MF "Hydra".

Batteria gjev igjen straum til to elektromotorar, som syt for framdrift over fjorden.

Hydrogenferje

Dermed kjem ferja seg fram og tilbake over fjorden mellom Hjelmeland og til Nesvik.

Hydra

Bortsett frå at ho har hydrogen ombord, fraktar også denne ferja bilar og passasjerar.

Hydrogen-ferje

Det er eigne reglar når ein skal bevega seg i område med hydrogen. Mobiltelefon er mellom anna ikkje tillatt.

Med vassdamp frå skorsteinen frå hydrogenanlegget, som igjen ladar batteripakken om bord, skal ferja bana veg i det grøne skiftet.

Noreg har nemleg sett mål om halvering av alle klimagassutslepp frå innanlands skipstrafikk innan 2030.

– Me er veldig godt nøgd med korleis ferja har fungert, seier maskinsjefen, som både har erfaring frå «Hydra» og «gamle» ferjer på diesel.

Øyvind Tveitane Lovra

Øyvind Tveitane Lovra er maskinsjef om bord i den nye hydrogenferja. Trass i at hydrogen er eksplosjonsfarleg, kjenner han seg trygg om bord.

Foto: Olav Røli / NRK

Kaptein: Dette burde Noreg ha produsert sjølv

No er det nye tider over fjorden mellom Hjelmeland og Nesvik.

Det er berre eitt stort problem.

Flytande hydrogen er nemleg ikkje å oppdriva i Noreg.

Dermed får ferja framleis hydrogen med trailer frå ein hydrogenfabrikk i Leuna i Tyskland.

I den tyske byen Leuna ligg anlegget som produserer flytande hydrogen.

Avstanden mellom Leuna i Tyskland og Hjelmeland er 1.330 kilometer, med ferje. Utan ferje er turen 2.000 kilometer og tek omlag 24 timar.

På Hjelmeland ligg målet for det flytande hydrogenet. Her vert det brukt i ferja som går i sambandet Nesvik-Hjelmeland-Ombo.

Visualisering: Anders Nøkling

– Hadde det vore opp til oss, skulle me sjølvsagt ha fått dette i Noreg, seier Tveitane Lovra.

Kaptein Gunstein Aukland er heilt samd.

– Eg trur alle er einige om at eit land som Noreg, med så stor energiproduksjon, burde ha produsert dette sjølv, seier han.

Gunstein Aukland, Hydra

Gunstein Aukland er kaptein på ferja som går over fjorden inst i Ryfylke. Han meiner Noreg burde ha klart å forsyna ferja med hydrogen.

Foto: Olav Røli / NRK

Vestre: Ein stor dag for verda

Allereie i 2019 skreiv NRK ein artikkel om trailerane som skulle gå frå Tyskland til Noreg med flytande hydrogen til «Hydra».

Sidan den gong har fleire hydrogenfabrikkar opna i Noreg.

No er det til saman fem fabrikkar i drift.

Selskapet Hyds har mellom anna anlegg på Stord i Vestland.

Og 8. februar opna dei ny fabrikk på Eigerøya i Rogaland, med næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) til stades.

Hydrogen er det første grunnstoffet som oppsto etter The Big Bang. Det er det vanligste grunnstoffet i universet, og også her på Jorda - gjerne i en eller annen forbindelse med andre grunnstoffer. 
Hva slags egenskaper har hydrogen, og hvor viktig er det og har det vært for oss mennesker gjennom historien?
Serien ''Grunnstoffer vi omgir oss med'' handler om de grunnstoffene som betyr mest for oss mennesker, både historisk og naturfaglig.

Nyttig og eksplosjonsfarleg. Hydrogen er eit av dei mest vanlege grunnstoffa i verda.

– Ein stor dag for Egersund, ein stor dag for Rogaland, ein stor dag for Noreg, og ein stor dag for verda. Her ser me det grøne skiftet i praksis, sa Vestre til NRK under opninga.

Frå Eigerøya til Hjelmeland er avstanden 145 kilometer.

Men heller ikkje denne gongen vert det produsert til ferja i same fylke.

Eigerøy i Eigersund kommune er først ut av tre øyer i Europa som har åpnet en hydrogenfabrikk.

8. februar opna ny hydrogenfabrikk på Eigerøya i Rogaland. No er det fem slike i drift i Noreg.

Foto: Philip Kollstrøm / NRK

Hydrogen-sjef: Etterspurnaden er for liten

Administrerande direktør i Hyds, Tor Henrik Hagen, er klar på kvifor:

Investeringa er for stor, marknaden for liten.

– Men om me kan skalera opp og få litt større ferjer, så kan me byggja anlegg for flytande hydrogen i Noreg, seier han.

Selskapet Linde, som produserer flytande hydrogen i Tyskland, skriv til NRK at dei ser på moglegheita for lokal produksjon i Noreg.

Generalsekretær Ingebjørg Telnes Wilhelmsen i Norsk Hydrogenforum er samd i at frakt av hydrogen frå Tyskland til Noreg ikkje er «ei ideell løysing.»

I alt 59 anlegg for hydrogenproduksjon er under planlegging i Noreg.

Berre i Vestland fylke er det planlagt anlegg i både Svelgen, Odda, Skipavik, Høyanger og Florø.

I tillegg er det planlagt ein stor hydrogenfabrikk på anten Kollsnes eller Mongstad, ifølgje BA.

– Så om ikkje altfor lenge vil Noreg kunne produsera hydrogen til «Hydra», trur ho.

Men dette krev at myndigheitene kjem på banen og gjer det dyrare å forureina, meiner Telnes Wilhelmsen.

– Skal me nå klimamåla innan 2030 er me heilt avhengig av å ta i bruk hydrogen, meiner ho.

Statssekretær Astrid Bergmål (Ap) i Energidepartementet meiner regjeringa satsar på hydrogen. (Sjå heile svaret lenger nede i teksten)

Det finst ei rekkje moglege løysingar for å kutta utsleppa innan transport, for eksempel biodrivstoff, elektrisitet, hydrogen og e-fuel. Regjeringa ønskjer at ulike løysingar skal prøvast ut.

Naturvernforbundet: Må ikkje skapa ein kunstig marknad

Bransjeorganisasjonen meiner myndigheitene i for stor grad har stolt på elektrifisering, og at dette har ført andre drivstoff til skip i bakleksa.

– Me har sett ein enorm elbilsuksess, og det er bra. Men no skal me ta dei store klimagasskutta innan skipsfart, kraftkrevjande industri, og tungtransport. Då må me over på hydrogen, meiner generalsekretæren.

Fagsjef Holger Schlaupitz i Naturvernforbundet åtvarar på si side mot hydrogen.

Dei meiner det er for energikrevjande å framstilla.

Og at elektrisitet og biogass er betre løysingar for å kutta utslepp i skipstrafikken.

Rasmus Mjølsnes, tek ferja over til Nesvik.

Rasmus Mjølsnes er med på ferja som går på hydrogen. Og meiner det er riktig at ein tek grep for å kutta klimagassutslepp. Men er litt i tvil om miljørekneskapen når hydrogenet kjem frå Tyskland.

Foto: Olav Røli / NRK

– Hydrogen må berre verta teken i bruk på samband der batteri eller biogass ikkje er tilgjengeleg. Det er ikkje bra om me skapar ein kunstig høg etterspurnad etter hydrogen, seier Schlaupitz.

Hei!

Har du tankar etter å ha lese denne saka, eller ynskjer du å tipsa oss om liknande eller andre saker? Send meg ein e-post.