Hopp til innhold

Nå er Hydra over på hydrogen

I 10-tida blir ferja MF "Hydra" sett inn i rutetrafikk mellom Hjelmeland og Nesvik. Det er første gong ei norsk ferje er i rutetrafikk med flytande hydrogen i drivstoff-tankane. Ferja Hydra blei sett i rute alt i 2021, men gjekk då på batteri. Reiarlaget Norled har leia prosjektet, og seier i dag at nå har dei bana veg for at andre skip, slik som cruisebåtar og kysttrafikk også kan gå på hydrogen.

Ferja MF Hydra ved kai på Hjelmeland
Foto: NRK